2013.08.18.M. Lovprise Jesus mellom heidningane.

Fortelje om Jesu gjerningar. Han vil frelse menneske, sette dei fri og gjere dei til nye skapningar. Møte i Maranatha 18.8.2013.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

 

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Sjå, det var eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen. Eg er den same i dag. Den som vil sleppe meg til i sitt liv, han skal få oppleve, at eg formår å løyse band og lenker. For den eg får frigjort, seier Herren, han vert verkeleg fri. Og du skal få oppleve, seier Herren, at eg legg ein ny song i din munn. Og du skal lovsynge meg og prise meg gjennom alle tider. For sjå, seier Herren, eg har behag i dykk som priser og ærar mitt namn. Derfor skal du vere frimodig, mitt barn, og du skal løfte opp din røyst og prise meg mellom heidningane. Fortel om mine gjerningar og ver frimodig, seier Herren, for den har stor løn.

Ja, mitt kome, det er såre nær. Sjå, eg kjem snart igjen, for å hente dei som forventar meg. Og eg har jo sagt i mitt ord korleis det skal vere før eg kjem. Og når de ser det som skjer rundt forbi i verda, så skal de vite det, at eg har sagt det i mitt ord. Det skal vere krig og rykte om krig. Folk skal reise seg mot folk, det skal vere hunger og det skal vere pest. Og jorda, den skal beve og den skal skjelve. Sjå, seier Herren, dette har eg talt om i mitt ord og når de ser dette, då skal de ikkje miste motet og ikkje sjå på det. Men de skal løfte dykkar hovud, for forløysinga stundar til. Eg kjem snart, eg kjem snart, seier Herren. Derfor ver oppteken med det som er der oppe, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre. Men sjå på meg som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Også i denne by så har eg mange eg skal frelse. Det er mange som er tynga av synda, det er mange som er tynga av band og lenker. Men eg Herren, eg skal vise mi kraft i endetida. Og de skal verte forundra, når de ser alle dei som kjem til meg og eg set dei fri og dei får oppleve å verte nye skapningar. Og sjå, dei vert nye, dei vert til eit anna menneske, når dei får møte meg. For dette er kva eg vil gjere i endetida. Amen.

 

Aktuelle bibelvers:

 

SLM 27,1 {HERREN ER MITT LJOS OG MI FRELSE} Av David.   Herren er mitt ljos og mi frelse, kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv, kven skulle eg skjelva for?

SLM 27,13 – SLM 27,14   Eg trur for visst at eg skal få sjå Herrens godhug her i livsens land. [livsens land: jorda.] 14   Venta på Herren, ver frimodig og sterk! Ja, venta på Herren!

HAG 2,4 – HAG 2,5   Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel! lyder ordet frå Herren. Ver frimodig, Josva Jehosadaksson, du øvsteprest! Ver frimodig, alt folket i landet! lyder ordet frå Herren. Gå og arbeid, for eg er med dykk! lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 5   Den lovnaden gav eg dykk då de drog ut or Egypt. Og min Ande bur imellom dykk. Ver ikkje redde!

1JO 4,13 – 1JO 4,19   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s