2007.10.07. Ebeneser. Sjå kva draumar og visjonar Jesus har lagt ned i mitt hjerte.

Jesus sa til oss:

Du skal aldri betvile kva eg kan gjere gjennom deg, du skal aldri stille spørsmålsteikn, når du trur eg kan gjere noko stort gjennom deg, …. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på dine eigne begrensingar, di eiga svakhet, men sjå på kva eg har sagt til deg. Sjå på kva draumar og visjonar eg har lagt ned i ditt hjerte. Sjå ikkje på det som skjer rundt deg, men sjå på kva eg har sagt til deg. Og sjå på mi kraft og mi evne til å skape forandring. Eg har tatt bolig i deg med mi ånd, det er forskjellen. Då treng du ikkje lenger å sjå til deg sjølv og dine eigne gåve og dine eigne muligheter, for dei vil alltid ende opp med å bli begrensningar. Du får sjå på kva eg kan gjere gjennom deg. Eg har tatt bolig i deg, eg bor i deg, enten du er prest, eller pastor, evangelist eller sjukepleier, uansett kva slags funksjon du har i kvardagen, så har eg tatt bolig i deg. Og mi Ånd, der er ingen begrensningar, for eg er din Far, og eg er din Herre.

Ebeneser Volda, søndag 7.10.07. kl19

Ein mann kom med denne bodskapen frå Gud:

Dokke er samla her no for at eg har gitt dokke nåde til å vere innfor mitt åsyn.  De er samla her no for at de skal bruke tid i lag med meg og eg vil tale til dokke. Legg vekk dokka eigne tanka og legg vekk dokka eigne bekymringar. Legg det over på meg, så skal eg ta det, og så skal du få bruke tid innfor meg no og bli styrka, bli grunnfesta, få kraft til det livet du lever. Eg vil vere din Herre og eg vil vere din Gud og då må eg få forme deg, då må eg få snakke med deg og ha samfunn med deg. Eg elskar deg og eg har kjøpt deg fri. Bruk den nådestunda du har no i lag med meg. Tilbe mitt namn, ver innfor meg og merk at eg tek det som tynger deg, at eg styrker deg, eg gir deg kraft til dagen i dag og til dagen i morgon.

Deretter bad han denne bøna:

Kjære Jesus eg ber om at du no må la oss vere eitt i din Ånd, Herre. Må du ta våre hjerter og knuse dei. Må du røre ved oss, Herre, må ditt ord ta bustad i oss på nytt og på nytt, slik at vi kan verte forma av deg, Jesus, sånn at dine tankar kan bli våre tankar, slik at ditt sinn kan bli vårt sinn, Herre. Slik at vi kan leve med det hjertet du har for … slik at vi kan forstå kven vi er i deg, Far. Du har så …. mykje å gi oss Far. Må du gi oss opne øyre no, må du gi oss å forstå ditt ord. Herre. Vi ber om det i ditt namn.

Bodskap frå Gud:

De har høyrt i kveld at dokke er nye skapningar i meg. At dokke har blitt adskilt ifrå det som dokke før var, dokke har blitt noko nytt, dokke har blitt født på nytt. Når dokke tvila på at dokke kan vere av betydning for mitt rike, når dokke føler dokke fattige i dokke sjølve, når dokke føler at dokkar eige vitnesbyrd er svakt, når dokke føler at dokke ikkje får det til, så skal dokke løfte blikket dokkar og sjå på meg, sjå på Jesus, sjå på det som eg har fått til for dokke. Sjå på det at eg har tatt alt det som du har gjort, alt det som du gjere, og som du kjem til å gjere og som du skammar deg over, eg har tatt det og kasta det så langt vekk som aust er ifrå vest. Fordi eg elskar deg.

Du skal aldri betvile kva eg kan gjere gjennom deg, du skal aldri stille spørsmålsteikn, når du trur eg kan gjere noko stort gjennom deg, men så trur du eigentleg ikkje likevel. Sjå på Moses, sjå på Israelsfolket, eg talte til Moses om at han skulle gjere noko stort, han skulle føre mitt folk ut av slaveriet. Den første gongen, når farao sa nei, så begynnte mitt folk å murre og sei til Moses: dette her er umulig. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på dine eigne begrensingar, di eiga svakhet, men sjå på kva eg har sagt til deg. Sjå på kva draumar og visjonar eg har lagt ned i ditt hjerte. Sjå ikkje på det som skjer rundt deg, men sjå på kva eg har sagt til deg. Og sjå på mi kraft og mi evne til å skape forandring. Eg har tatt bolig i deg med mi ånd, det er forskjellen. Då treng du ikkje lenger å sjå til deg sjølv og dine eigne gåve og dine eigne muligheter, for dei vil alltid ende opp med å bli begrensningar. Du får sjå på kva eg kan gjere gjennom deg. Eg har tatt bolig i deg, eg bor i deg, enten du er prest, eller pastor, evangelist eller sjukepleier, uansett kva slags funksjon du har i kvardagen, så har eg tatt bolig i deg. Og mi Ånd, der er ingen begrensningar, for eg er din Far, og eg er din Herre. Bruk tid i lag med meg. Må du aldri slutte å søke mitt åsyn, må du aldri slutte å la lovsongen i ditt hjerte komme fram til meg, for eg vil ha fellesskap med deg. Amen.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2005-07. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s