2008.mai. Betel. Jesus vil gje meg eit rikare liv.

Ver opne, lukk opp hjertet i dag. Eg har talt til dykk på nytt igjen og minna dykk om kor viktig det er at de søker inn til meg. Kor viktig det er at min Heilage Ande får tale, at du tek deg tid til ålytte. Du lytter påsåmykje, du filtrerer bort såmykje. Men du gløymer ålytte til kva eg seier gjennom mi Heilage Ande. Derfor såhar eg minna dykk om kor viktig det er, kor viktig treeinigheta er, at de ikkje gløymer den Heilage Ande.

Du har lenge nok vore redd for åpåkalle meg, du har lenge nok vore redd for kva den Heilage Ande kan gjere i ditt liv. Men du skal ikkje vere redd, du skal vere fylt av ein jubel, du skal vere fylt av ein fred, vere fylt av ei glede, at eg vil tale til deg, at eg vil gjere ditt liv rikare. Bruk den Heilage Ande, la den Heilage Ande komme som ein vind. Påsame måten som det kom som ein eld påpinsedag, slik ynskjer eg at min Heilage Ande skal komme som ein eld i mi forsamling i dag. At det verkeleg skal vere ei fornying, ei vekking, ei opptenning, at de skal verte sett i brand pånytt. Søk meg, bekjenn syndene, be om tilgjeving. Eg ynskjer åreinse deg, eg har reinsa deg, ta imot reinsinga.

Du har lenge nok gått med eit ynskje om eit rikare liv saman med meg. Eg ynskjer ågi deg eit rikt liv, men det er du som har avgrensa det. Stopp og slutt åavgrens meg, lukk opp, slepp meg til, søk meg, søk mitt ord, min Heilage Ande –ynskjer berre å-  åforklare ordet, åvise deg hemmeligheten i det ordet som du tek til deg. Den maten som du leser. Søk Ordet og min Heilage Ande gjev deg det rike liv som du har lengta etter.

Betel Volda, andre pinsedag, måndag 12.5.08.

Det vart helde foredrag om humanisme kontra jødedom og kristendom.

Etter tala kom der ein profetisk bodskap ved Tore Svendsen:

Eg fekk ikkje spelt inn byrjinga, men det var noko om av vi måtrenge djupare inn i Guds ord.

Mp3: opptak: Eg ynskjer berre å ha opp rullegardina for dykk, slik at de verkeleg skal få eit slikt rikt liv som eg ynskjer at de skal ha. Ver ikkje engstelege, ver ikkje redde. Nei, ver frimodige. Lukk opp. Eg ynskjer berre å få reinsa ut, inga synd er for stor, inga synd er for lita. Nei, eg ynskjer berre å reinse ut alt. Slik at ditt liv skal få lov til å blomstre. Slik at du skal få vere min forlenga arm, slik at du skal vere i stand til å gå ut og fortelje om det eg har gjort, om det eg har gitt dykk, om mitt ord. Eg ynskjer å skape ei større avhengighet mellom meg og deg. Vegen oppad til meg, den er fri. Du må ikkje blokkere den. Nei, eg vil berre reinse den. Kom til meg, ja berre kom, seier Herren. Eg elskar deg. Eg ynskjer det beste for deg. Eg ynskjer at min kjærleik skal få lov til å strøyme gjennom deg og ut til dei som er rundt omkring deg. Kvifor begrenser du min kjærleik. Den sanne kjærleiken.

Betel Volda, 18.5.08.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2008. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s