2011.05.08.Maranata. Jesus har kjøpt meg fri med sitt eige blod.

Jesus sa til meg:

Eg har satt deg fri, eg har frigjort deg ifrå syndas og dødens lov. For det kan du takke meg, for det kan du juble. For det kan du attrå ei himmelsk glede. For det største her i verden, det er å få oppleve syndeforlating. Den beste rikdom du kan ha, det er å vedkjenne meg og å sjå den sanne rikdom, som er skjenka til alle menneske. ….. Og du skal få oppleve, … at du skal ikkje sakne noko eller mangle, men du skal få kjenne at: ”alle mine kjelder, dei har eg i deg”.

 

Innleiing.

Ei kvinne innleia møtet med å lese om det sanne vintreet. (Joh.15). Greina må vere i treet for å bere frukt, vi må vere i Jesus og hans kjærleik. Det vart opna for frie vitnemål og tre var fram og vitna, mellom dei var det også ei kvinne som talt om kjærleiken. (Joh.14).

 

Tale.

Tore Kristiansen talte og innleia med:

2KO 1,20 For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære.

Han talte vidare om Abraham som fekk lovnaden oppfylt. Om lovnaden om at kvinna skulle krase ormens hovud, som vi får oppfylt i Kristus.

 

Tyding av tungetale.

I slutten av møtet kom der tungetale ved ei kvinna som hadde vitna og Tore tyda det:

Eg har kjøpt deg fri, ikkje med sølv eller gull, men med mitt … blod[1]. Eg har satt deg fri, eg har frigjort deg ifrå syndas og dødens lov. For det kan du takke meg, for det kan du juble. For det kan du attrå ei himmelsk glede. For det største her i verden, det er å få oppleve syndeforlating. Den beste rikdom du kan ha, det er å vedkjenne meg og å sjå den sanne rikdom som er skjenka til alle menneske. Eg gjev deg i desse tider augesalve, så du kan opne dine auge og du får skode inn i den rikdomen som eg, Herren, har leia deg inni. Du ser det ikkje så klart i dag, men eg skal gi deg meir og meir opna auge, så du kan skode inn i både fridomens lov og inn i rikdommen og inn i herlegdomen. Og du skal få oppleve, når du blir … at du skal ikkje sakne noko eller mangle, men du skal få kjenne at: ”alle mine kjelder, dei har eg i deg”.

Vend ditt blikk oppover. Du er oppreist med meg, då skal du skode opp og forvente det som er der oppe. Og når du møter mitt blikk, som er all godleiks givar, så skal du få kjenne at eg skal ause mi velsigning over deg i rikeleg mål. Og du skal få oppleve at ditt hjerte skal tennast og det skal byrje å brenne for meg. Og elden skal flamme i ditt hjerte og det skal bli varme der inne. Og når flammen og varmen og lyset byrjar å ta overtaket i ditt hjerte, då skal du verte eit vitne for meg og din tunge skal få lov til å fortelje om mine dygder. Og du skal kjenne ei trong til å (bringe ut den herlege bodskap til både dine naboar og til dei du møter på din arbeidsplass)? Og dei skal merke den herlegdom som har gått opp over deg, fordi du har opna ditt hjerte og du skal skode inn i min herlegdom. – Halleluja.

 

[1] Denne første setninga kom ikkje heilt med på opptaket og var noko utydeleg, den er ikkje ordrett gjengjeven.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2011. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s