2011.06.19.Maranata. Legge det gamle bak og gå mot det nye.

Jesus sa til meg:

Ingen må sjå seg tilbake, ingen må ut i det som var, ingen må tenke på det som var. Eg, Herren, eg ynskjer å vere alt for den som har kome til tru på meg. Det som var, det har eg kasta i gløymingas veldige hav. Alt kva som låg i det gamle, det har eg lete vere under straumar av blod. Derfor ver frimodig, sjå oppover. Sjå framover.

Innleiing.

Ein mann (J.M) opna møtet med å tale om Peter som gjekk på vatnet.

Etter nokre songar fekk vi ei innleiing til ved ein mann som leste Jesu ord om å be, så skal du få.

MTT 7,7 – MTT 7,11 {BED, SÅ SKAL DE FÅ!} Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate. 9   Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

 

Tale.

 

Etter nokre songar talte Tore Kristiansen over teksta

2MO 14,13 – 2MO 14,14 Då sa Moses til folket: “Ver ikkje redde! Stå berre fast, så skal de få sjå korleis Herren hjelper dykk i dag! For så som de ser egyptarane i dag, skal de aldri sjå dei meir. 14 Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.”

 

Han la ut om korleis jødane strauk blodet på dørkarmane, egyptarane gav dei gåver på ferda, noko som tydde på at dei ikkje var fattige slavar lenger, Gud fridde dei frå trældomen under gudane i Egypt. Men når dei var vel av garde skifte Faraos hug og han sette etter dei med hærane sine. Jødane vart redde, men så sa Moses at Herren skulle stride for dei og så brukte han hyrdestaven til å gjere under igjen og opna sjøen så dei kunne gå over på turre botnen. Herrens engel gjekkframføre dei og så gjekk han bak dei, skystolpen som var foran dei flytte seg bak dei, så egyptarhæren ikkje kom innåt israelshæren.

 

Tyding av tungetale.

 

I slutten av møtet kom der tungetale ved ein mann og Tore Kristiansen tyda det:

Del 1.

Ingen må sjå seg tilbake, ingen må ut i det som var, ingen må tenke på det som var. Eg, Herren, eg ynskjer å vere alt for den som har kome til tru på meg. Det som var, det har eg kasta i gløymingas veldige hav. Alt kva som låg i det gamle, det har eg lete vere under straumar av blod. Derfor ver frimodig, sjå oppover. Sjå framover. Sjå på mitt blod som reinsar frå all synd, sjå på dei sår, i dei du har fått lækjedom. Om du vert trøtt på ferda, så vert fylt av min Heilage Ande. Vert fylt av den kraft som gjer livet til ein leik.

Del 2.

Når min Heilage Ande fyller di ånd, då skal du kjenne at det å vandre med meg, det er komplett, det å leve saman med meg, det er å vere i det strålande lyset, som vert lysare og lysare inntil dagen bryt fram, og morgonstjerna går opp i ditt hjerte og du får sjå meg åsyn til åsyn, og du skal verte forvandla og eg skal vere alt for deg for evig.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2011. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s