2012.05.13.M. Vere trugen i det små.

Søk Herren av heile dykkar hjarte og de skal få oppleve at han svarar på dykkar bøner.

Eg skal vere trugen i det små og bruke det Jesus har gjeve meg og han vil setje meg over større ting. Han vil bygge oppatt Jerusalems murar og gjere det til ein lovsong. Nattverd, bønn og vitnemøte, Maranata 13.5.2012.

 

VITNEMØTE.

Jon Miland var fram og sa han hadde vorte minna om:

JES 43,2   Går du gjennom vatn, er eg med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje riva deg bort. Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg.

Han las også:

1PE 4,12 – 1PE 4,13 {NÅR EIN KRISTEN MÅ LIDA} Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt. 13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom.

 

Ei kvinne var fram og minna oss om å be for styresmakta i landet for å få stoppa lovendringa som vil ta kristendomen ut av grunnlova. Etterpå kom følgjande bodskap.

 

TUNGETALE VED MARI, TYDING VED JON MILAND.

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt ord at de skal be og de skal få, eg har sagt at de skal leite og de skal finne, de skal banke på og det skal lukkast opp, seier Herren. Derfor, mine barn, treng dykk fram i denne tida. Søk meg av heile dykkar hjerte og de skal få oppleve at eg skal svare på dykkar bøner. Ja, eg skal gjere langt meir enn de forstår å be meg om, seier Herren. Derfor seier eg, Herren, be og de skal få, seier Herren. Og ver ikkje beskjeden, men gå inn for mi trone, minn meg om mine lovnadar, seier Herren, og eg skal bygge opp igjen Jerusalems murar og eg skal gjere det til ein lovsong, seier Herren. Å, derfor ver frimodig mitt barn og bruk det som eg har gitt deg. Ikkje be om meir og meir, men bruk det du har fått, seier Herren. Ver tru i det små og eg skal sette deg over større ting, seier Herren, for sjå, det er min vilje, at du skal vekse i nåde og i kjennskap. Ver trugen i det små, seier Herren og du skal få oppleve at eg set deg over større ting.

Ver ikkje redd for å vedkjenne mitt namn, men vis menneska kven du trur på, kven du tener og eg skal rikeleg velsigne deg, seier Herren, for sjå, seier Herren, når du forkynner mitt namn og når du fortel om mine gjerningar, så vil du verte forundra, seier Herren, for folket blir nysgjerrig og dei skal få oppleve og dei kjenne at du har noko som ikkje dei har. Då skal du fortelje dei at du har møtt meg, den levande, sjå eg var død, men sjå eg lever i all æve. Eg stod opp att på den tredje dag, etter skriftene, seier Herren, derfor skal du vere frimodig og bruke det som eg har gitt deg. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

JESUS VIL GJERE LANGT MEIR ENN VI FORSTÅR Å BE HAN OM.

 

EFE 3,14 – EFE 3,21 {BØN OM STYRKE OG SKJØN} Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

 

GÅ FRAM FOR NÅDENS TRONE.

 

HEB 4,14 – HEB 4,16 {PRØVD I ALT} Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

 

BYGGE OPPATT JERUSALEMS MURAR.

 

JES 49,14 – JES 49,17 {HERREN GLØYMER IKKJE SION} Men Sion seier: “Herren har forlate meg, min Gud har gløymt meg.” 15   Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg. 16   Sjå, eg har teikna deg i mine hender, dine murar har eg alltid for auga. 17   Dei som skal byggja deg, skundar seg hit, og dei som reiv ned og la deg i øyde, fer bort ifrå deg.

 

JES 60,9 – JES 60,14   Øyar og strender ventar på meg. Fremst går Tarsis-skipa. Langt bortanfrå fører dei dine søner og deira gull og sølv med dei, til ære for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, som gjev deg slik heider. 10   Framande skal byggja dine murar, og deira kongar skal tena deg. I min harme har eg slege deg, men i min nåde miskunnar eg deg. 11  Dine portar skal alltid stå opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, så rikdomen åt folka kan førast til deg og kongane deira i fangeflokken. 12   For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal gå til grunne, og folkeslag skal rydjast ut. 13   Til deg kjem Libanons herlege tre, både sypress og gran og buksbom; dei skal pryda den stad der min heilagdom står, og æra den stad der eg set min fot. 14   Sønene til dei som trælka deg, kjem og bøyer seg djupt for deg. Alle som vanvørde deg, kastar seg ned for dine føter. Dei skal kalla deg Herrens by, Sion, som høyrer Israels Heilage til.

 

VER TRUGEN I DET SMÅ.

 

MTT 25,14 – MTT 25,30 {LIKNINGA OM TALENTANE} Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet. 16   Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin. 19   Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: “Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.” 21 Då sa husbonden til han: “Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!” 22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: “Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.” 23 “Det var rett, du gode og trugne tenar!” svara husbonden. “Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!” 24   Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: “Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.” 26 Då sa husbonden til han: “Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.”

 

VEKSE I NÅDE OG KJENNSKAP.

 

EFE 4,12 – EFE 4,16 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad. 14   Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

 

KOL 1,8 – KOL 1,10 Han har òg fortalt oss om den kjærleiken Anden har gjeve dykk. 9   Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev. 10 Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2012. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s