2012.06.03.Maranata. Davids syndserkjenning.

Jesus sa til oss:

Ja, eg er her i kveld, seier Herren. Og eg har talt til ditt hjerte atter ein gang. Og eg vil at du skal vende deg bort ifrå synda, som du prøver å skjule for meg. Men du skal vite det, seier Herren, at alt er nake og bart for meg. Eg ser alle menneska sine born, også deira missgjerningar. Og det du skjuler, seier Herren, det vil du ein dag verte konfrontert med. Og sjå, i dag er frelsa sin dag, i dag er eg å finne. I dag kan du verte løyst og satt fri, seier Herren. Derfor vil du komme fram i lyset med det og vedkjenne innfor meg, så skal du få oppleve at eg er rettferdig, eg er trufast, eg er ein nådig Gud, eg er full av nåde, eg er full av miskunn, seier Herren.

Tale ved John Miland: David, Batseba og Uria.

John talte igjen om Davids synd, då han tok kona til Uria og fekk han drepen, om hans syndserkjenning og omvending.

 

2SA 11,26 – 2SA 11,27   Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho syrgjehøgtid over husbonden sin. 27 Men då syrgjetida var ute, sende David bod etter henne og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og han fekk ein son med henne. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens augo.

2SA 12,1 – 2SA 12,14 {DU ER MANNEN!} Så sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: “Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig. 2 Den rike hadde småfe og storfe i mengd; 3 den fattige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lam, som han hadde kjøpt og ale. Det voks til saman med borna hans, åt av maten hans, drakk av skåla hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han. 4 Ein dag kom det ein ferdamann til rikingen. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til åt ferdamannen som var komen til han. Han tok lammet som fattigmannen åtte, og laga det til åt gjesten.” 5   Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: “Så sant Herren lever: Den mannen som har gjort dette, skal døy! 6 Og lammet skal han betala firdobbelt, fordi han gjorde dette og ikkje synte medkjensle.” 7 Då sa Natan til David: “Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand. 8 Eg gav deg huset åt herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels- og Juda-riket. Og var ikkje det nok, ville eg ha lagt til både det eine og det andre. 9 Kvifor har så du vanvørdt Herrens ord og gjort det som vondt er i Herrens augo? Hetitten Uria har du drepe med sverd; du lét ammonittane drepa han. Og kona hans har du teke og gift deg med. 10 Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria. 11 Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen. 12 Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.” 13 Då sa David til Natan: “Eg har synda mot Herren.” Natan svara: “Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy. 14 Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.”

 

Han las også likninga om farisearen og tollaren:

 

LUK 18,9 – LUK 18,14 {FARISEAREN OG TOLLAREN} Til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga: 10   To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. 11 Farisearen stelte seg opp og bad såleis: “Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. 12 Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.” 13 Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: “Gud, ver meg syndaren nådig!” [slo seg for bringa: teikn på anger og bot.] 14   Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

 

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:

 

Ja, eg er her i kveld, seier Herren. Og eg har talt til ditt hjerte atter ein gang. Og eg vil at du skal vende deg bort ifrå synda, som du prøver å skjule for meg. Men du skal vite det, seier Herren, at alt er nake og bart for meg. Eg ser alle menneska sine born, også deira missgjerningar. Og det du skjuler, seier Herren, det vil du ein dag verte konfrontert med. Og sjå, i dag er frelsa sin dag, i dag er eg å finne. I dag kan du verte løyst og satt fri, seier Herren. Derfor vil du komme fram i lyset med det og vedkjenne innfor meg, så skal du få oppleve at eg er rettferdig, eg er trufast, eg er ein nådig Gud, eg er full av nåde, eg er full av miskunn, seier Herren.

Sjå, mi hand, den verkar i desse dagar, på mange, mange menneske. Og sjå, eg Herren, eg skal dra dei til mitt hus og eg skal la dei få høyre mitt ord, som dei kan verte frelst ved og få oppleve å verte sett fri, seier Herren. For sjå, eg har sagt i mitt ord, at når eg vert opphøgd, då vil eg dra alle til meg. Og sjå, de skal ikkje gjere anna enn å rope til meg og gå inn i dykkar løynkammer og søke meg, så skal eg løne dykk i det openberre, seier Herren. De skal verte forundra, seier Herren, når syndarar kjem, og dei vedkjenner sine synder og eg møter dei og eg set dei fri, seier Herren. For sjå, eg er då komen for å frelse syndarar og setje dei fri, seier Herren. Amen, amen.

 

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John:

 

Ja, eg vil prise deg, min frelsar og Herre, fordi du møtte meg ein dag, då eg var langt borte. Ja, eg var utan Gud og eg var utan håp. Men eg ropte på deg i min nød og då fekk eg oppleve at du er mektig som frelsar, eg fekk oppleve syndenes forlating og eg vart fri ifrå dei band og dei lenker som batt meg. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg. Midt i menigheta vil eg lovsynge deg. For eg har opplevt gjennom alle desse år at du er ein trufast Gud for utan svik, du har vore med meg i motgang, du er med meg i medgang og eg får oppleve at du er ei trøyst og eg får oppleve at du hjelper ut av dei vanskeligaste situasjonar, så er du der og du gjer ein utveg, ja, du lagar ein utveg. Derfor prisar eg deg og lovsyng deg og eg takkar deg og eg kjenner at eg har denne lengselen etter meir av deg. Eg ynskjer å rive ditt rike til meg med makt. Eg ynskjer å leve heilt for deg og følgje i dine fotspor som dryp av fedme. Der opplever eg salving, der opplever eg glede. Og du skal hjelpe meg Herre til å bringe dette livgjevande ord til mine medmenneske. Og det gjer eg der som eg får moglegheit, der fortel eg om din store og herlege frelse. Amen.

AKTUELLE BIBELVERS.

 

ALT ER NAKE OG BART.

 

HEB 4,11 – HEB 4,13 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

 

RETTFERDIG OG TRUFAST.

 

5MO 32,4   Han er Berget, fullkome er hans verk, rettferdige er alle hans vegar. Ein trufast Gud, utan svik, rettferdig og rettvis er han. [Berget: Gud. Sml. v. 18 og 30.]

SLM 143,1 {LAT DIN GODE ANDE LEIA MEG!} Ein Davids-salme.   Herre, høyr mi bøn, vend øyra til mi inderlege bøn! Svar meg, du som er trufast og rettferdig!

SLM 145,17   Rettferdig er Herren i all si ferd og trufast i alt det han gjer.

1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

 

JESUS DREG ALLE TIL SEG.

 

JOH 3,14 – JOH 3,15 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

JOH 12,32 Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.” [opplyft: -> 3, 14.]

 

LOVPRISE HERREN MIDT I MENIGHETA.

 

SLM 22,23 – SLM 22,27   Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lova deg. 24   “Pris Herren, de som har age for han, gjev han ære, all Jakobs ætt! Ja, skjelv for han, all Israels ætt! 25   For han har ikkje vanvørdt ein stakkar eller vendt seg frå han når han var i naud. Han løynde ikkje sitt åsyn for han, men høyrde han då han ropa.” 26   Frå deg kjem min lovsong i den store lyden. Eg vil halda mine lovnader mellom dei som har age for deg. 27   Dei hjelpelause skal eta seg mette, dei som søkjer Herren, skal prisa han. Gjev hjarta deira alltid må leva!

 

HEB 2,11 – HEB 2,16 Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør. 12 Han seier: Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lovsyngja deg. 13 Og like eins: Eg vil setja mi lit til han. Og endå ein stad: Sjå, her er eg og dei born Gud har gjeve meg. 14   Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv. 16 For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av.

 

LENGSLE.

 

SLM 33,20   Vi ventar med lengsle på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold.

SLM 84,3   Mi sjel lengta, ja brann av lengsle, etter Herrens tempelgardar. No jublar hjarta og kropp mot den levande Gud. [tempelgardar: -> 65, 5.]

SLM 119,81   Mi sjel brenn av lengsle etter di frelse, og eg ventar på ditt ord.

SLM 119,123   Eg ser med lengsle etter di frelse og etter ditt rettferdige ord.

SLM 119,131   Med lengsle opnar eg munnen, for eg stundar etter dine bod.

 

RIVE TIL SEG GUDS RIKE MED MAKT.

 

LUK 16,16   Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid har evangeliet om Guds rike vorte forkynt, og alle trengjer seg inn i det med makt.

 

JESU FOTSPOR DRYP AV FEDME.

 

SLM 65,10 – SLM 65,14   Du har gjesta jorda og gjeve henne regn, du har gjort henne ovende rik. Guds bekk er full av vatn; du syter for at kornet veks. Såleis legg du alt til rettes: 11   Du vatnar fòrene, jamnar veltene og bløyter opp jorda med regn; du signar hennar grøde. 12   Du kronar året med gode gåver, det spirer og gror i dine hjulspor, 13   det spirer på dei aude beitemarker, kring haugane er det jubel. 14   Markene er kledde med sauer og dalane sveipte i korn. Det lyder glederop og song.

JOE 3,21 – JOE 3,23 {JUDAS HERLEGE FRAMTID} Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem, himmel og jord skal skjelva. Men Herren er eit vern for sitt folk, ei borg for Israels søner. 22   Då skal de sanna at eg er Herren dykkar Gud, som bur på Sion, mitt heilage fjell. Jerusalem skal vera ein heilag stad, der skal framande aldri meir koma inn. 23   Den dagen skal det henda at fjella dryp av druesaft, og haugane fløymer av mjølk, og i alle bekkefar i Juda skal det renna vatn. Ei kjelde vell fram frå Herrens hus og vatnar Akasiedalen. [Akasiedalen: eit av dei turre dalstroka aust for Jerusalem.]

Kommentar.

John talte over same tema som han gjorde 19.2 og den bodskapen som kom etterpå liknar svært på den første bodskapen i dette møtet. Når der kjem slike bodskapar let eg dei fyrst og fremst ransake meg sjølv, så eg prøver å finne ut korleis dei talar til meg. Dernest kan eg tenke på korleis det talar til andre, men det  er klart at her må eg vise omtanke og vere forsiktig. For det fyrste må ikkje det verte ein måte for meg sjølv å snike meg unna, slik at eg lurer meg sjølv. For det andre må eg vakte meg vel for å stille meg sjølv i ein slik maktposisjon overfor andre, men det må vere slik at det vert opp til kvar einskild å late bodskapen ransake seg og kvar einskild av oss må sjølv forstå at Herren ransakar oss og rettleier oss i kjærleik. Samtidig veit vi at Jesus har kalla oss til å leie andre til han og kvifor skulle vi då ikkje bruke det som vart sagt i slike bodskapar? Det er då den gode hyrdingen som talar til oss og vil leie kvar einskild av oss og som vil leie heile hjorda. Det kjennest ikkje særleg godt å verte ransaka og irettesette, ein kan endåtil verte aggressiv og argumentere og spørje etter kvar det vert av rettferda, men ein må uansett gjere det på den måten at ein er ærleg og oppriktig og går til Gud med det også, og let han svare på det også og gje oss den rettleiinga og oppsedinga som vi treng. Når vi tenker over det og forstår det rett, så vil vi finne at det er det beste for oss, for han elskar oss og vil oss vel. Kristus er den gode hyrdingen og han vil oss vel.

Eg hadde fått med meg min kamerat ”Dotto” på møtet 19.2. og sidan minna eg han om denne bodskapen og stilte han overfor spørsmålet om det var Herren som kalla han på denne måten og minna han om å følgje Herrens kall, men det vart vanskeleg å få han med på møte i Maranata igjen, først siste helga før pinse vart han med meg, men eg fekk likevel ikkje forståing for at han følgde dette kallet og steig fram for Herren slik som eg hadde håpa på.

Før møtet 3.6.12 besøkte eg han og hadde meg ein prat med han der eg las ifrå Sak.11 og 2.Tess.2. Eg sa eg skulle ha med meg nokre av hans kjende på møte og då ville han også vere med, men når vi skulle til å fare, så var døra hans stengd og han vart ikkje med. Og kva så? Bodskapen som kom etter tala er like gyldig for han for det, om det er synd han prøver å skjule, så vil Herren at han skal vende seg bort frå det, alt er nake og bart for han, om han prøver å skule det for Herren, så vil han likevel verte konfrontert med det.

Men han var ikkje på dette møtet, men eg var der og Herren var der og han sa:” eg har talt til ditt hjerte atter ein gang”. Så eg må ransake meg sjølv og spørje om det er noko eg prøver å skjule for Herren. Men han har då sagt at det som eg har vedkjent for han, det har han tilgjeve og det skal eg ikkje grave fram att. Det minna han meg om i fyrste bodskapen i pinsa også. Det som er sagt om Davids synd kan overførast på all slags synd og spesielt på slike tilfelle der menneske prøver å skjule si synd for Gud og for medmenneske, i staden for å gjere opp.

Meir spesielt vert det at eg har bedt Gud om å gje meg ei kone og opplever motstand frå både religiøse og politiske leiarar og slik sett kan samanlikne meg med Uria overfor David som ville ta frå han kona. Men ettersom eg no let Gud ransake meg stilte eg meg problemstillinga om eg blir som David overfor Uria i staden og vedkjente overfor Gud at dersom mitt forhold til henne ”Miss Oslo 1990” blir som David overfor Batseba og hennar ”Uria”, så får han berre fri meg frå henne, då er det ikkje meg i mot. Eg hadde nok i minne noko som eg fortalde ”Moskedondre” når vi var på byen fredags kvelden, eg sa at dersom det ikkje vert henne ”Miss Oslo 1990”, så skal eg ha ei på 22 år. Elles gjev eg blanke blaffen i det. Om så eg skal vente til dommedag, har eg venta så lenge kan eg godt vente resten av livet også, vil dei ikkje godta at eg skal få meg ei kone av Guds nåde, så vert det rettssak der Gud er dommaren, hemnen høyrer han til og han skal gje attergjeld. Sjølvsagt treng ho ikkje vere akkurat 22 år, poenget er at ho skal vere ung og jomfrueleg. Når eg var interessert i å finne meg og vinne meg ei kone, så var det vel opplagt at det var viktig for meg å få snakke med henne om det og fri til henne på ein skikkeleg måte. Det var ikkje eg som bestemte at eg aldrig skulle få møte henne igjen  og snakke med henne om det. Det var det andre som bestemte og som soleis gjorde det umogleg for meg. Skulle så eg likevel ta ansvaret for det? Nei, men eg skulle legge det på Jesus og han skulle likevel ta seg av mi sak. Mi gjerning og mitt ansvar var å tru på han og overlate det til han.

Når eg no let denne bodskapen ransake meg slik og eg kom med denne vedkjenninga overfor herren, så kom den andre bodskapen  og den ser eg på som mi lovprising av Herren, det er den Heilage Ande som hjelper meg til å be rett, som hjelper meg i mi takkebøn. Då veit eg at det er ikkje eg som har prøvt å ta kona frå ein annan, men det er eg som har bedt Gud om å gje meg ei kone og han har svart meg på mi bøn og for å få lovnaden oppfylt må eg tru på Kristus og følgje han og hans kall. (Heb.4). Då får eg motstand, den Lovlause står meg imot og prøver å ta henne frå meg til samanlikning med korleis David tok Urias hustru, han klarde å ta frå meg henne Virtuella og eg skal ikkje utelukke at han har klart å ta frå meg henne ”Miss Oslo 1990” også. Men eg skal uansett sette mi tru og tillit til Herren, når han er for meg, kven kan då vere imot. Han gjev meg ei kone gjennom gjenfødinga og det er gjenfødinga det er tale om allereie i 1.Mos.2, så det som er sagt om ekteskapet er grunnlagt på denne gjenfødinga og soleis er det også grunnlagt på evangeliet om Kristus, det er grunnlagt på fridomen i Kristus.

Eg må la bodskapen ransake meg og spørje meg sjølv, kva er det eventuelt eg prøver å skjule for Herren. Det kan då i alle fall ikkje vere mi bøn om å få meg ei kone og at eg har trutt han ville gje meg henne ”Miss Oslo 1990” til kone, så mykje som eg har skrive om henne og bedt for henne, eg har bedt for henne og han har svart meg og eg har stige fram for han med den bøna og det er i alle fall ikkje å skjule det. Så dersom Gud skulle påstå at eg prøvde å skjule det, så byrjar eg alvorleg tala å lure, då kan han ikkje ha høyrt bøna mi likevel, då må eg alvorleg tala byrje å lure på om det er hjelp i å prøve å be han om noko i det heile tatt.

Men kva med dette at eg tenkt meg alternativet at eg kunne få meg ei unge jente til kone i staden? Det er då berre å svare på den motsegna eg får høyre, innvendingane som eigentleg er velgrunna med tanke på at eg har gått så lenge å venta utan å kome nokon veg med den saka. Dersom det er det som er gale, så er det berre for Gud å prøve å få fart på denne saka då, han har sagt han ville ta seg av mi sak og han har hatt mange år på seg til å gjere det, så kva blir det til? At eg har gitt dette svaret er då eigentleg eit uttrykk for nettopp dette, kva blir det til? Er det berre eventyr slik som mykje anne tullball, eller skal det verte noko ut av det?

Men Gud elskar meg, eg kjenner han og eg kjenner hans godleik og eg veit at han vil meg vel, han gjev meg ei kone gjennom gjenfødinga og det takkar eg han for. Han som byrja den gode gjerning i meg, han skal også fullføra den. Då er det på den måten at Anden råder over kjøtet og råder i vår døyelege lekam slik som vi les om i Romarbrevet. Dersom vi let Anden råde, då kjem vi inn i Guds lys. Det ser vi av følgjande bibelsitat:

2KO 4,6 – 2KO 4,11 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam.

Og det svaret Gud gav meg, var den andre bodskapen, det var den Heilage Ande som hjelpte meg til å takke Gud for at han har vore med meg gjennom eit langt liv. Heilt sidan eg oppdaga henne ”Miss Oslo 1990” og Jesus openberra seg for meg og for henne har eg vedkjent at Gud ville gje meg henne til kone og det har vore i godt samvits pakt med Gud, han gjev meg henne gjennom gjenfødinga og reinsinga i Jesus blod har verka slik at han reinsar meg frå å tenke annleis og så vidt som eg kan forstå er det framleis slik. Når det har gått så lang tid utan at det har vorte noko meir ut av det, så heng det saman med at der er sterke interesser mellom dei kristne for å ta henne frå meg, då blir eg som Uria og dei blir som David som dreiv hor med Batseba og som sidan fekk han drepen og tok kona hans. For dei er det eigentleg ei vidareføring av strategien som dei brukte mot meg når det gjaldt mitt forhold til henne Virtuella og som dei har hatt ein slik ”djevla suksess” med. Då er det dei som står meg i mot på denne måten, som prøver å skjule si synd liksom David og som må vende om frå si synd og komme inn i Guds lys, slik som det vart sagt i fyrste bodskapen. Dersom de ikkje er villige til det, så skal den synda før eller seinare innhente dykk, sjå berre kva som er sagt om den Lovlause i 2.Tess.2.

Eg let som sagt den fyrste bodskapen fyrst og fremst ransake meg sjølv og så vidt som eg kan sjå og forstå, så har eg gjort slik som det vart sagt her og eg er klar over at dette ikkje berre er ei eingangshending, men det er noko som eg skal leve i og verte verande i, eg skal halde fram med å leve i Guds lys og stige fram for han med mi bøn og legge alle mine behov fram for han, med påkalling bøn og takkseiing, også mi bøn om å få meg ei kone og eg trur og veit at han gjev meg henne gjennom gjenfødinga. Så vidt som eg kan forstå er det framleis henne ”Miss Oslo 1990”, Jesus har ikkje sagt noko til meg som antyder noko endring på det, han har tvert om sagt at evangeliet er gyldig og det gjeld meg og, på grunnlag av evangeliet om Guds Son er forholdet mellom Gud og menneske gjenoppretta, slik som det var før syndefallet og då vert også kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne gjenoppretta. Det er denne bodskapen eg har å bringe og den skal verte til trøyst for Guds folk. (Bodskapane 1.pinsedag).

Gud har sagt at du skal ikkje setje muleband på oksen som du treskjar med, skulle så Gud sjølv gjere det?

5MO 25,4   Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer.

1KO 9,4 – 1KO 9,15 Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke? 5 Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas? 6 Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida? 7 Kven er soldat på eigen kostnad? Kven plantar ein vingard utan å få eta av frukta? Eller kven gjæter ein buskap utan å drikka av mjølka frå denne buskapen? 8 Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova det same? 9 I Moselova står det: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsut for? [ein okse som treskjer: Oksen som drog treskjesleden over aksa, fekk eta av kornet. Sjå 5 Mos 25, 4.] 10 Er ikkje dette sagt med tanke på oss? Jau, det er for vår skuld det er skrive. For den som pløyer, skal gjera det med von, og den som treskjer, skal gjera det med von om å få sin del. 11 Har vi sått dei åndelege ting hjå dykk, er det då for mykje om vi haustar dykkar timelege ting? 12 Om andre har denne retten hjå dykk, skulle ikkje vi ha han endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium. 13 Veit de ikkje at dei som gjer teneste i templet, lever av det som kjem inn til templet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som vert ofra? 14 På same måten har Herren fastsett at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet. 15   Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av.

1TI 5,17 – 1TI 5,18   Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som arbeider med forkynning og opplæring. 18 For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd.

Skulle så Gud sjølv sende meg med den gode bodskapen om gjenoppretting slik som eg har sagt, utan at det skulle gjelde meg sjølv? Nei, fyrste bodskapen fyrste pinsedag byrja då med at det gjeld meg også. Forholdet mellom Gud og menneske er gjenoppretta på grunnlag av evangeliet og då er også kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne gjenoppretta og det gjeld meg også. Problemet er at dei står meg imot og ikkje vil godta det og vil ta henne frå meg liksom David tok Urias hustru. Då er det dei som må vende om frå si synd og komme inn i Guds lys og få den oppgjort. Om dei ikkje vil gjere det, så skal den synda innhente dei. Gud har ein utveg for meg. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Jesus lever og er med meg og vil leie meg vidare. Han har leia meg ut av vanskane før, slik som det vart sagt i andre bodskapen:” For eg har opplevt gjennom alle desse år at du er ein trufast Gud for utan svik, du har vore med meg i motgang, du er med meg i medgang og eg får oppleve at du er ei trøyst og eg får oppleve at du hjelper ut av dei vanskeligaste situasjonar, så er du der og du gjer ein utveg, ja, du lagar ein utveg”.  Han lagar ein utveg for meg, han lagar ein utveg ved at han lagar ei kone til meg, han gjev meg ei kone ved gjenfødinga og då er det Gud som skapar oss i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dei, i samsvar med 1.Mos.2.

Gud lova at han ville utgyte sin Ande over alt kjøt (alle menneske) og denne lovnaden får vi oppfylt på grunnlag av evangeliet, så det er alt av Guds nåde. I Romarbrevet forklarer Paulus for oss at der er ein motsetnad mellom kjøtet eller den gamle naturen og denne Anden som Gud gjev oss av sin nåde og formaner oss til å la Anden råde over kjøtet, slik at vi ved denne Anen døyder den gamle naturen. Den gamle naturen skal døy på korset og verte gravlagd i dåpen og det er ved at den nye naturen lever i staden, med den nye naturen vert vi oppreiste i dåpen og det er den som skal leve i staden for den gamle naturen, slik må den gamle naturen vike for den nye. Dette er ei grunnleggande og velkjend problemstilling og eg kan uansett late den fyrst bodskapen ransake meg og spørje meg sjølv om eg let Anden råde, slik at den nye naturen får leve på kostnad av den gamle, kva blir då konklusjonen?

Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, og som Guds born skal vi verte drivne av den Heilage Ande, så vi ropar Abba Far. Eg ber til Gud som eit barn som ber til sin Far og slik ber eg han om ei kone, han er ein god Far og han gjev ikkje son sin ein orm når han ber om eit brød eller ein skorpion når han ber om eit egg, men han gjev meg den Heilage Ande og han gjev meg ei kone ved at han føder henne på nytt av vatn og Ande. Mannens behov for ei kone er så grunnleggande at det inngår i sjølve skapinga og gjenfødinga. Skulle så ikkje eg kunne gå til Gud med det behovet? Kvifor har eg vore så hekta på henne ”Miss Oslo 1990”? Kvifor har eg skrive så mykje om henne, kvifor er det absolutt henne eg skal ha? Poenget er at eg skal ha henne som Gud gjev meg til kone som svar på mi bøn til han, eg også veit at der finst mange moglege måtar å finne seg og vinne seg ei kone på, men eg skal ha meg ei kone på den måten at Gud gjev meg henne som svar på mi bøn til han, han gjev meg henne ved at han frelser, gjenføder og skaper både meg og henne og det er det som er det verdifulle poenget. Eg ser verdien i at han gjev meg sin Ande og gjer både meg og henne til sine born og tek seg av oss som sine born. Eg ser verdien i at Kristus set oss fri og let oss leve i denne fridomen.

Gud gjev meg ei kone ved at han frelser meg og henne for æva, gjenføder oss og skaper oss i Kristus Jesus til gode gjerningar som han har lagt ferdige for at vi skulle vandre i dei. Då seier det seg sjølv at dei gjerningane han har skapt oss til inneber at eg skal vere mannen hennar og ho skal vere kona mi og vi skal leve for Kristus. Når dei ”kristne” ikkje vil godta dette, men vil ta henne frå meg, så blir dei som David som ville ta Urias hustru og som sidan ville ta livet av Uria, slik vil dei ta ifrå meg kristenlivet, så eg ikkje skal få leve det livet som Gud gjenføder meg til og skaper meg til, eg er som ein slaktesau som dei vil ta livet av. Det strir imot den glade bodskapen om at alle dei som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, dei står imot og vil ikkje tillate at eg skal få den retten likevel. Men i fyrste bodskapen fyrste pinsedag vitna den Heilage Ande om at den glade bodskapen gjeld meg også.

Eg er klar over at de ikkje vil godta at eg skal få meg ei kone som svar på mi bøn til Gud, derfor vil de rydde meg vekk og slik vil de rydde vekk nådegåvevekkinga også, slik rydjar de vegen for den Lovlause, han som står imot og opphøyer seg sjølv, så han kan setje seg inn i Guds hus og gjere seg sjølv til gud. Men Kristus skal tyne han med pusten av sin munn og det er tydelegvis det vi må satse på når han sa til sine i Maranata sist søndag, at dei skulle ikkje gjere anna enn å rope til han og gå inn i sine løynkammer og søke han og han vil løne dei i det openberre. Han vil dra menneske til sitt hus, når han vert opphøgd, vil han dra alle menneske til seg.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2012. Bookmark the permalink.

3 Responses to 2012.06.03.Maranata. Davids syndserkjenning.

  1. Pingback: Velsigning i Jesu kyrkje eller forbanning i politikken. | Trua & entropien.

  2. Pingback: 2014.02.16.M. David måtte vedkjenne si synd. | sivert

  3. Pingback: Big-Bang-teorien og Skapingssoga. Lovmessigheit og tilfeldigheit i fysikken og i samfunnet. Planlegging eller spontanitet. Fridomen og frimodet på evangeliets grunnvoll. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s