2013.04.21.M. Gud elskar menneska med ein evig kjærleik.

Jesus kom for å frelse syndarar. Han kom med forløysande ord, som gav dei framtid og håp. Evangeliet er ingen religion som vert lessa på folk, men ein bodskap som set dei fri.

 

Innleiing.

SLM 121,1 – SLM 121,8 {HERREN ER DIN VAKTAR} Ein song til festferdene.   Eg lyfter mine augo til fjella: Kvar kjem mi hjelp ifrå? 2   Mi hjelp kjem frå Herren, han som skapte himmel og jord. 3   Han lèt ikkje foten din vera ustø, din vaktar blundar ikkje. 4   Nei, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar. 5   Herren er din vaktar, Herren er din skugge, han er ved di høgre hand. 6   Sola skal ikkje stikka deg om dagen og månen ikkje skada deg om natta. [månen: Etter gamal tru kunne månen valda sjukdom og anna ulukke. Sml. Matt 17, 15.] 7   Herren skal vara deg frå alt vondt og verna om ditt liv. 8   Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.

 

Tale ved John Miland.

John sa at han hadde vor vane å vente at Herren skulle minne han om eit ord når han stilte seg fram for å forkynne og slik var det no også, Herren hadde minna han og følgjande bibelvers:

LUK 4,18 – LUK 4,19   Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein gledebodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom, og at blinde skal få sjå, for å løysa dei trælka or tvang 19   og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Han sa at vi er så avhengige av denne salvinga at dersom vi ikkje er salva til forkynnargjerninga, så kan vi like gjerne late det vere. Igjen sa han noko om desse bibelskulane og seminara med masse elevar og så ventar dei seg at når dei kjem ut derifrå, så føler dei seg så ovanpå og ventar seg at dei med ein gong gå ut og forandre verda. Men det er meir eit spørsmål om vekst. Så minna han oss om å vere trugne i det små, dersom du er trugen i det små, så skal Herren sette deg over større ting. Så fortalde han om korleis Herren hadde stadfesta for han at han hadde kalla han til ei forkynnargjerning, der kom ein profetisk bodskap om at han skulle få sjå at ein som hadde ledgikt skulle stå opp og danse. Eit par månadar etterpå kom der inn i møtelokalet ein mann som var så skral av leddgikt at kona støtta han på eine sida og døttra på den andre. I slutten av møtet kom dei og spurde om han ville be for han. Han gjekk berre ned til han og sa:” I Jesu namn stå opp og dans”. Og mannen berre spratt opp og dansa rundt og det heldt han på med ei lang stund. Sidan var han så sprek at han gjekk ut i skogen og veda.

 

Tyding av tungetale:

Ja, seier Herren, eg er i går og i dag den same og blir det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg. Når eg kom til denne jorda, så kom eg for å frelse syndarar. Og sjå, eg heldt meg nær til dei og dei heldt seg nær til meg. Eg kom med eit forløysande ord, eit ord som gav dei framtid og håp. Og sjå, eg elskar menneska med ein evig kjærleik. Og eg vil ikkje nokon syndars død, men eg vil at alle skal omvende seg og leve. Det er derfor eg kom, seier Herren. Derfor, mitt barn, skal du la deg gripe av denne bodskapen. Og du skal gå ut og du skal verte ein sjelevinnar. Og du skal vitne om meg og fortelje dei om at evangeliet, det er ingen religion som vert lessa på folket, men det er ein bodskap som set menneske fri.

Ja, eg skal samle mine born i denne siste tida. Sjå, desse som eg skal bruke i denne siste tid, det er born som eg har lutra, som eg har reinsa og som eg har rusta ut til å gå ut i denne striden. Og i denne striden duger det ikkje med menneskelege våpen, seier Herren. Men du må inn i mitt rustningskammer og ikle deg min fulle rustning, seier Herren. Og gå ut med det sverdet som eg har gitt dykk, som er mitt eige Ord. Og det skal de bruke, seier Herren. Og de skal få oppleve at eg skal gi dykk kraft. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på vanskane, men sjå opp til meg, seier Herren, for eg er Allmaktens Gud og i meg og i min kraft, så formår du alt. Amen.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s