2012.04.22.M. Hald fast på det du har.

Hald fast på det du har, så ingen får ta krona di.

Ikkje vere oppteken av det som er her nede, men søke inn til Jesus og verte fylt av den Heilage Ande. Han vil gå føre meg og leie meg i ferdiglagde gjerningar.

Møte i Maranata 22.4.2012, med dåp, nattverd og vitnemøte.

 

Vitnemøte.

 

I vitnemøtet var der ei kvinne som las 1.Joh3,18, eg tek med samanhengen.

1JO 3,18 – 1JO 3,24 {FRIMOD FOR GUD} Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning! 19 På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn. 20 For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. 24 Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

 

Tyding av tungetale.

 

I vitnemøtet kom der tungetale ved Oddbjørg og John Miland tyda det:

Ja, seier Herren, sjå eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen tek di krone. For sjå, seier Herren, mitt komme det er såre nære. Derfor mitt barn, ver ikkje oppteken med det som er her nede, men søk meg og mitt rike, søk inn til meg, vert fylt av min Ande i denne tid, seier Herre, så eg Herren kan få leie deg inn i dei ferdiglagde gjerningar. Og du skal få oppleve, seier Herren, at eg gjer det lett for deg, når du går min veg, for sjå, mine fotspor, dei dryp av fedme. Og eg skal gje deg kraft, som dagen er, skal din styrke vere, seier Herren, derfor ver ikkje redd, ver ikkje fryktsam, men stol på meg og eg skal leie deg, seier Herren.

Eg veit om dine kampar, eg veit om det du strir med, seier Herren, men eg har sagt i mitt ord, at de skal kaste all dykkar sorg på meg, for eg har omsorg for dykk, seier Herren. Skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Har eg ikkje sagt i mitt ord, at eg skal gå framfor deg? Og bommar av jern skal eg hogge sund, dører av kopar skal eg sprenge, seier Herren. Du har ingen ting å frykte mitt barn, for når eg går med deg, kven kan då vere imot, seier Herren. For den Ande som bur i deg, den er sterkare enn den som er i verda. Derfor skal du ikkje frykte, mitt barn, men du skal overlate dine problem, dine vanskar skal du legge på meg, seier Herren, for sjå, eg har omsorg for deg. Amen.

 

AKTUELLE BIBELVERS.

 

KRONE.

OSP 4,5 – OSP 4,9   Få deg visdom og kjøp deg vit, gløym ikkje det eg har sagt, og vik ikkje av frå det! 6   Gå ikkje bort frå visdomen, så vaktar han deg, hald av han, så vernar han deg. 7   Vil du få visdom, så kjøp han, bruk alt det du eig til å vinna vit! 8   Set visdomen høgt, så lyfter han deg; tek du han til deg, gjev han deg ære. 9   Han set ein fager krans på ditt hovud og gjev deg ei strålande krone.

OSP 12,4   Dugande kone er ei krone for mannen, duglaus kvinne er som verk i hans bein.

JES 28,5 – JES 28,6   Den dagen skal Herren, Allhærs Gud, verta ein fager krans og ei strålande krone for leivningen av folket sitt. 6   Han skal gje den som sit på domarsetet, evne til å døma rett, og styrkja dei som driv fienden attende frå porten.

 

JAK 1,12 – JAK 1,18   Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: “Eg vert freista av Gud.” For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør! 17   All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. [ljosens Far: Ljoset står for himmellekamane.] 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

 

ÅPE 2,10 – ÅPE 2,11 Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone! 11   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.

 

ÅPE 3,11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

 

FERDIGLAGE GJERNINGAR.

 

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

 

SOM DAGEN ER, SKAL DIN STYRKE VERE.

 

5MO 33,24 – 5MO 33,25   Om Asjer sa han: Mest velsigna av søner er Asjer. Han skal vera den kjæraste mellom brørne og duppa foten i olje. 25   Dine bommar skal vera av jern og bronse; som dine dagar er, skal din styrke vera.

 

OMSUT.

 

1PE 5,6 – 1PE 5,7 Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. 7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.

 

SKULLE NOKO VERE FOR VANSKELEG FOR HERREN?

 

JER 32,17 Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg.

JER 32,27 Eg er Herren, all skapnings Gud. Skulle noko vera umogeleg for meg?

SKR 8,6 – SKR 8,8   Så seier Herren, Allhærs Gud: Om dette synest umogeleg for dei som då er att av dette folket, skulle det vera umogeleg for meg òg? lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 7   Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg frelser folket mitt frå landa i aust og i vest. 8   Eg fører dei heim; midt i Jerusalem skal dei bu. Dei skal vera mitt folk, og i truskap og rettferd vil eg vera deira Gud.

 

JESUS VIL GÅ FØRE MEG. BOMMAR AV JERN, DØRER AV KOPAR.

 

JES 44,28   Eg seier om Kyros: “Han er min hyrding, han skal fullføra alt det eg vil; han skal seia om Jerusalem: Byen skal byggjast! og om templet: Det skal atter verta grunnlagt.” [Kyros: -> 45, 1.]

JES 45,1 – JES 45,3 {KYROS, HERRENS SALVEVIGDE} Så seier Herren til den han har salva, til Kyros, som eg held i hans høgre hand for å tvinga folkeslag under han, løysa beltet av kongar og opna dører for han, så ingen port skal vera stengd. [den han har salva, Kyros: Herren, heile verdsens Gud, har kalla persarkongen til å fullføra hans vilje med Israel. Sml. 41, 1 ff; 45, 13.] [løysa beltet av kongar: setja dei av; beltet var eit teikn på kva makt og vørdnad kongen hadde.] 2   Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund. 3   Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret, og rikdomar, gøymde på løynlege stader, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, som har kalla deg på namn.

 

HERREN ER MED MEG, KVEN KAN DÅ VERE IMOT?

 

RMR 8,31 – RMR 8,39   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive: For di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2012. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s