2013.05.13.Maranata. Forkynne Guds fulle råd til frelse.

Søke Gud i løykammerbøna, kle seg i Guds fulle rustning, i Guds kraft, lytte til Andens tale, gå den vegen Jesus stakar ut for meg. Halde fram Guds Ord, seie det Ordet seier.

 

Tale ved John Miland.

John sa han ville lese eit bibelvers som Herren hadde minna han om heile siste veka:

JOH 4,4 – JOH 4,10 Han laut fara gjennom Samaria, 5 og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket Jakob gav Josef, son sin. 6 Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen. 7   Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: “Lat meg få drikka!” 8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. 9 “Korleis har det seg,” seier kvinna, “at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?” For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane. 10 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.”

Jesus måtte fare gjennom Samaria på si ferd og då tok han kontakt med denne kvinna og det forbausa henne, for samaritanane var eit blandingsfolk av jødar og heidningar og var derfor ikkje heilt godtekne mellom jødane, så der var lite samkvem mellom desse folka. Med si livsferd var ho sikkert ikkje heilt godteken mellom samaritanane heller og Jesus var ein profet som visste det, men han byrja med å forkynne Guds nåde for henne, han ville gje henne livets vatn for inkje og det var det ho trengde mest av alt. Deretter sa han det som hadde gått gale i livet hennar og ho sanna det ved å kalla han ein profet. Så for ho inn i byen og fortalde om han og slik vart ho eit vitne om han, ein forkynnar som spreidde den glade bodskapen. Det som ingen ting var i denne verda, det valde Gud seg ut for å gjere det vise og det sterke til skamme.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same, eg har ikkje forandra meg. Sjå, når eg gjekk her nede på jorda og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen. Sjå, då gjekk eg inn i gjerningar som min Far hadde lagt ferdige for meg. Og eg kunne gå inn i dei og eg utførde det etter Guds vilje, seier Herren. Og sjå, eg var åleine i bønn, eg var aleine i løynkammeret. Men når eg kom ut, så hadde eg fått openberringar ifrå min Far og han kunne fortelje meg kva eg skulle gjere. Og eg hadde sett det i mitt indre kva som ville møte meg når dagen byrja. Derfor utførte eg teikn, under og mirakel og folket undra seg kvar eg hadde denne krafta ifrå. For sjå, seier Herren, eg var ikledd den Høgste si kraft. Og sjå, den krafta, den er tilgjengeleg for deg i dag, seier Herren. Dersom du vil søke meg i løynkammeret og innvie ditt liv for meg, så skal eg utruste deg, seier Herren. Og du skal få oppleve å gå ut og gjere dei gjerningar som eg gjorde, seier Herren. Eg vil ikkje at du mitt barn, skal vere uverksam, men eg vil at du skal komme inn i Andens atmosfære, du skal høyre kva Anden seier i denne tida, og så skal du lytte etter det og så skal du gjere det rette, seier Herren. Ikkje snu deg om til høgre eller venstre, men gå den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. For sjå, då skal velsigninga kvile over deg.

Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg Herren skal reinse, eg skal lutre dei. Og eg skal fylle dei med den Heilage Ande og eld, seier Herren. Og eg skal sende dei ut, eg skal stille dei opp på muren. Og dei skal forkynne mitt Ord, reint og klart. Dei skal ikkje legge noko til eller trekke noko ifrå. Men dei skal forkynne heile mitt råd til frelse, for det har eg befalt dei, seier Herren. Når dei forkynner heile mitt råd til frelse og ikkje tek omsyn til menneskelege bod og reglar, men forkynner kva eg har sagt i mitt Ord, for det er det som betyr noko, seier Herren, det er det som er sanning, seier Herren. Derfor, mitt barn, ver ikkje tilbakehalden i denne tida, men haldt fram mitt Ord og sei kva mitt Ord seier. Og du skal få oppleve å verte velsigna og salva av meg, seier Herren. Amen.

 

Aktuelle bibelvers:

 

 

HEB 13,8   Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

 

EFE 2,10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

 

MTT 6,6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

 

ÅPE 2,7   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

ÅPE 2,11   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

 

1JO 5,7 – 1JO 5,8 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.

 

2KO 4,6 – 2KO 4,7 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

 

LUK 24,49 Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert budde med kraft frå det høge.”

 

ÅPE 3,18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.

 

JES 52,11 {FAR BORT FRÅ BABYLON!} Far bort, far bort frå Babylon! Ikkje rør noko ureint! Dra ut or byen og reinsa dykk, de som ber Herrens kar! [Herrens kar: kanskje dei heilage tempelkara som Nebukadnesar hadde ført bort til Babylon. Sml. Esra 1, 7.]

JER 4,14   Jerusalem, reinsa hjarta ditt for vondskap, så skal du verta berga. Kor lenge vil du hysa vonde tankar i hugen din?

JER 33,8 Eg vil reinsa dei for all skuld dei førte over seg då dei synda mot meg, og tilgje dei alle misgjerningane dei gjorde mot meg då dei svikta meg.

DNL 11,35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.

DNL 12,10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.

SKR 13,1   Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for Jerusalems-buane til å reinsa bort synd og ureinskap.

EFE 5,26 så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord.

TIT 2,14 For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville fria oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med ihuge gjer gode gjerningar.

HEB 9,14 kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud.

HEB 10,22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.

JAK 4,8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga!

1PE 1,22   I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta!

 

ESK 33,2 Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann.

ESK 33,7   Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.

 

FRK 3,14   Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han.

 

ÅPE 22,18 – ÅPE 22,19   Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka; 19 og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s