2011.06.13.M. No er stordomstida til Jesu kyrkje.

 Møte i Maranata 2.pinsedag, måndag 13.6.11.

Jesus sa til meg:

Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 som enno ikkje har bøygt kne (Elia i fjellhola, 1.Kg.19.9-18). Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra.

 

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

 

Del1:

Om du av og til kjenner einsemd, om du av og til føler deg aleine, så sa eg til min tener då han følte seg nedfor, gløymd og aleine, ver frimodig, framleis finst der 10000 som enno ikkje har bøygt kne. Og det skal du vite mitt barn, den skare omkring deg som framleis lever i tro, er fylt av den Hellige Ånd. Tel? Tusenar på tusenar, tel? millionar, du er ikkje åleine, men det er millionar av andre som strider den same trua sin strid, som kjemper den same åndelege kamp, derfor løft ditt blikk opp på vitneskaren, den skya som er (over?) den ganske jord, så skal du kjenne at du blir oppmuntra. Så skal du føle at du ikkje står åleine, men du skal snu deg rundt og så skal du høyre lyden av mange røster som priser mitt namn. Men du må få dine augne opp så du får sjå det. Du på få ditt øre opplatt, så du får høre det. Og da er eg den som bor i ditt indre øye, og eg er den som … så du kan høyre …. At du er ikkje åleine.

 

Del2:

Aldri har mi kyrkje talt så mange, aldri har den vore så stor. Aldri har det skjedd så mye under og frelsesteikn som i disse tider. Og det fortel at eg er nær, eg kjem snart, byrjinga var fantastisk, men enden og avslutninga skal overgå alt det som har vore. Og eg skal føre mi kyrkje (heim?) i stor triumf. Da skal verda få kjenne og vite at det har vore nokon der nede som har bremsa opp. Då skal dei få sanne og erfare at når mi kyrkje flyttar høgare opp, då skal denne verda gå gjennom den eine trengsel etter den andre. Derfor mitt barn, ver frimodig, for aldri nokon gong har det skjett så mykje som gjev mitt namn ære. Halleluja.

 

Tore Kristiansen talte.

 

Han las ifrå 2.Tess.2 om den Lovlause og sa at det var Kristi kyrkje som heldt igjen, når den verte teken bort, så vil den Lovlause syne seg.

 

Kommentar.

Men vi merkar den Lovlause allereie no. For det står då skrive at fråfallet, då den Lovlause set seg i Guds tempel, må komme før Jesu gjenkomme. (Op.13). Denne bodskapen stadfester at Jesu kyrkje har helde igjen, den har bremsa og det vil merkast når den vert teken bort. (Op.14). Då skal verda gå gjennom den eine trengselen etter den andre. (Op.15-19).

 

Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

 

B.Del1:

Mi sterke hand kan løfte den mest håplause, den er lang og den rekker ned til det djupaste. Derfor skal du ikkje tru at ikkje eg kan nå deg, men eg kan nå deg. Uansett kvar du befinn deg i verda, uansett kor bunden Satan har bunde deg med sine band, eg kan løyse deg og setje deg fri. Eg, Jesus har så det merkast, eg har et blod som har rent ifra mine sår til dine synders forlating. Og det er betaling nok, i det er det soning nok, det er nok for heile verda si synd. Uansett kva du meiner og føler og vert anfekta med. Min nåde er nok for deg. Og mitt blod er meir enn nok for deg. Og kva som er nok for deg, det skal du få kjenne krafta av. Når du legg di svake hand i mi, så skal du få kjenne eg dreg deg opp.

 

B.Del 2:

Det er mange som har tenkt, om (enn) ikkje ein glad (tanke?). … …. forlating. Men eg, Herren, eg kan gjøre alle ting nye. Eg kan forandre ting, vi begynner igjen, vi begynner på nytt og så drar eg deg opp og så trykker eg deg til mitt hjerte og så gjer eg deg til det som eg ynskjer å lede deg til. Vi begynner om igjen og så vil eg danne deg igjen til eit kar til ære. Og så forkynner eg deg min herlegdom. Fortvil ikkje. Uansett. Eg, Herren er den same og for meg er ingenting for vanskeleg. Eg gjer noko nytt der som alt er blitt borte.

 

Profetisk bodskap ved ei kvinne:

…. Søker inn til sin(?) Faders hjerte. … den Hellige Ånd over den som søker meg, seier Herren. Eg er Herren, eg er den første og den siste. Eg er alfa og omega. Eg er Herren, din lækjar.

 

AKTUELLE BIBELVERS.

 

 

1KG 19,1 – 1KG 19,18 {ELIA PÅ HOREB} Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. 2 Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: “Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.” 3 Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att, 4 og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. “No er det nok,” sa han, “ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.” [gyvelbusk: busk som veks i øydemarka, og gjev ring skugge av di han er bladlaus. Beduinane lagar kol av han (Sal 120, 4) og et røtene (Job 30, 4).] 5   Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: “Stå opp og et!” 6 Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. 7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: “Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.” 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. 9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta. Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: “Kva vil du her, Elia?” 10 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 11 Då sa Herren: “Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!” Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola. Då bar det imot han ei røyst som sa: “Kva vil du her, Elia?” 14 Han svara: “Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.” 15 Då sa Herren til han: “Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. [Abel-Mehola: -> Dom 7, 22.] 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.”

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2011. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s