2012.01.29.Maranata. Jesus gav sitt liv for at eg skulle ha evig liv.

Sjå opp til Herren, mitt alfa og omega, trua sin opphavsmann og fullendar. Hans rike består i glede, fred og rettferd i den Heilage Ande.

 

TYDING AV TUNGETALE.

 

Det var nattverdsmøte og vitne-møte, men allereie ved innleiinga av møtet, når vi skulle samle oss i bønn, kom ei kvinne med tungetale og ein ung mann tyda det:

Sjå deg ikkje engsteleg omkring, for eg er din Gud. Sjå ikkje på alt det som er utanfor ditt eige, men søk meg, seier Herren, der eg er å finne. For eg er ditt alfa og ditt omega, eg er di byrjing og din ende. Sjå deg ikkje engsteleg om, men sjå opp til meg, for eg er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg har teke dødens nøklar, eg har vunne ein evig siger. Du skal ikkje frykte, du skal glede deg i meg og du skal sjå opp til meg som er gjennomstungen for di skuld, seier Herren.

Eg har ikkje gløymt deg, seier Herren. Korleis kan eg gløyme deg, du er min augnestein, eg har teikna deg i begge mine hender, eg har kjøpt deg med mitt liv. Eg elskar deg og du er høgt elska av meg, seier Herren. Ver ikkje bekymra for noko, men sjå opp til meg, sjå på meg, eg er Kristus, eg er frelsaren. Eg er den som har gjeve mitt liv for at du skal ha eit evig liv. Og du skal ha glede og du skal ha fred i meg, for mitt rike består i glede og fred og rettferd i den Heilage Ande, seier Herren.

 

VITNEMÅL.

 

Etter nattverden var det frie vitnemål og han som tyda tungetalen las 2.Kor.4:

 

 

2KO 4,1 – 2KO 4,18 {SKATTEN I LEIRKAR} Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. [denne verdsens gud: djevelen.] 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære. 16 {TRU OG VON} Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag. 17 Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større. 18 Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.

2KO 5,1 – 2KO 5,10   For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. [telt: vanleg bilete på lekamen.] 2 Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen. [overkledde: med den nye lekamen etter oppstoda.] 3 For når vi er kledde i den, skal vi ikkje verta ståande nakne. 4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi vil ikkje verta avkledde, men overkledde, så det døyelege kan verta gløypt av livet. 5 Den som har gjort oss budde til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. 6 Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren. 7 For vi ferdast i tru, ikkje i syn. 8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren. 9 Difor, anten vi er heime eller borte, set vi vår ære i å vera han til hugnad. 10 For vi skal alle fram for Kristi domstol, så kvar kan få att for det han har gjort medan han var i lekamen, anten godt eller vondt.

AKTUELLE BIBELVERS.

 

SJÅ DEG IKKJE ENGSTELEG IKRING:

JES 41,8 – JES 41,13 {HERREN ER MED ISRAEL} Men du Israel, min tenar, Jakob, som eg har valt ut, du ætt av Abraham, min ven! 9   Eg henta deg frå heimsens endar og kalla deg frå den ytste utkant. Eg sa til deg: “Du er min tenar, eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.” 10   Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi frelsarhand. 11   Sjå, dei vert til spott og skam, alle som harmast på deg. Dei vert til inkjes, går til grunne, dei som set seg opp mot deg. 12   Om du leitar, finn du dei ikkje, dei som står deg imot. Dei går heilt til grunne, dei som strider mot deg. 13   For eg er Herren din Gud, som har gripe di høgre hand og seier til deg: “Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.”

 

MITT ALFA OG OMEGA, TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR, HAN HAR NYKLANE TIL DØDEN OG DØDSRIKET.

ÅPE 1,12 – ÅPE 1,20   Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. 17   Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa: Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma. 20   Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.

 

GUDS AUGNESTEIN.

 

5MO 32,8 – 5MO 32,11   Då Den Høgste gav folkeslaga land og skilde menneska frå kvarandre, sette han grenser mellom folka etter talet på Israels søner. 9   Herrens del vart hans eige folk, Jakob vart hans arvelut. 10   Herren fann han i øydemarka, i tome audna med ulande lydar. Han verna han og sytte for han og vakta han som sin augnestein. 11   Som ei ørn sviv over ungane sine når ho lèt dei flyga frå reiret, så breidde han ut sine vengefjører, tok og bar han på sine venger.

 

SLM 17,6 – SLM 17,9   Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud. Vend øyra til meg og høyr mine ord! 7   Syn din godleik i underfull gjerning! Du frelser dei som flyr frå fiendar og søkjer livd ved di høgre hand. 8   Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen av dine venger 9   for dei gudlause som går imot meg, for dødsfiendar som omringar meg.

 

SKR 2,10 – SKR 2,17   Ve, ve! Røm frå landet i nord! lyder ordet frå Herren. Eg har spreitt dykk for heimsens fire vindar, lyder ordet frå Herren. [landet i nord: Babylonia, som er kalla så av di vegen dit fyrst gjekk mot nord og sidan mot aust.] 11   Ve deg, Sion, som bur hjå Babels dotter! Berg deg unna! 12   For så seier Herren, Allhærs Gud, den herlege, som har sendt meg, om dei folka som plyndra dykk: Den som rører dykk, rører ved min augnestein. 13   For sjå, eg lyfter handa mot dei, og dei vert til hærfang for dei som no er trælane deira. Då skal de sanna at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg. 14   Gled deg storleg, Sions dotter! For sjå, eg kjem og tek bustad hjå deg, lyder ordet frå Herren. [Sions dotter: -> Mi 4, 10.] 15   Den dagen skal mange folkeslag gje seg til Herren. Dei skal verta mitt folk, og eg vil bu hjå deg. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til deg. 16   Herren skal ta Juda i eige som sin arvelut på heilag jord og endå ein gong velja ut Jerusalem. 17   Ver still for Herren, kvar levande skapning! For han har teke ut frå sin heilage bustad.

HERREN HAR TEIKNA DEG I SINE HENDER.

 

JES 49,14 – JES 49,17 {HERREN GLØYMER IKKJE SION} Men Sion seier: “Herren har forlate meg, min Gud har gløymt meg.” 15   Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg. 16   Sjå, eg har teikna deg i mine hender, dine murar har eg alltid for auga. 17   Dei som skal byggja deg, skundar seg hit, og dei som reiv ned og la deg i øyde, fer bort ifrå deg.

 

RMR 14,17 – RMR 14,19 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande. 18 Den som tener Kristus på denne måten, han er til hugnad for Gud og har vørdnad hjå menneske. 19   Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til oppbygging oss imellom!

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2012. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s