2012.10.27&12.09.Maranata. Jesus har omsorg for oss.

Jesus sa til oss: ” Kom til meg og du skal få kjenne eg gjer alle ting nye. … For eg Herren, eg kjem igjen og eg kjem igjen og eg kjem igjen, eg gjev ikkje opp mine henders gjerningar, nei, eg kjem tilbake til mi menighet, og eg løfter den opp, for å gje den eit ærefullt sete. For eg er Herren, din Gud, den Allmektige, som gjer kva eg vil.”

 

Tjuven er komen for å stele, slakte og øyde. Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Maranata 27.10.2012.

 

Tale ved Tore Kristiansen.

 

Tore innleia med å seie at det var eitt vers som hadde ringt for øyro hans sidan i går og det var det kjende verset Joh.10,10:

JOH 10,10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Han som kjem for å stele, slakte og øyde, det er Djevelen. Så fortalde han om menneske som døde så altfor tidleg og meinte det var Djevelens verk, men Jesus var komen for å gjere Guds gjerning og han vekte dei opp frå dei døde. Han vekte opp dotter til synagogeforstandaren Jairus (Matt.9,18-26) og han vekte opp Lasarus (Joh.11,1-44). Så fortalde han om kvinna som hadde hatt fire menn, så synda hadde øydelagt livet hennar, men Jesus gav henne livsens vatn som gav henne evig liv. (Joh.4,1-42). Han fortalde om læresveinane som følgde Jesus, dei hadde fått Anden og livet og var frelst, men ved dåpen med den Heilage Ande på pinsedag, så fekk dei overflod. Og Peter kom til Kornelius’ hus og forkynte evangeliet for heidningane, så dei vart frelst ved trua på Kristus og vart døpte med den Heilage Ande, dei fekk liv og overflod.

Stå den vonde imot, faste i trua. Møte i Maranata 9.12.12.

 

Innleiing ved John Miland.

 

John las frå Salme 105.

SLM 105,4 Spør etter Herren og hans makt, søk alltid hans åsyn!

Så fortalde han om ein predikant som var ute og køyrde bil og så sa Gud til han at han skulle stoppe, gå ut i skogen og synge ein salme. Det var så merkeleg, men han fekk beskjeden fleire gongar, så han parkerte bilen og gjekk ut i skogen og song salmen. (John fortalde det på eit møte litt tidlegare også og eg har høyrt om det før også). Nokre år etter fortalde han om dette uforståelege oppdraget og då var der ein mann som kunne fortelje at då han song denne salmen, så redda han livet hans, for han hadde gått ut i skogen for å henge seg, men då han høyrde denne salmen, fekk han livsmotet tilbake og ombestemmte seg.

Det som betyr noko er å gjere det som Herren kallar deg til og som den Heilage Ande driv deg til, sjølv om det kan verke lite og ubetydeleg, ja, endåtil meiningslaust for vanlege menneske, så er det likevel det som bygger Guds rike og vert ståande. Dersom menneske i staden gjere ei heil masse og vert ”gjerarar” etter eige initiativ, så duger det likevel ikkje, det er dømt til å misslukkast.

 

Tale ved Tore Kristiansen.

 

1PE 5,8 – 1PE 5,9 Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa. 9 Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar.

 

EFE 6,10 – EFE 6,13 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande.

 

HAB 3,13 – HAB 3,19 Du dreg ut for å frelsa ditt folk, for å frelsa han du har salva. Du knuser taket på huset åt den gudlause, legg grunnvollen berr heilt ned på fjellet. `Sela’ 14 Du renner spydet gjennom hovudet på hans hovdingar, dei stormar fram, vil driva meg bort, og gleder seg som om dei i løynd skulle gjera ende på ein stakkar. 15 Med hestane dine fer du over havet, der veldige brenningar brusar. 16 Eg høyrde det, då skalv min kropp, og lippene bivra ved lyden. Det kom verk i mine lemer, under meg skalv mine føter. Roleg ventar eg på trengselsdagen, at han skal koma over det folket som plyndrar oss. 17 For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18 Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19 Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel.

 

Tala handla om korleis fienden prøver å få makta i kyrkja og samfunnet med vranglære og umoral, men vi skal stå han imot, faste i trua. Han fortalde til dømes om ei kyrkje med homofile ekteskap mellom menn, dei utgjorde eit kor, der eine halva var kledd som brudgommar og den andre stod kledde i brudekjolar. Og så var der ein likestillingsminister som siterte Paulus sine ord om at størst av alt er kjærleiken.

Så gjekk han imot teorien om denne urtids-suppa i havet der livet skulle ha oppstått tilfeldig.

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore Kristiansen:

 

Eg har lagt mi svake hand i di og eg kjenner den sterke handa di. Den held meg fast og den skal aldrig sleppe eller aldrig forlate meg. Derfor så opplever eg dag for dag at du er mi festning, du er mi sikre borg og mi tilflukt i vanskelege dagar og tider. Og når alle andre ikkje forstår, så forstår du og du kjenner meg frå di trone. Du ber omsorg for meg. Ja, seier Herren, eg ber omsorg for alle mine born, eg ber omsorg for den som har det vanskeleg. Derfor, om du kjenner motstand, om du har nederlag, kom til meg og eg skal hjelpe deg ut, kom til meg og eg skal løfte deg opp. Kom til meg og du skal få kjenne eg gjer alle ting nye.

Når du er skrøpeleg og du kjenner du ikkje duger til noko, men du held fast ved mitt ord, då skal mi kraft openberra seg i din skrøpelegdom. Om du kjenner at du går nedover, så skal eg Herren komme og hente deg inn igjen. Og eg skal løfte deg oppover og du skal få oppleve at sola som du trudde var gått ned, den skal igjen begynne å skine på deg, den skal begynne å stråle på deg. Og gleda som du trudde var borte, eg kallar den tilbake. Og gjev deg meir enn du før har hatt. For eg Herren, eg kjem igjen og eg kjem igjen og eg kjem igjen, eg gjev ikkje opp mine henders gjerningar, nei, eg kjem tilbake til mi menighet, og eg løfter den opp, for å gje den eit ærefullt sete. For eg er Herren, din Gud, den Allmektige, som gjer kva eg vil. Halleluja.

Aktuelle bibelvers.

 

GUDS HAND

SLM 20,7   No veit eg at Herren gjev siger til den han har salva, og svarar han frå sin heilage himmel; med si høgre hand gjer han storverk til frelse. [den Herren har salva: kongen i Israel. Sml. 2, 2.]

 

FESTNING.

SLM 144,2   Herre, mi miskunn og mi borg, mi festning og min bergingsmann, mitt skjold, som eg set mi lit til, du som legg folkeslag under meg!

 

BORG.

2SA 22,2 Han sa: Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar,

SLM 9,10   Herren er ei borg for dei trælka, ei borg i trengselstider.

SLM 18,3   Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar, min Gud, mitt fjell, som eg flyr til, mitt skjold, mitt frelsehorn og mitt vern. [mitt frelsehorn: mitt sterke vern.]

SLM 31,4   Du er då mitt berg og mi borg; for ditt namn skuld fører og leier du meg.

SLM 59,10   Eg vil akta på deg, min styrke; Gud er mi faste borg.

SLM 59,17   Men eg vil syngja om di makt og jubla kvar morgon over din truskap. For meg har du vorte ei borg, ei tilflukt den dag eg er i naud.

SLM 62,3   Einast han er mitt fjell og mi frelse; han er mi borg, eg skal ikkje rikkast.

SLM 71,3   Ver eit fjell som eg kan fly til, ei festning der eg finn frelse! For du er mitt berg og mi borg.

 

OMSUT.

SLM 40,18   Eg er hjelpelaus og fattig, men Herren har omsut for meg. Du er min hjelpar og bergingsmann; dryg ikkje lenger, min Gud!

 

1PE 5,7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.

 

GJER ALLE TING NYE.

ÅPE 21,5 – ÅPE 21,7   Då sa han som sit på kongsstolen: “Sjå, eg gjer alle ting nye!” Og han la til: “Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.” 6 Så sa han til meg: “Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.

 

KRAFT OPENBERRA I VANMAKT.

1KO 15,43 Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft.

2KO 4,6 – 2KO 4,7 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

2KO 12,9 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.

KOL 3,4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

 

GUDS SOL.

SLM 19,1 – SLM 19,11 {GUDS SOL OG GUDS LOV} Til korleiaren. Ein Davids-salme. 2   Himmelen forkynner Guds herlegdom, kvelven fortel kva hans hender har gjort. 3   Den eine dagen ber bod til den andre, ei natt gjev sin kunnskap til den neste. 4   Det er ikkje tale, det er ikkje ord, og inga røyst som kan høyrast. 5   Men bodskapen går over heile jorda og vitnemålet til heimsens ende.   Der har han reist eit telt for sola. [eit telt: bustaden åt sola bak himmelsynet. Sjå v. 7.] 6   Ho går som ein brudgom ut or sitt rom, glad som ein helt legg ho ut på si ferd. 7   Frå den eine himmelranda går ho ut og gjer sin rundgang til den andre; ingen ting er løynd for hennar hete. * 8   Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter. Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis. 9   Herrens føresegner er rette, dei gjev glede i hjarta. Herrens bodord er reint, det får augo til å stråla. 10   Agen for Herren er rein, han varer til evig tid. Herrens domar er sanne, rettferdige er dei alle. 11   Dei er kostelegare enn gull, enn fint gull i mengd, og søtare enn honning som dryp frå vokskakene.

MLK 4,2   Men for dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger. De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar når dei slepp or fjøset.

 

GJEV DEG MEIR ENN DU HAR HATT.

JBS 42,12   Sidan velsigna Herren Job endå meir enn før. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.

 

GUD GJEV IKKJE OPP SINE GJERNINGAR.

2TE 1,11   Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, fylla dykk med all vilje til det gode og med kraft fullføra hjå dykk dei gjerningar som kjem av tru.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

SLM 138,8   Herren vil fullføra verket for meg. Herre, di miskunn varer evig. Hald ikkje opp med det verk du gjer!

 

JESUS KJEM TILBAKE TIL SI KYRKJE.

EFE 1,22 – EFE 1,23 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

 

EIT ÆREFULLT SETE.

1SA 2,8   Han reiser småkårsfolk or støvet, lyfter den fattige or oska, sessar han saman med stormenn og gjev han eit ærefullt sete. For søylene under jorda høyrer Herren til, han bygde jorderiket på dei.

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2012. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s