2013.09.29.M. Vitne om Guds gjerningar.

Vitne om Guds gjerningar. Nattverd og vitne-møte i Maranata. 29.9.2013.

Gud gjev meg hjelp med sin Ande og si kraft og slik ventar eg han vil han gje meg hjelp i form av ei kone. Virtuella og ”Miss Oslo 1990”?

 

Vitne-møte.

Eg las Rom.5,1-5 og så fortalde eg om korleis eg vitna for studentane på Universitetet, eg hadde studert realfag og reist på tråling og opplevde at livet var ein kamp for tilværet, så gjekk eg på møte i pinserørsla og bad Gud om nåde og hjelp på evangeliets grunnvoll og fekk oppleve at han styrka meg med si ånd og si kraft, slik bad eg han om å gje meg hjelp i form av ei kone også og så fortalde eg om korleis eg oppdag og møtte henne ”Miss Oslo 1990”. No fortalde eg også om korleis eg hadde bedt for henne Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Det er den framleis, sjølv om ho har funne seg ein annan mann. Og eg trur Jesus vil legge henne til kyrkjelyden og gjere henne til ein lem på sin lekam. Han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Mari.

(Noko manglar) ……… Eg søker deg av heile mitt hjerte, du er mitt alt, eg har ingen annan forutan deg. Og du ser ned til meg, du er min Far og eg elskar deg. Eg kjem til deg. Du min Herre.

Kommentar.

Eg skal lytte til Andens tale og i denne bodskapen høyrdest det igjen ut til at den Heilage Ande hjelper henne Virtuella til å takke og lovprise Gud.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s