2013.02.03&17. Sjå på apostelen og øvstepresten Jesus.

Jesus vekker mitt reine samvit, at eg skal sjå på han gjennom alle ting, i alle livets tilskikkingar og forhold. Han gjev meg ei herleg og vidunderleg kvile, som overgår min menneskelege forstand.

Sjå på apostelen og øvstepresten Jesus. Møte i Maranatha 3.2.2012.

 

Tale.

Tore Kristiansen tala over Heb.2,14-3,6:

 

HEB 2,6 – HEB 2,18 Om dette er det ein som har vitna ein stad: Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug, ein menneskeson, sidan du tek deg av han? [ein menneskeson: Sitatet frå Salme 8 vert her nytta om Jesus, Menneskesonen.] 7   Ei lita stund sette du han lågare enn englane. Så krona du han med herlegdom og ære. 8   Alt la du under hans føter. Når det står: “Alt la du under han”, då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han. 9 Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle. 10   For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar. 11 Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør. 12 Han seier: Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lovsyngja deg. 13 Og like eins: Eg vil setja mi lit til han. Og endå ein stad: Sjå, her er eg og dei born Gud har gjeve meg. 14   Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv. 16 For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av. 17 Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket. 18 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista.

HEB 3,1 – HEB 3,6 {JESUS ER STØRRE ENN MOSES} Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest, Jesus. 2 Han var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var trufast i heile Guds hus. 3 Jesus var verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større ære enn huset han byggjer. 4 Eit hus må alltid vera bygt av einkvan; men den som har bygt alt, det er Gud. 5 Moses var trufast i heile Guds hus, som tenar. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast. 6 Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er vi, så sant vi heilt til det siste held fast på frimodet og den vona vi rosar oss av.

Jesus vekker mitt reine samvit, at eg skal sjå på han gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkingar. Møte i Maranata søndag 17.2.2013.

 

Innleiing.

Åse innleia med nokre vers ifrå Heb.10,1-18:

 

HEB 10,1 – HEB 10,18 {KRISTI OFFER TEK BORT SYNDA} Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne. 2 Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd. 3 Men offera er kvart år ei påminning om synd. 4 For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder. 5   Difor seier Kristus når han stig inn i verda: Slaktoffer og gåve ville du ikkje ha, men ein lekam laga du til meg; 6   brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på. 7   Då sa eg: Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive om meg. 8   Fyrst seier han: “Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,” endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: “Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.” Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle. 11   Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder. 12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne. 15   Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren: 16   Såleis er den pakta eg vil gjera med dei i dagar som kjem. Og så seier han: Eg vil leggja mine bod i hjarto deira og skriva dei i hugen deira. 17   Og syndene og misgjerningane deira vil eg aldri meir koma i hug. 18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

 

Tale ved Per Bergan:

 

 

1KO 15,1 – 1KO 15,11 {OPPSTODA} Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i. 2 Ved det vert de frelste dersom de held fast på det ordet eg forkynte – så sant de ikkje til fånyttes har kome til tru. 3 For fyrst og fremst overgav eg dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene våre etter skriftene, 4   at han vart gravlagd, at han stod opp att tredje dagen etter skriftene, 5  og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv. 6 Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre er avsovna. 7 Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. 8 Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster. [ufullbore foster: Ordlaget seier at det var noko uvanleg med apostelkallet åt Paulus. Han vart kalla til apostel etter at Jesus hadde døytt og stått opp att, og på ein heilt annan måte enn dei andre apostlane. Sjå Apg 9, 3 ff.] 9 For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfylgt Guds kyrkje. 10 Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengd. For eg har arbeidt meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. 11 Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.

 

 

Tungetale ved Åse, tyding ved Per Bergan:

 

Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2013. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s