2011.12.04. Maranata. Forherd ikkje ditt hjerte.

Jesus sa til deg: Å, i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Sjå, eg står for døra og bankar på ditt hjerte. Omvend deg og ta imot mi frelse.

Innleiing.

Det var ei kvinne som leia møtet og i byrjinga av møtet var det ei kvinne som vitna og talte om lovsongen i vårt hjerte. Sidan var det eit par, tre kvinner til som vitna.

Tale.

Merete Dahle Houthuyzen talte over Paulus sine ord om at han kom ikkje med visdom tale, etter det som menneska heldt for å vere visdom på den tida, eller med meisterskap i ord, men han kom med Guds kraft, så vår tru ikkje skal vere grunna på menneskeleg visdom men på Guds kraft. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

Lovsong.

I slutten av møtet var der 5-6 kvinner som var framme og leia lovsongen, det var ein herleg lovsong der dei lovpriste Jesus for frelsa.

Mi bønn.

Eg sat og hadde av hjertet ein lengsel etter at ho som Gud gjev meg til kone, ho ”Miss Oslo 1990” skulle vere i dette koret, det var mitt hjertes bønn til Gud (Tilleggskommentar 8.8.2012: Dette er ei forenkling av korleis eg tenker, vel, til tider har eg vel tenkt så enkelt også, men her trengst ei presisering, sjå fotnoten[1]. Men det som er så enkelt, det er å takke og lovprise Gud som har skapt ei så vakker jente og takke og lovprise Gud og Lammet for det fullførde frelsesverket, det er fullført for meg og det er fullført for henne).

Tyding av tungetale.

Etter denne songen kom ei av desse kvinnene med tungetale og ei anna av dei tyda det:

Å, Herre, eg ynskjer meir av deg, eg vil sjå opp til deg, du som har kjøpt meg med – med ditt dyrebare blod. Eg vil bli – og du ser mitt hjerte, Herre, at du har reinsa meg i ditt dyrebare blod. Og du er min frelsar og eg vil sjå deg, eg vil ha meir av deg og du skal få meir av meg. – Å, i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Sjå, eg står for døra og bankar på ditt hjerte. Omvend deg og ta imot mi frelse. Amen[2].

 

[1] Tilleggskomentar 7.8.2016, til møtet i Maranata 30.9.2011: Eg hadde nyleg vitna om trua som ei nådegåve og ein visjon som Gud gav meg. Eg har vitna, skrive og fortalt, om korleis eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og eg trur han frelste henne inn i eit kjærleiksforhold til seg, som hans brud. Det er visjonen som eg trur på og som eg går på. Sjølv om eg skriv at eg trur han gjev meg henne til kone, så tenker eg meir slik at eg trur han gjev meg ei slik kvinne til kone, ei som Jesus har frelst inn i eit slikt kjærleiksforhold til seg.

Jesus seier til meg at i han skal eg få kjenne at eg ingen ting skal mangle, så eg skal heller ikkje mangle ei kone, ho er sentral i alt det andre som eg ikkje skal mangle. Eg kan frimodig løfte mitt hovud og kjenne at den han set fri vert verkeleg fri. Det er ein frigjerande bodskap til henne som han gjev meg til kone også, ho vert fri til å komme på møte i kyrkjelyden og fungere som ein lem på Jesu lekam og vere saman med meg som kona mi.

Ho ”Miss Oslo 1990” studerte biologi og med denne visjonen har Jesus sidan leia meg til å studere biologi.

[2] Tilleggskommentar 8.8.2016. Dette er litt underleg. Eg trur det var den Heilage Ande som hjelpte henne ”Virtuella” med hennar takkebøn, sjølv om ho ikkje var der fysisk til stades. Og så svarar Herren henne slik.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2011. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s