2012.02.19.M. Davids syndserkjenning.

Davids fall, syndserkjenning, omvending og oppreising. Komme til lyset. Tru på den Herre Jesus, så skal du verte frelst.

Innleiing.

Aud leia møtet og Oddbjørg innleia med skriftlesing. Så vart deg gjeve moglegheit for to frie vitnemål. Ei kvinne kom fram og las ifrå Bibelen. Ein kamerat av meg, som vi kan kalle ”Dotto”, gjekk så fram og fortalde at i sommar hadde han mista bevisstheta på kjøkkenet og vakna oppatt på sjukehuset. Han fortalde også om ei ”nær døden oppleving”, han sa at denne kom nokre dagar etterpå, men det stemmer ikkje, den var i 2001, då han var dødssjuk etter ein blindtarmoperasjon. Dette har eg fått vite av svigerinna hans og eg møtte han også for nokre år sidan då han fortalde om denne opplevinga.

Då han vakna oppatt på sjukehuset i sommar, hadde han mista hukommelsen og prata i ørska, så hugsa han berre det som stod han aller nærast, sidan har meir og meir av hukommelsen kome tilbake, men han er i det heile tatt mentalt redusert. Og så har han kreft og får regelmessig sprøyter med cellegift.

Tale.

Jon Miland talte utifrå Salme 51:

SLM 51,12 – SLM 51,14   Gud, skap i meg eit reint hjarta, gjev meg ei ny og stødig ånd! 13   Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn, ta ikkje frå meg din Heilage Ande! 14   Lat meg atter få fryda meg over di frelse, hald meg oppe med ei viljug ånd!

Han fortalde om korleis David hadde synda, då han dreiv hor med Batseba og sidan drap mannen hennar. Han kom i syndenød og bad til Gud om tilgjeving og nåde slik som vi ser i Salme51.

Tyding av tungetale.

Etter tala kom Mari med tungetale og Jon tyda det:

Ja, seier Herren, eg har ført deg inn i dette lokalet, for at eg skulle få tale til deg gjennom min tenar. Eg veit om deg, eg veit at du strir med synd og mørkets tankar i ditt hjertet og i ditt sinn. Men, seier Herren, du skal vite at eg er den som tilgjev, eg er den som reinsar, men du må komme fram for meg, seier Herren, og vedkjenne dine synder og du må vere villig til å legge dei ned for mine føter, seier Herren. Og du skal vite det at du kan ikkje skjule noko for meg, men du skal vite det at eg ser alle menneska sine born. Ja, eg les deg som ei open bok, seier Herren. Derfor kom fram i lyset og vedkjenn dine synder og du skal få oppleve at eg er rettferdig, eg er ein trufast Gud forutan svik og eg vil ikkje nokon syndars død, seier Herren, men eg vil at alle skal omvende seg og leve.

Ja, eg skal utgyte av nåden og bøna si ånd over mine born no i denne tida. Du skal få oppleve at eg skal legge bønn på deg, seier Herren. Og då skal du vere lydig og gjere som den Heilage Ande tilskynder deg, du skal gå inn i ditt løynkammer og du skal be til meg, seier Herren, og du skal få sjå at det vert resultat. For sjå eg har sagt i mitt ord at den som ber, han får, ja, den som leitar, han finn, og den som bankar på, seier Herren, for han skal det lukkast opp. Derfor mine born, søk meg i dykkar løynkammer. Kom saman i bøn og påkalling, seier Herren, og de skal få oppleve himmelens sluser skal opne seg over dykke. Og eg, Herren, eg skal frelse syndarar mellom dykk. Og de skal få oppleve at folk kjem i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. Og dei skal spørje kva dei skal gjer for å verte frelst. Då kan de forkynne mitt ord, at dei skal tru på den Herre Jesus, så skal dei verte frelst. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

JOH 3,16 – JOH 3,21 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”

1JO 1,5 – 1JO 1,10 {LEV I LJOSET!} Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd. 8   Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

1JO 2,1 – 1JO 2,2   Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. 2 Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.

 

HEB 4,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2012. Bookmark the permalink.

2 Responses to 2012.02.19.M. Davids syndserkjenning.

  1. Pingback: Velsigning i Jesu kyrkje eller forbanning i politikken. | Trua & entropien.

  2. Pingback: Big-Bang-teorien og Skapingssoga. Lovmessigheit og tilfeldigheit i fysikken og i samfunnet. Planlegging eller spontanitet. Fridomen og frimodet på evangeliets grunnvoll. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s