2013.03.10&04.14.M. Kveike nådegåva, vere brennande i ånda.

Jesus gjer i stand ein verestad til oss. Sjå på han. Jesus drog deg opp av gjørma og sette dine føter på ein klippe og han la ein ny song i din munn.

Kveike nådegåva. Jesus gjer i stand ein verestad til oss. Sjå på han. Møte i Maranata 10.3.2013.

 

 

Innleiing.

Turid Miland bad om Guds salving over møtet og spurde om der var nokon som hadde eit ord til innleiing. Oddbjørg kom fram og las ifrå S.Ordt, eg er ikkje sikker på kva vers det var, men eg meiner det var frå kapittel 21 og det var noko med lys eller skin, så eg tek med dei 4 fyrste versa:

OSP 21,1 – OSP 21,4 {DEN RETTVISE ER FAST OG STØ I SI ÅTFERD} Som rennande bekker er kongens hjarta i Herrens hand; han leier det dit han vil. 2   Ein mann kan synast at all hans ferd er rett, men Herren prøver menneskehjarto. 3   At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer. 4   Stolte augo og hovmodig hjarta, ljoset åt dei gudlause, er synd.

 

Tale ved John Langerud.

 

2TI 1,6 – 2TI 1,7   Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

RMR 12,11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

JOH 14,1 – JOH 14,4 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET} Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.”

Han las nokre ord ifrå Heb.11 og held fram med byrjinga av Heb.12, eg tek med:

 

HEB 11,39 – HEB 11,40   Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova. 40 For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.

HEB 12,1 – HEB 12,3 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR} Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

 

 

 

Kveike nådegåva, vere brennande i ånda. Møte i Maranatha søndag 14.4.2013.

 

Innleiing.

John Miland sa Herren hadde minna han om eit vers som han ville lese:

2TI 1,6 – 2TI 1,8   Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. [fange: Paulus skriv brevet frå fengslet i Roma. Sjå 1, 16 f; 4, 16.]

 

Tale.

John Langerud las ifrå:

FIL 2,5 – FIL 2,11 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! 6   Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik. 7   Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik.   I si ferd var han som eit menneske; 8   han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. 9   Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn, 10   så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, 11   og kvar tunge sanna: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!

 

HEB 4,14 – HEB 4,16 {PRØVD I ALT} Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

HEB 5,1   Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.

 

Tungetale ved John Miland, tyding ved John Langerud:

Eg ynskjer å oppmuntre deg her i kveld, seier Herren, eg har frelst deg, teke deg ut av mørkret, drog deg opp av det djupaste gjørme og eg har sett dine føter på ein klippe. Og eg har lagt i din munn ein ny song, ein lovsong til meg. Eg kjenner din situasjon, alt er nake og bart innfor meg. Du treng ikkje å gøyme deg og prøve å skjule det for meg. Men i kveld skal du få lov til å legge det fram for meg og erkjenne og du skal få oppleve på nytt igjen, at du som før var brennande, du skal igjen få lov til å kjenne at det begynner å brenne i ditt hjerte. Du som før elska å lese Guds Ord, du skal igjen få lov til å kjenne, at lysta er tilbake og eg skal vere der ved den Heilage Ande og herleggjere og openberre skriftene for deg. Og du skal berre få lov til å kjenne på ny, så er det ei glede å lese skriftene.

På tross av omstenda, jau då, du kan verte lei deg, jau då, du kan ha lyst til å gråte, jau då, du kan nok seie det nyttar ikkje, det går ikkje, eg har prøvt det før. Men eg ynskjer i kveld å oppmuntre deg, kom til meg, du som strevar og har tungt å bere. Og eg skal gi deg kvile. Og du skal få lov til å kjenne i kvardagslivet ditt, at eg er der, eg trøystar deg, eg styrkar deg ved min Ande og du skal få lov til å kjenne at eg er i går og i dag den same og eg blir det til evig tid. Og eg ynskjer og eg vil verne -, verne om deg, seier Herren. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

 

SLM 40,1 – SLM 40,18 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN} Til korleiaren. Ein Davids-salme. 2   Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3   Han drog meg opp or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og lét meg gå med faste steg. 4   Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren. 5   Sæl er den mann som set si lit til Herren, og ikkje held seg til dei stolte, til dei som fell frå i lygn. 6   Herre, min Gud, mange under har du gjort, og mange tankar har du til vårt beste; ingen kan mæla seg med deg. Vil eg tala og fortelja om dei, er dei reint uteljande. 7   Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på, – du har opna mitt øyra; brennoffer og syndoffer krev du ikkje. 8   Då sa eg: “Sjå, her kjem eg. I bokrullen er det skrive om meg. 9   Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst, eg har di lov i mitt hjarta.” 10   Eg forkynte bodskapen om frelsa i den store samling. Eg lét ikkje att mine lipper; det veit du, Herre. 11   Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv, eg tala om din truskap og di frelse. Di miskunn og di sanning forkynte eg ope i den store samling. 12   Herre, du vil ikkje ta di miskunn frå meg. Di miskunn og di sanning skal alltid verna meg. 13   Eg har tallause trengsler på alle kantar, mine misgjerningar tek meg att, – eg kan ikkje lenger lyfta augo; dei er fleire enn håra på mitt hovud. Eg har reint mist motet. 14   Herre, gjer vel og fri meg ut! Skund deg og hjelp meg, Herre! 15   Lat alle som står meg etter livet, verta til spott og spe! Lat dei som vil tyna meg, dra seg tilbake med vanære. 16   Dei som spottar meg og ropar “ha-ha”, skal stivna av redsle og skam. 17   Men lat alle som søkjer deg, fegnast og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid seia: “Stor er Herren!” 18   Eg er hjelpelaus og fattig, men Herren har omsut for meg. Du er min hjelpar og bergingsmann; dryg ikkje lenger, min Gud!

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s