2011.12.11.Maranata. Dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom.

Jesus sa til oss:

Sjå mitt auge, det fer over den ganske jord for at eg med mi kraft kan støtte den som har hjertet sitt heilt med meg. …. Eg har sagt i mitt Ord at de skal ikkje sjå dykk engstelege om, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, sjå ikkje på menneske og vert forvirra. Men sjå opp til meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. For sjå, det er frå meg du skal få hjelpa, seier Herren. Rekn ikkje med noko menneske, men du skal rekne med meg, seier Herren, og ha tru til meg. Og då vert du ikkje skuffa, for eg har sagt i mitt Ord at den som set si lit til meg, han kjem ikkje på nokon måte på skam.

 

Nattverd, bønn- og vitne-møte[1].

Nattverd.

Han som fungerer som leiar for eldsterådet forretta nattverden.

Vitnemål.

Presten OKB hadde ei lita tale over

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

Og så var kvinnene i menigheita svært aktive igjen med å vitne. Ei las ifrå det gamle testamentet, ei las om den frelsa som skal openberrast i siste tid og ei anna las om at han som byrja den gode gjerning i oss også skal fullføra den.

1PE 1,3 – 1PE 1,5 {EI LEVANDE VON} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

 

Mi bønn.

Eg var mest oppteke av det som Herren hadde talt til meg førre gang, å åpne mitt hjerte for han og ta imot det som han ville gi meg. Eg hadde tenkt på litt forskjellig som eg godt kunne seie, men hadde vanskeleg for å bestemme meg for noko. To gangar var eg på nippen til å gå fram, men begge gongane kom der bodskap gjennom tungetale, så eg konkluderte med at det var Herren som talte i staden for at eg skulle seie noko.

 

Tyding av tungetale.

 

Fyrst var det ei kvinne som talte i tunger og ein mann som stod på talarstolen tyda det:

Bodskap 1A:

Eg ser alle som søker meg, seier Herren. Eg ser deg der du er og det du ber for. Eg vil komme til deg og du skal få erfare det du ber meg om, seier Herren. Du skal få sjå at eg er med deg, eg vil støtte deg, eg vil oppmuntre deg. Eg vil bere deg på mine hender og du skal få kjenne det, at det du har lagt ned, seier Herren, det du har lagt ned i bønn, du skal få sjå, at det bryt laust sterkare enn det du har bedt om, seier Herren.

Bodskap 1 B:

For mine lovnadar er sanne, seier Herren, det er sant det som eg har sagt i mitt Ord, mitt ord er sant. Og eg står bak mitt Ord, seier Herren, ….. med all mi kraft. Og eg seier deg at dersom du trur, så skal du få sjå Guds herlegdom. Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom. Og du skal kjenne det, seier Herren, at eg er med deg, eg støtter deg, eg har behag i deg og eg skal føre deg fram, frå siger til siger, steg for steg, verda er ikkje alltid (med deg)?, men eg er med deg, herifrå og til verdens ende, seier Herren, amen.

 

Seinare i møtet kom Mari med tungetale og ein mann (J. Miland) tyda det:

Bodskap 2 A:

Ja, seier Herren, då eg kom til denne verda, så kom eg for å søke og frelse det som var fortapt. Og sjå, eg er den same i dag. Sjå mitt auge, det fer over den ganske jord for at eg med mi kraft kan støtte den som har hjertet sitt heilt med meg. Eg ser etter om der er nokon som søker meg og sjå, dei skal finne meg, seier Herren. Dei skal ikkje verte skuffa, men eg skal møte dei og sette dei fri, seier Herren. For sjå, eg har kome for å løyse dei bundne og sette dei plaga i fridom, eg veit om deg, seier Herren, du som er bunden, du som er plaga, du som er driven av dine eigne lyster, sjå, seier Herren, eg ynskjer at du skal komme til meg og eg skal sette deg fri, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg legg ein ny song i din munn, ein lovsong til meg.

 

Bodskap 2 B:

Eg har sagt i mitt Ord at de skal ikkje sjå dykk engstelege om, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, sjå ikkje på menneske og vert forvirra. Men sjå opp til meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. For sjå, det er frå meg du skal få hjelpa, seier Herren. Rekn ikkje med noko menneske, men du skal rekne med meg, seier Herren, og ha tru til meg. Og då vert du ikkje skuffa, for eg har sagt i mitt Ord at den som set si lit til meg, han kjem ikkje på nokon måte på skam. Amen.

 

 

[1] Presten OKB sette seg ved sida av meg. Eg vart kjend med han i gymnastida, han vart prest i heime-kommuna mi, men han vart dømd for incest, noko som han hevdar var eit justismord. Der var også ein forholdsvis ung mann som eg har snakka litt med tidlegare og som fortalde meg at han var homofil, men han praktiserte det ikkje.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2011. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s