2014.10.12.M.Eg skal glede meg i frelsa, så vil Gud gje meg det mitt hjarte attrår.

Eg skal glede meg i Herren og i hans frelse så vil han gje meg det som mitt hjarte attrår. Feste blikket på Jesus og verte fylt av hans Ande, hans salving og hans kraft. Møte i Maranatha 12.10.2014.

 

        Innleiing ved John Miland.

 

HAB 3,17 – HAB 3,19   For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18   Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19   Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.

Om så det er ”bånn i bøtta”, til samanlikning med dette, så kan vi likevel sjå opp til Jesus og glede oss i hans frelse og lovprise han.

 

Tale ved Terje.

 

Terje talte om reinsinga i Jesu blod.

1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

 

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

HEB 4,1 – HEB 4,2 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE} Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.

JOH 13,31 – JOH 13,35 {EIT NYTT BOD} Då han hadde gått, sa Jesus: “No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart. 33 Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.”

MTT 20,25 – MTT 20,28 Men Jesus kalla dei til seg og sa: “De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei. 26 Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre; 27 og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre. 28 Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.”

RMR 13,8 {KJÆRLEIKEN ER OPPFYLLING AV LOVA} Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova.

1JO 4,11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s