2013.10.06.M. Jesus er den same og gjer dei same gjerningane no.

Søke Gud i løynkammerbøna, kle seg i Guds fulle rustning. Jesus vil samle sine born der han openberrar si kraft. Det folk han dannar og reinsar, skal forkynne hans pris. Søk Herren i alle ting og han vil velsigne deg. Møte i Maranata 6.10.2013.

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Mari:

 

Å, eg vil lovbe (?) til deg, eg vil opphøye deg min Gud og prise deg for frelsa. At du er den du seier deg å vere …. Eg elskar deg, eg opphøyer deg og elskar deg. Eg ser deg og du er min far.

Du ser mi nød. Du ser mine tårer og eg søker deg i nød. Men eg stolar på deg, for du er min Herre og min frelsar. Du ser til mi nød.

 

Tale ved John Miland.

 

John sa han som predikant venta seg å få eit ord ifrå Herren, når han stilte seg fram for å tale, var det ikkje så, følte han at han ikkje ville stille seg fram og tale. Han ville ikkje vere ein “lirekasse-predikant”. Men han meinte han hadde fått eit ord ifrå Herren no også og det ville han dele med oss, så han las om kvinna som vart lækt frå blødingar:

 

MRK 5,25 – MRK 5,34   No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26 Ho hadde vore hjå mange lækjarar og lide mykje, og ho hadde lagt ut alt ho åtte utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27 Ho hadde fått høyra om Jesus. Og no kom ho midt i folkehopen og tok borti kappa hans attanfrå. 28 For ho tenkte: “Om eg så berre får ta i kleda hans, vert eg god att.” 29 Då stogga blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og fri sjukdomen. 30 Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: “Kven var det som tok i kleda mine?” 31 “Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg,” svara læresveinane, “og så spør du kven som tok i deg.” 32 Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33 Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for føtene hans og fortalde han alt som det var. 34 Då sa han til henne: “Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred; du skal vera fri plaga di.”

 

Så minna han oss om profeten Elias som bad om regn på Karmel-fjellet og sende drengen sin av garde for å sjå etter regnet, men han kom tilbake og sa at der var ikkje noko å sjå. Han sende han av garde gang på gang og han kom tilbake med same svaret, først sjuande gangen kunne han fortelje at han såg ei lita sky. Slik har det nok vore for oss når vi venta på vekking og han innrømma at til sine tider hadde han nok sjølv kjent missmodet kome sigande. Men no var han tydeleg meir optimistisk og entusiastisk. Han minna oss om kor viktig det er for oss å takke og lovprise Gud.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

Ja, eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren, men slik som eg var når eg vandra her nede på jorda, eg lækte sjuke, eg dreiv ut vonde ånder, eg viste mi kraft på mange ulike måtar. Sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Derfor vil eg at de, mine barn, de skal søke inn i dykkar løynkammer og rope til meg, og eg skal utruste dykk til denne krafta, så de kan gå ut og gjere dei same gjerningar som eg gjorde, seier Herren. Ja, eg har jo gitt dykk makt til å trå på slangar og skorpionar og over alt fiendens velde og ingen ting skal kunne skade dykk, seier Herre. Når de ikler dykk mi fulle rustning. For sjå, seier Herren, med trua sitt skjold skal de kunne sløkke alle den vonde sine brennande pilar. For sjå, seier Herren, når du har denne rustninga på deg, då er du trygg.

Ja, eg vil samle mine born. Dei skal komme der som eg openberrar mi kraft. Og dei skal gå ut – og dei skal gå ut og gjere dei gjerningar som eg gjorde. For sjå, det folk som eg har danna meg, det folk som eg har reinsa, det skal forkynne min pris gjennom livet. Og sjå, seier Herren, de skal ikkje frykte for noko. For eg skal vere med dykk, seier Herren. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg heile vegen, til verda sin ende. Derfor skal du vere frimodig og løfte hovudet, til forløysinga stundar til, seier Herren. Sjå, eg kjem snart igjen, tida er såre nær. Derfor lev i kontakt med meg, seier Herren. Søk meg når det gjeld alle ting og eg skal velsigne deg, mitt barn. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

Jesus er den same.

HEB 13,8   Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

 

Jesus vil gjere sine gjerningar gjennom oss.

 

JOH 14,8 – JOH 14,14   Filip seier til han: “Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.” 9 Jesus svarar: “No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Utrusta med kraft frå det høge.

 

LUK 24,46 – LUK 24,49 og sa til dei: “Så står det skrive: Kristus skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47 og i hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal ta til i Jerusalem. 48 De er vitne om dette. 49 Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert budde med kraft frå det høge.”

 

APG 1,5 – APG 1,8 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.”   6 {KRISTI HIMMELFERD} Medan dei var samla, spurde dei han: “Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?” 7 Han svara: “Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. 8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.”

 

Guds fulle rustning.

 

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING} Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Trakke på ormar og skorpionar.

 

1MO 3,14 – 1MO 3,15   Då sa Herren Gud til ormen: «Fordi du gjorde dette, skal du vera forbanna framfor alt fe og alle villdyr. På buken skal du krypa, og mold skal du eta alle dine dagar. 15   Fiendskap vil eg setja mellom deg og kvinna, mellom ditt avkom og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei i hælen.”

 

 

LUK 10,18 – LUK 10,20 Då sa han til dei: “Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”

Jesus vil samle sine.

 

ESK 34,1 – ESK 34,31 {DEI RINGE HYRDINGANE OG DEN GODE HYRDINGEN} Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal profetord mot Israels hyrdingar! Tal profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Ve Israels hyrdingar, som berre syter for seg sjølve! Er det ikkje saueflokken dei skal syta for? [Israels hyrdingar: -> Jer 2, 8.] 3 Mjølka brukar de til mat, ulla tek de til klede, og gjøfeet slaktar de; men sauene gjæter de ikkje. 4 De har ikkje styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke og ikkje bunde om dei skadde. Dei som er drivne frå kvarandre, har de ikkje samla, dei bortkomne har de ikkje leita opp, og dei sterke har de kua med vald og makt. 5 Så vart sauene mine spreidde, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding; dei vart til føde for alle slag villdyr. 6 Då flokken min vart spreidd, villa han seg bort på alle fjell og høge haugar. Ut over heile landet vart sauene spreidde, og det er ingen som spør eller leitar etter dei. 7   Difor, hyrdingar, høyr Herrens ord! 8 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sauene mine er sanneleg røva og har vorte til føde for alle slag villdyr, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding. Hyrdingane mine spurde ikkje etter sauene. Dei sytte for seg sjølve og gjætte ikkje sauene mine. 9 Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord! 10 Så seier Herren Gud: Eg kjem over hyrdingane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg set dei av som hyrdingar. Dei skal ikkje lenger syta for seg sjølve. Eg vil berga sauene ut or gapet deira; dei skal ikkje ha dei til føde. 11   Så seier Herren Gud: Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ha tilsyn med dei. 12 Liksom ein gjætar er mellom sauene og tek seg av dei den dagen dei vert spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til den mørke og skytunge dagen då dei vart spreidde. 13 Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land. Så skal eg gjæta dei på Israels-fjella, i dalane og kvar dei elles bur i landet. 14 På gode beitemarker vil eg gjæta dei; på Israels høge fjell skal dei ha sin hamnegang. Der oppe på Israels fjell skal dei roa seg på grøne vollar og gå på feite beite. 15 Sjølv vil eg gjæta sauene mine og la dei få roa seg, seier Herren Gud. 16 Dei bortkomne vil eg leita opp, og dei som er drivne frå kvarandre, vil eg samla. Dei skadde vil eg binda om, og dei sjuke vil eg styrkja. Dei feite og sterke vil eg vakta og gjæta på rett vis. 17   De som høyrer flokken min til, seier Herren Gud, no vil eg skifta rett mellom sauene og mellom verar og bukkar. 18 Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned det som står att i beitemarka dykkar? Og er det ikkje nok at de får drikka det klåre vatnet, om de ikkje skal grumsa til resten med føtene? 19 Skal sauene mine eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til? 20   Difor seier Herren Gud: Sjå, eg vil skifta rett mellom dei feite og dei magre sauene. 21 Sidan de trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna, til de får spreitt dei og drive dei ut, 22 så vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje meir verta til rov. Såleis vil eg skifta rett mellom dei. 23   Eg vil setja éin hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei. Han skal gjæta dei og vera hyrdingen deira. 24 Eg, Herren, vil vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala. 25   Så gjer eg ei fredspakt med dei. Eg rydjar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i øydemarka og sova i skogane. 26 Eg lèt både dei og landet ikring min haug, verta velsigna. Eg sender regn i rett tid, regn som vert til velsigning. 27 Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i landet. Dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og bergar dei frå folk som held dei i trældom. 28 Dei skal ikkje lenger verta eit bytte for folka, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skræma dei. 29   Då steller eg til ein hage som vert til berging for dei. No skal ingen i landet rivast bort av svolt, og dei skal aldri meir måtta tola spott frå dei andre folka. 30 Då skal dei sanna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israel, seier Herren Gud. 31 De, sauene mine, flokken som eg gjæter, de er berre menneske, men eg er dykkar Gud, lyder ordet frå Herren Gud.

 

SKR 13,7 – SKR 13,9 {RESTEN SOM ER REINSA} Vakna, sverd, mot min hyrding, mot mannen som står meg nær, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Slå hyrdingen, og lat sauene spreiast! Mot dei minste vil eg lyfta mi hand. 8   I heile landet, lyder ordet frå Herren, skal to tredjepartar rydjast ut og døy, men ein tredjepart skal leivast. 9   Denne tredjeparten lèt eg gå gjennom eld, eg reinsar han, som ein reinsar sølv, og prøver han, som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg vil høyra bøna deira og seia: “Dei er mitt folk,” og dei skal svara: “Herren er vår Gud.”

 

MRK 14,27 – MRK 14,28 Då seier Jesus til dei: “De kjem alle til å venda dykk frå meg, for det er skrive: Hyrdingen slår eg, og sauene skal spreiast. 28 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.”

 

MTT 23,37 – MTT 23,39 {KLAGE OVER JERUSALEM} Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38 Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. [huset dykkar: templet.] 39 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!”

 

Kommentar.

 

Fyrste bodskapen.

 

I den fyrste bodskapen var det tydelegvis den Heilage Ande som hjelpte henne Virtuella til å lovprise Gud. Barnet lovpriser og takkar Gud for frelsa og for at han er den han har sagt seg å vere. Barnet elskar han som sin far, det er i nød, men søker han i si nød, det stolar på han som sin Herre og frelsar.

 

Tala.

John tala om kvinna som hadde blødningar, ho også var i nød, men prøvde å søke han i det stille, for å få oppleve hans lækjande kraft. Og ho vart lækt i det stille, men så kalla Jesus henne til seg og han forkynte si frelse til henne, trua hennar hadde frelst henne.

Dette var nok også ein bodskap til henne Virtuella i rette tid.

Andre bodskapen.

Det verkar som Jesus tek opp tråden frå fyrste bodskapen med å seie at han er i går og i dag den same, ja, til evig tid, han har ikkje endra seg, han gjer dei same verka i dag, som då han gjekk her på jorda. Ho Virtuella er i nød, det er ein åndskamp, men vi skal utruste oss med krafta frå det høge og ikle oss Guds fulle rustning og vinne den kampen. Han vil gjere sitt verk med henne, han byrja den gode gjerninga med henne og han vil sjølv fullføra den.

Jesus er i går og i dag den same, ja til evig tid, han gjer dei same verka no, som då han gjekk her på jorda. Derfor skal vi søke han i løynkammeret, så vi vert utrusta med denne krafta, så vi kan gjere dei same gjerningane som han gjorde. Vi skal kle oss i Guds fulle rustning og spesielt minner han oss om, at med trua til skjold, skal vi sløkke alle dei brennande pilene frå den vonde.

Jesus vil samle sine born, dei skal komme der som han openberrar si kraft. Og han har sagt at han vil openberre si kraft i henne Virtuella, det trur eg på, han er mektig til å gjere det.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s