2013.09.16.M. Ta vare på den fagre skatten.

Ta vare på den fagre skatten. Ta trua til skjold. Jesus vil openberre si kraft mellom sine heilage. Det folk han har reinsa, skal forkynne hans pris. Møte i Maranata 16.09.2013.

 

Tale ved John Miland:

John sa han hadde fått noko frå Herren, for han var det slik at han syntest han ikkje kunne stille seg fram å tala utan at det var noko som Herren hadde gitt han, han venta altså at Herren skulle mine han om eit ord som han skulle lese. Det er vel aller helst slik det skal fungere, når vi kjem saman, vi legg vekt på å bruke nådegåvene. (1.Kor.14,26).

Han talte om då David hadde vorte salva til konge, når filistarane fekk vite det, samla dei styrkane sine mot han. Slik er det gjerne når nokon vert salva av Herren, då samlar fienden styrkane sine mot han. Men David spurde Herren til råds, om han skulle dra ut i krigen mot dei, jau, det skulle han, så han gjekk i strid mot dei og vann. Dei samla seg på nytt og David spurde Herren atter til råds, men no fekk han eit anna svar, han skulle gjere det på ein heilt annan måte, han så gjorde og vann siger på nytt. Det er så lett for oss å tenke at slik gjorde vi det sist og slik gjer vi det igjen, om vi vann siger slik som vi gjorde det sist, så kan det vere lett for å tenke at vi gjer det på same måten igjen. Men sjølv om David vann siger fyrste gangen, så spurde han Herren til rådes igjen og no sa Herren til han at han skulle gjere det på ein heilt annan måte. Slik brukte David å gjere det, han spurde Herren om råd og han fekk råd og han følgde det. Han var salva til konge og med den salvinga fekk han oppleve at Herren var med han og gav han råd. Slik leia Herren David og folket sitt til siger.

Når Saul vart salva til konge, var der nokre menn som vanvørde han og spurde kva hjelp kunne han gje dei, men Saul ignorerte det. Men sidan vart Saul ulydig mot Herren og miste salvinga. David vart salva til konge i staden for han og då forfølgde Saul David, så Saul vart Davids fiende og streid mot han, så han streid mot den som Gud hadde salva. Deretter sa han nokre få ord om Davids fall og omvending. Han bad Gud om nåde, så han atter kunne forkynne Guds veg til syndarar. John stilte mange predikantar overfor same problemstillinga, om dei har falt i synd, har dei då gjort opp si sak med Gud, slik som David gjorde, så dei har vorte i stand til å forkynne Guds veg til syndarar? For mange av dei kan det vel vere slik at det laupet uansett er køyrt. (Jfr. Saul).

1SA 10,26 – 1SA 10,27 Saul fór òg heim til Gibea, og med han fylgde det nokre stridsmenn, som Gud hadde skote det i hugen på. 27 Men nokre gudlause menn sa: “Kva hjelp kan denne mannen gje oss?” Og dei vanvørde han og kom ikkje med hyllingsgåve til han. Men han lest ikkje merka det.

 

2SA 5,17 – 2SA 5,25 {DAVID VINN OVER FILISTARANE} Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og fór ned til fjellborga. [fjellborga: -> 1 Sam 22, 4] 18 Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen. [Refa’im-dalen: grøderik dal sørvest for Jerusalem. Sml. Jos 15, 8; 18, 16.] 19 Då spurde David Herren til råds: “Skal eg dra opp mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?” Herren svara David: “Dra du; eg vil gje filistarane i dine hender.” 20 Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: “Herren har brote igjennom fiendens rekkjer for meg liksom vatn bryt igjennom ei demning.” Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim. [Ba’al-Perasim: Perasim, fleirtal av peres, tyder gjennombrot.] 21 Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David og mennene hans tok dei med seg. 22   Men filistarane kom att endå ein gong og spreidde seg ut over Refa’im-dalen. 23 Då spurde David Herren til råds, og han svara: “Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Ta ein omveg og kom attanfor dei! Gå så på dei midt for balsamtrea! 24 Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du storma fram. For då har Herren drege ut framføre deg og vil slå filistarhæren.” 25 David gjorde som Herren hadde sagt; og han slo filistarane og forfylgde dei frå Geba til bort imot Geser.

 

SLM 51,8 – SLM 51,15   Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta, så lær meg visdom i hjartedjupet! 9   Reinsa meg for synd med isop, vaska meg, så eg vert kvitare enn snø! 10   Lat meg kjenna fryd og glede, lat dei bein du knuste, jubla! 11   Løyn ditt åsyn for mine synder, og stryk ut all mi skuld! 12   Gud, skap i meg eit reint hjarta, gjev meg ei ny og stødig ånd! 13   Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn, ta ikkje frå meg din Heilage Ande! 14   Lat meg atter få fryda meg over di frelse, hald meg oppe med ei viljug ånd! 15   Så vil eg læra brotsmenn dine vegar, og syndarar skal venda om til deg.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.

 

AKTUELLE BIBELVERS.

 

2TI 1,13 – 2TI 1,14   Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

JOH 10,8 – JOH 10,10 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

MTT 13,19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen.

EFE 6,16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde.

JAK 4,6 – JAK 4,10 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. 8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! 9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk.

JOH 10,27 – JOH 10,30 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. 28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. 29 Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. 30 Eg og Faderen er eitt.”

 

HEB 3,7 – HEB 3,10 {I DAG, OM DE HØYRER HANS RØYST} Difor, som Den Heilage Ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst, 8   så gjer ikkje hjarto dykkar harde som den gongen fedrane dykkar trassa meg, den dagen dei eggja meg i øydemarka. 9   Der eggja dei meg og sette meg på prøve, 10   endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år. Difor fekk eg uvilje mot denne ætta og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta, dei kjenner ikkje mine vegar.

ÅPE 3,13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

MTT 28,18 – MTT 28,20 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

HEB 3,7 – HEB 3,10 {I DAG, OM DE HØYRER HANS RØYST} Difor, som Den Heilage Ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst, 8   så gjer ikkje hjarto dykkar harde som den gongen fedrane dykkar trassa meg, den dagen dei eggja meg i øydemarka. 9   Der eggja dei meg og sette meg på prøve, 10   endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år. Difor fekk eg uvilje mot denne ætta og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta, dei kjenner ikkje mine vegar.

SLM 91,1 – SLM 91,16 {UNDER GUDS VERN} Den som sit i livd hjå Den Høgste og bur i skuggen av Den Allmektige, 2   han seier til Herren: “Mi livd og borg, min Gud som eg set mi lit til!” 3   Ja, han bergar deg frå jegerens snare, frå pest som tyner. 4   Med sine fjører løyner han deg, under hans venger finn du livd.   Hans truskap er skjold og vern. 5   Du skal ikkje reddast for skræmsler om natta, for piler som flyg om dagen, 6   for pest som snikjer seg fram i mørkret, for sott som herjar middagstider. 7   Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, så skal ikkje ulukka nå deg. 8   Du skal berre vera vitne til det og sjå at dei gudlause får si løn. 9   For du seier: “Herren er mi livd.” Den Høgste har du gjort til din bustad. 10   Inkje vondt skal koma over deg og inga plage nå ditt telt. 11   For han skal gje sine englar påbod at dei skal verna deg på alle dine vegar. 12   Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten på nokon stein. 13   På løve og orm skal du trakka, ungløve og orm skal du trø under fot. 14   “Eg bergar han, for han held seg til meg; eg gjev han livd, for han kjenner mitt namn. 15   Når han kallar på meg, svarar eg; eg er med han i naud og trengsle, eg friar han ut og gjev han ære. 16   Eg mettar han med mange dagar og lèt han sjå mi frelse.”

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s