2012.01.22.Maranata. Med Jesu død på korset har Gud kalla deg til å ta imot det evige livet.

Tilgjeving for synd, reinsing, ny skapning, fødd frå himmelen. Til fridom har Kristus frigjort deg. Gled deg i dine synders forlating.

 

INNLEIING.

Aud Østevik innleia med å lese Sefanjas bok:

SEF 3,14 – SEF 3,18   Set i og jubla, Sions dotter! Rop av fryd, Israel! Gled deg, Jerusalems dotter, og jubla av heile ditt hjarta! [Sions dotter: -> Mi 4, 10.] 15   Herren har fria deg frå straffedomen og teke bort dine fiendar. Herren, Israels konge, er hjå deg, du skal ikkje lenger vera redd noko vondt. 16   Den dagen skal dei seia til Jerusalem: Ver ikkje redd, Sion! Lat ikkje hendene siga! 17   Herren din Gud er hjå deg, ei kjempe som kan frelsa. Han gleder og frydar seg over deg, tek deg atter inn i sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd, 18   som på ein høgtidsdag. Eg friar deg frå den dagen då du må tola spott.

TALE.

Tore Kristiansen talte om å verte sett fri trå trældomen og byrja med å lese frå Galatarbrevet:

GLT 5,1 {KRISTEN FRIDOM} Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk.

GLT 3,13 – GLT 3,14 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

Deretter talte han om korleis Gud kalla Moses, Aron skulle tale for han. Gud sende dei til Farao med bod om at han skulle late folket hans fare tre dagsleier ut i øydemarka for å ofre til sin Gud. Farao meinte dei kunne ofre der dei var, men her vart det ikkje noko kompromiss. Så fortalte han om korleis Gud gav folket sitt beskjed om å stryke blod på dørkarmane og halde seg innadørs for å berge seg frå domsengelen. Han samanlikna dette med verda i dag, ved å samanlikne Farao med denne verda sin herskar, Djevelen. Kristus frelser oss og set oss fri på liknande vis som Moses frigjorde jødefolket frå trældomen i Egypt.

2MO 3,2 Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne. Han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje opp.

2MO 3,7 – 2MO 3,10   Så sa Herren: “Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida. 8 Og eg har stige ned og vil fria dei frå egyptarane og føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som fløymer med mjølk og honning. Der bur kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane. 9 For no har naudropet frå israelittane nått opp til meg, og eg har sett korleis egyptarane plagar dei. 10 Gå no du til farao med bod frå meg, og før folket mitt, israelittane, ut or Egypt!”

2MO 3,14 – 2MO 3,15 Då sa Gud til Moses: “Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. Eg Er har sendt meg til dykk.” [Eg Er: Såleis vert det tolka, det hebr. gudsnamnet Jahve, som er ei avleiing av eit hebr. ord for å vera. Til vanleg vert det omsett med Herren.] 15 Så sa Gud til Moses: “Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.

2MO 3,18 Dei kjem til å høyra på det du seier. Og så skal de, du og dei eldste i Israel, gå fram for kongen i Egypt og seia: Herren, Hebrearguden, har møtt oss. Lat oss få lov til å fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud!

2MO 4,10 – 2MO 4,16   Men Moses sa til Herren: “Høyr meg, Herre! Eg har aldri vore nokon veltalande mann, korkje før eller no etter at du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.” 11 Då sa Herren: “Kven er det som har gjeve mennesket munn? Kven er det som gjer mållaus eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren? 12 Gå no, så skal eg vera med deg når du talar, og læra deg kva du skal seia!” 13   Men han sa: “Å Herre, send ein annan, send kven du vil!” 14 Då vart Herren harm på Moses og sa: “Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad. 15 Han skal du tala til og leggja orda i munnen på. Så skal eg vera med både deg og han når de talar, og læra dykk kva de skal gjera. 16 Han skal tala til folket for deg. Såleis skal han vera munn for deg, og du skal vera som Gud for han.

2MO 12,7 Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det.

2MO 12,12 – 2MO 12,13 For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren. 13 Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. [fara framom: På hebr. minner dette ordlaget om ordet for påske. På den måten tolkar ein då namnet på høgtida.]

2MO 12,29 – 2MO 12,31 {ISRAELITTANE TEK UT FRÅ EGYPT} Så hende det midt på natta at Herren slo i hel alt fyrstefødt i Egypt, frå eldste son åt farao, som sat på kongsstolen, til eldste son åt fangen i fengslet, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen. 30   Då fór farao opp om natta, han og alle mennene hans og alle egyptarane. Og det lydde eit fælt skrik i Egypt; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i. 31 Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: “Gjer dykk ferdige og far ut or riket mitt, både de og israelittane! Gå av og hald den gudstenesta som de har tala om!

Til slutt sa han noko om at Kristus ville sette jødane fri:

JOH 8,31 – JOH 8,36 {ABRAHAMS ÆTT} Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.” 33 “Vi er Abrahams ætt,” la dei imot, “og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?” 34 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

 

TYDING AV TUNGETALE.

 

I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

Eg kallar i frå sola går opp og til den går ned, derfor er ingen (det må vere meit ”alle”) menneske utan unnskyldning, kven dei er og kvar dei enn bur. Du kann ikkje komme og seie:” Du kalla meg ikkje”. Men i det verk som eg gjorde for 2000 år sidan, er du kalla inn til meg, for å ta imot, eit evig liv i den nådegåve som eg har skjenka til denne verda. Derfor så er døra opna for deg i denne stund, du kan gå inn og ta ut det evige liv, du kan gå inn og få forlating for dine synder. Du kan gå inn og få dei tilgjevne og reinsa. Du kan frå denne stund av bli ein ny skapning i meg. Du kan verte ein ny skapning som er født ovanifrå. Legg di sak på meg og eg, Herren, skal låse opp med min nøkkel. La alt det du ber på, legg det ned for mine føter og eg Herren skal løyse deg og du skal verte lykkeleg. For til fridom har eg sett deg fri, eg har gjort deg fri frå synda, eg har sett deg fri ifrå trældomen. Vert buande hos meg og du skal få kjenne, at eg skal bevare deg under alt som skjer.

Fryd deg og gled deg i dine synders forlating. Pris meg og ær meg fordi eg kom og tok di byrde på meg, seier Herren, gi mitt namn ære, eg som har stelt så underfullt til med dykk. La meg høyre di røyst og sjå din skapnad, for også deg har eg ført ut av trengselens svelg, eg har løfta deg opp til ein open plass, der det ikkje er trongt, eg har sett dine føter på ein romsleg stad. La deg derfor ikkje lokke av stad under trældomens åk igjen, men stå fast i fridomen som eg har satt deg fri i og du skal få oppleve å leve i velsigning og under ein open himmel og eg skal gje deg ei glede som er over all forstand.

 

AKTUELLE BIBELVERS:

GUD KALLAR MENNESKA. TAKKOFFER OG UTFRIING. GUD HAR KALLA OSS MED EVANGELIET OM KRISTUS.

 

SLM 50,1 – SLM 50,17 {DET RETTE OFFERET} Ein Asaf-salme.   Herren, Gud over gudar, talar, han kallar på jorda frå aust til vest. [Asaf: songar, musikar og salmediktar av Levi-ætta. Sjå 1 Krøn 15, 16 f.] 2   Frå Sion, den fagraste krona, strålar Gud fram. 3   Vår Gud kjem, han teier ikkje. Framfor han går ein øydande eld, ikring han stormar det sterkt. 4   Han kallar på himmelen der oppe og på jorda; for han vil døma sitt folk. 5   “Samla dykk hjå meg, mine trugne, de som med offer har gjort pakt med meg.” 6   Himmelen forkynner hans rettferd; for det er Gud som dømer. `Sela’ 7   Høyr, mitt folk, for eg vil tala, Israel, eg vil vitna imot deg. Eg er Herren din Gud. 8   Eg refser deg ikkje for dine slaktoffer, dine brennoffer har eg støtt for auga. 9   Men eg tek ikkje oksar frå ditt hus eller bukkar frå dine kveer. 10   For mine er alle dyr i skogen og villdyra på dei tusen fjell. 11   Eg kjenner alle fuglar under himmelen, og krypet på marka høyrer meg til. 12   Var eg svolten, bad eg ikkje deg om noko; for eg eig jorda og det som fyller henne. 13   Skulle eg eta kjøt av oksar og drikka blod av bukkar? 14   Ber ditt takkoffer fram for Gud, gjev Den Høgste det du har lova! 15   Kall på meg den dag du er i naud, så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg. 16   Men til den gudlause seier Gud: Kva har du med å forkynna mine bod og ta mi pakt i din munn, 17   du som ikkje vil vita av tukt og kastar mine ord bak din rygg?

 

HEB 10,12 – HEB 10,18 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne. 15   Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren: 16   Såleis er den pakta eg vil gjera med dei i dagar som kjem. Og så seier han: Eg vil leggja mine bod i hjarto deira og skriva dei i hugen deira. 17   Og syndene og misgjerningane deira vil eg aldri meir koma i hug. 18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

 

KRISTUS HAR DAVIDS NØKKEL OG HAN OPNAR OPP FOR OSS. GÅ INN GJENNOM DEN OPNE DØRA OG TA UT DET EVIGE LIVET.

 

FIL 3,8 – FIL 3,14 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde. 12 {FRAM MOT MÅLET} Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

 

1TI 6,11 – 1TI 6,14 {TRUSKAP MOT OPPDRAGET} Men du, Guds mann, hald deg frå alt dette og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og spaklynde! 12 Strid den gode striden i trua, og grip det evige livet som du er kalla til, og som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne. 13 Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus: 14 Ta vare på oppgåva di, og hald henne rein og ulastande til vår Herre Jesus Kristus kjem i herlegdom.

 

1TI 6,17 – 1TI 6,19 {SLUTTORD} Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja si von til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. 18 Dei skal gjera vel, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og gjerne dela med andre. 19 På den måten skal dei samla seg skattar og leggja ein god grunnvoll for den tid som kjem, så dei kan gripa det sanne livet.

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,8 {TIL FILADELFIA} Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

 

HEB 10,19 – HEB 10,23 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN} Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. 23   Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

 

SLM 91,1 – SLM 91,16 {UNDER GUDS VERN} Den som sit i livd hjå Den Høgste og bur i skuggen av Den Allmektige, 2   han seier til Herren: “Mi livd og borg, min Gud som eg set mi lit til!” 3   Ja, han bergar deg frå jegerens snare, frå pest som tyner. 4   Med sine fjører løyner han deg, under hans venger finn du livd.   Hans truskap er skjold og vern. 5   Du skal ikkje reddast for skræmsler om natta, for piler som flyg om dagen, 6   for pest som snikjer seg fram i mørkret, for sott som herjar middagstider. 7   Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, så skal ikkje ulukka nå deg. 8   Du skal berre vera vitne til det og sjå at dei gudlause får si løn. 9   For du seier: “Herren er mi livd.” Den Høgste har du gjort til din bustad. 10   Inkje vondt skal koma over deg og inga plage nå ditt telt. 11   For han skal gje sine englar påbod at dei skal verna deg på alle dine vegar. 12   Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten på nokon stein. 13   På løve og orm skal du trakka, ungløve og orm skal du trø under fot. 14   “Eg bergar han, for han held seg til meg; eg gjev han livd, for han kjenner mitt namn. 15   Når han kallar på meg, svarar eg; eg er med han i naud og trengsle, eg friar han ut og gjev han ære. 16   Eg mettar han med mange dagar og lèt han sjå mi frelse.”

 

”LAT MEG HØYRE DI RØYST OG SJÅ DIN SKAPNAD”:

 

HSA 2,10 – HSA 2,14   Min ven tek til ords og seier: Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes, regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane; songtida er komen, og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar, og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla, i livd under flogbratte fjell, lat meg få sjå din skapnad, lat meg få høyra ditt mæle! For di røyst er så mjuk og din skapnad så fager.

 

JESUS HAR FØRT MEG UT AV TRENGSELENS SVELG, TIL EIN OPEN PLASS DER DET IKKJE ER TRONGT, SETT MINE FØTER PÅ EIN ROMSLEG STAD.

 

1MO 26,18 – 1MO 26,22   Isak grov opp att dei brunnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistarane hadde kasta att då Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei. 19 Då trælane åt Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei vassåre. 20 Men gjætarane frå Gerar tretta med gjætarane åt Isak og sa: “Det er vårt vatn!” Så kalla han brunnen Esek, fordi dei tretta med han. [Esek: “trette”.] 21 Sidan grov dei ein annan brunn. Men då det vart strid om den òg, kalla Isak han Sitna. [Sitna: “fiendskap” eller “strid”.] 22 Han flytte bort derifrå og grov endå ein brunn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: “No har Herren gjort det romsleg for oss, så vi kan verta mange i landet.” [Rehobot: “ope rom”.]

SLM 40,1 – SLM 40,5 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN} Til korleiaren. Ein Davids-salme. 2   Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren. 5   Sæl er den mann som set si lit til Herren, og ikkje held seg til dei stolte, til dei som fell frå i lygn.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2012. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s