2013.05.26.M. Gud vil støtte den som heilhjarta held seg til han.

Guds auge fer utover heile jorda, for at han kan støtte den som heilhjarta held seg til han.Vere stille og bie på Herren og få oppleve at han svarar på bønene til dei heilage. Nattverdsmøte med bønn og vitnemål i Maranata 26.5.2013.

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John Miland:

Ja, seier Herren, mitt auge fær over heile jorda, for at eg kan støtt den som heilhjerta held seg til meg. Sjå, eg søker etter menn og kvinner i denne tid, som vil vie sitt liv for meg og som hungrar og lengtar etter den kraft som eg kan gi. Sjå, eg skal i sanning høyre deira bøner og eg skal svare ifrå min heilage himmel. Dei skal få oppleve, at den kraft som var verksam i fordoms tid, den skal virke i denne siste tida. Dei skal få sjå forunderlege ting, seier Herren. Ver stille for meg, for sjå, eg kjem, eg kjem ganske snart. Men før eg kjem, så skal eg vise mi kraft og dei skal få sjå, at eg lever, den gamle av dage.

Det folk eg skal bruke i endetida, det er eit folk som eg har lutra, som eg har reinsa, seier Herren, det skal vere med og forkynne mine gjerningar. Det er eit folk som er helga meg, seier Herren. Og sjå, eg Herren, eg har byrja eit verk i det folk i dag og sjå, eg skal svare på deira bøner. De skal få oppleve at det de har bedt om i mange år, det skal eg svare på, seier Herren. For sjå, eg er ein bønnhøyrande Gud, sjølv om du synest det dryger og det tek tid, men sjå, seier Herren, eg kjem når tida er inne. Så ver stille, seier Herren og bi på meg, for den som bier på meg, han skal ikkje verte skuffa, men han skal få oppleve at eg svarar på dei heilage sine bøner. Amen.

 

Aktuelle bibelvers:

 

2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”

2MO 14,14 Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.”

JES 41,1 {HERREN HAR KALLA KYROS} Ver stille, de øyar og strender, og høyr på meg, lat folka samla nye krefter! Lat dei koma og tala si sak, lat oss saman gå fram for retten!

 

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

 

SLM 31,25   Ver sterke og frimodige, alle de som ventar på Herren!

SLM 33,20   Vi ventar med lengsle på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold.

SLM 37,9   For dei som gjer vondt, skal rydjast ut, men dei som ventar på Herren, skal arva landet.

SLM 130,5   Eg ventar, ja vonar på Herren, eg ventar på hans ord.

SLM 147,11   Herren har hugnad i dei som ottast han og ventar på hans miskunn.

JES 30,18   Men Herren stundar etter å vera dykk nådig; difor reiser han seg og vil visa dykk miskunn. For Herren er rettens Gud. Sæle er alle som ventar på han!

JES 40,31   Men dei som ventar på Herren, får ny kraft; dei lyfter vengene som ørnar, dei spring og trøytnar ikkje, dei går og mødest ikkje.

JES 60,9   Øyar og strender ventar på meg. Fremst går Tarsis-skipa. Langt bortanfrå fører dei dine søner og deira gull og sølv med dei, til ære for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, som gjev deg slik heider.

KLA 3,25   Herren er god mot dei som ventar på han og søkjer han.

MIK 5,6 {JAKOBS REST} Mellom mange folk skal Jakobs rest vera som dogg frå Herren, som ei regnskur på gras. Dei ventar ikkje på nokon mann og vonar ikkje på menneske.

LUK 12,36 Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å lata opp så snart han kjem og bankar på.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s