2013.11.03.M. Den bortkomne sonen.

Bortkomne søner og døtre. Møte i Maranata 3.11.2013.

 

Tale ved John Langerud.

John sa den Heilage Ande hadde overbevist han, allereie for tre dagar sidan, at no skulle han tale til dei som lytta på radioen[1], det er kjende vers for oss, men vi har berre godt av å høyre det igjen. Det var tre likningar i Luk.15 som var så kjære for han, likninga om den bortkomne sonen, likninga om den bortkomne sauen og likninga om kvinna som hadde mista sølvpengen sin. I alle desse forteljingane vart det fest. Så las han om den bortkomne sonen.

 

LUK 15,11 – LUK 15,32 {DEN BORTKOMNE SONEN} Så sa Jesus: Det var ein gong ein mann som hadde to søner. 12 Den yngste sa til far sin: “Far, lat meg få den delen av buet som fell på meg.” Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt sitt og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og øydde opp alt det han åtte. 14 Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15 Så gjekk han til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine; der skulle han gjæta svin. 16 Han ynskte berre å få metta seg med dei skolmane som grisane åt, for ingen gav han noko. 17   Då gjekk han i seg sjølv og sa: “Kor mange leigekarar heime hjå far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18 Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19 Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.” 20   Så tok han i veg og gjekk heim til far sin. Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han ynkast inderleg. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han. 21 Då sa sonen: “Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.” 22 Men faren sa til tenarane: “Skunda dykk! Finn fram dei beste kleda og ha på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. 23 Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og vera glade. 24 For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.” Og så tok gleda til. 25   Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimetter og kom bort imot garden, høyrde han spel og dans. 26 Han ropa på ein av drengene og spurde kva dette skulle tyda. 27 “Bror din er komen,” svara han, “og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han frisk heim att.” 28 Då vart han arg og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. 29 Men han svara: “No har eg tent deg i alle år, og aldri gjort imot det du sa. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. 30 Men når han kjem heim, denne son din, som har øydt opp pengane dine i lag med skjøkjer, då slaktar du gjøkalven åt han!” 31 Då sa far hans: “Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt. 32 Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.”

Han talte om vekking og om det å komme og vere med på møta i kyrkjelyden, som å komme tilbake til Faderhuset. Det er sikkert mange som har vore med tidlegare, men som har kome bort ifrå det og som er som bortkomne søner og døttre og det kan vere mange slike som høyrer på tala på radioen. Han fortalte om seg sjølv at han var voksen opp i den kristne trua, men kom meir og meir bort ifrå det, med alkoholmissbruk og han vart rusavhengig. Han var som den bortkomne sonen og det gjekk 18 år før han vende tilbake til Faderhuset. Sidan har han reist som predikant i mange år og no har han nått pensjonsalderen, men er framleis predikant. Då blir nok han og mange andre som trufast har gått i kyrkjelyden og tent Herren som den heimeverande sonen i forhold til dei som no venteleg vender tilbake til Faderhuset, då blir det fest. Faderen hadde vente dag etter dag på at den bortkomne skulle komme heim att og han oppdaga han langt bort, før han kom fram og kom han i møte. Og så laga han til fest for han, før broren visste noko om det. Han var ute på markane og arbeidde og når han kom heim oppdaga han festen og fekk forklaring på det. Med det same ville han ikkje gå inn, men faren kom ut og tala venleg til han og fekk han med inn på festen. Om vi kjenner oss som den heimeverande sonen og at Faderen ikkje har laga til slik fest for oss, så skal vi berre vere glade for at vi har hatt det så godt. Jau, visst skal vi vere med på festen, vi ventar på at dei skal komme og då skal det verte fest.

 

KOMMENTAR.

Jesus har talt til oss gjennom tyding av tungetale at han vil frelse mange i denne byen, vi skal verte forbausa, når vi ser kva han vil gjere. Etter det eg har forstått har han talt til henne Virtuella gjennom tyding av tungetale og den Heilage Ande har hjelpt henne til å takke og lovprise han, sjølv om ho enno ikkje har vore på møta. Dei er nok som bortkomne søner og døttre og Faderen tek imot dei slik som det er sagt i denne likninga, han såg etter den bortkomne sonen dag for dag og oppdaga han lenge før han var framme ved Faderhuset og gjekk han i møte. Det vart fest. Om vi eller nokon av oss kjenner og oppelver det som den heimeverande sonen, så veit vi at Faderen kom ut til han også og talte venleg til han og sa til han:” alt mitt er ditt”. Sjølvsagt tek vi imot dei gode orda Faderen talar til oss og tek imot invitasjonen til å vere med på festen. Jau, her skal det verte fest og den skal vi vere med på.

Jesus er Guds einborne Son og arva alt saman, alt det som Faderen hadde var hans. Då er det fyrst og fremst han som er som den heimeverande sonen, dette har eg skrive om tidlegare. Men alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, slik vert han den fyrstefødde mellom mange brør. Når vi lever for han, så skal vi leve som han og tene Faderen som han, som den heimeverande sonen. Då er det vel slik med dei aller fleste av oss at vi meir eller mindre kjenner oss igjen både som den bortkomne sonen og den heimeverande sonen. Til tross for at Paulus hadde tent Herren i mange år, kalla han seg sjølv eit ufullbore foster. Han var ikkje fullkomen, men han jaga mot det fullkomne.

Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han, han er vegen vi alle har å gå, for å komme til Faderen.

 

[1] Tala brukar å verte sendt på radio måndag føremiddag.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s