2013.12.08.M. Enka med oljekoppen.

Setje fram det eg har og la Jesus ta hand om det og velsigne det. Guds kraft er til stades og han vil openberre den mellom oss. Løynkammerbøna. Vitne om Jesus. Den Heilage Ande skal overbevise verda om synd, dom og rettferd.

 

Innleiing ved Turid Miland.

Turid fortalde om at Herren kalla profeten Jonas til å gå til Ninive og forkynne Guds dom over byen. Men Jonas for med ein båt ut på havet i staden. Då kom det eit forrykande uver, det enda med at han vart kasta over bord og kom i fiskens buk. Fisken spydde han opp att på land. No gjekk Jona til Ninivi med bodskapen.

Så las ho nokre vers om korleis det gjekk.

JON 3,4 – JON 3,10 Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa: “Om førti dagar skal Ninive leggjast i grus!” 5   Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei lyste ut faste og kledde seg i botsdrakt, både store og små. 6 Kongen i Ninive fekk òg høyra om dette. Då reiste han seg frå tronstolen sin og tok av seg kongekåpa. Han kledde seg i botsdrakt og sette seg i støvet. 7   Etter påbod frå kongen og stormennene hans ropa dei ut i Ninive: “Korkje menneske eller dyr, korkje storfe eller småfe skal eta noko; dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. 8 Men dei skal kle seg i botsdrakt, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt og venda om frå si vonde ferd og den urett dei gjer. 9 Kan henda Gud då vil endra sin plan og halda att sin brennande vreide, så vi ikkje går til grunne.” 10   Dei vende om frå si vonde ferd, og då Gud såg det, endra han sin plan og sende ikkje den ulukka han hadde varsla.

JON 4,1 – JON 4,11 {JONAS HARME OG GUDS NÅDE} Men det lika Jona ille, og han vart brennande harm. 2 Han bad til Herren: “Å Herre! Var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt heimland? Difor prøvde eg fyrst å røma til Tarsis. For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma. 3 Men no, Herre, ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.” 4 Men Herren svara: “Har du grunn til å vera harm?” 5   Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austanfor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta. Han ville sjå korleis det gjekk med byen. 6 Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av ricinus-busken. 7 Men morgonen etter, då det ljosna av dag, sende Gud ein orm, og han stakk ricinus-busken så han visna. 8 Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind, og sola stakk Jona i hovudet så han vart heilt utmødd. Han ynskte at han måtte få døy, og sa: “Eg vil heller døy enn leva.” 9   Men Gud sa til Jona: “Har du grunn til å vera harm over ricinus-busken?” Han svara: “Ja, eg har så god grunn til å vera harm at eg kunne døy.” 10 Då sa Herren: “Du ynkast over ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt. 11 Skulle så ikkje eg ynkast over Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr?”

 

Tale ved John Miland.

John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.

2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE} Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5   Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.]

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John.

Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.

 

AKTUELLE BIBELVERS.

 

SLM 5,9  Herre, lei meg i di rettferd, så mine fiendar ikkje når meg. Gjer vegen jamn for meg!

SLM 9,9   Han dømer verda med rettferd, feller rettvis dom over folkeslag.

SLM 17,15   Men eg skal i rettferd få sjå ditt andlet; når eg vaknar, skal eg sjå din skapnad og mettast.

SLM 31,2   Herre, eg flyr til deg, lat meg aldri verta til skammar! Frels meg i di rettferd!

SLM 35,16 – SLM 35,24   Fråfalne som dei er, spottar og hånar dei, dei skjer tenner mot meg. 17   Kor lenge vil du sjå på, Herre? Berga mitt liv frå dei som herjar, det beste eg har, frå løvene. 18   Eg vil takka deg i den store samlinga og prisa deg i den talrike flokken. 19   Lat ikkje svikefulle fiendar få triumfera over meg! Dei som hatar meg utan grunn, skal ikkje blunka hånleg med auga! 20   Dei skaper ikkje fred med sin tale, men mot dei stille i landet tenkjer dei ut svikefulle ord. 21   Dei spilar opp munnen imot meg, dei ropar spottord og seier: “Vi har sett det med eigne augo!” 22   Du har sett det, Herre. Tei ikkje! Ver ikkje langt borte frå meg, Herre! 23   Reis deg, vakna og hjelp meg til min rett, min Gud og Herre, før mi sak! 24   Døm meg i di rettferd, Herre, min Gud, lat dei ikkje triumfera over meg!

SLM 65,6   Du bønhøyrer oss i rettferd med underfulle gjerningar, du Gud som er vår frelsar, ei livd for alle land på jord, ja, for havsens fjerne strender.

SLM 119,40   Sjå, eg lengtar etter dine føresegner, hald meg i live ved di rettferd!

SLM 132,9   Prestane dine skal vera kledde i rettferd, og dei som held di pakt, skal jubla.

SLM 143,11   Hald meg i live, Herre, til ære for ditt namn! Før meg i di rettferd ut or trengsla!

JOH 16,7 – JOH 16,11 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

4 Responses to 2013.12.08.M. Enka med oljekoppen.

  1. Pingback: Heilag kvardag. | Trua & entropien.

  2. Pingback: Splitt- og hersk-metode for å få makt. Men i Jesu kyrkje skal vi vere eitt i trua på han. | Trua & entropien.

  3. Pingback: Jesus vil reise opp si kyrkje. Då er det om å gjere å nytte høvet til å «reise kjerringa».  | Trua & entropien.

  4. Pingback: Rasjonalitet eller ikkje rasjonalitet, det er spørsmålet. Eller kva slags rasjonalitet? | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s