2014.10.05.M. Til lov og ære for Guds herlegdom.

Eg skal lovprise Jesus for frelsa mellom heidningane og han vil legge ein ny pris til min pris.

 

Innleiing.

 

Ei kvinne som heitte Åse innleia med å minne oss om at Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han sende oss den Heilage Ande. Når han gjekk her på jorda,var han begrensa, men når han vart teken opp til himmelen og sende oss den Heilage Ande, då er han ikkje lenger avgrensa liksom den Heilage Ande ikkje er avgrensa, han er over heile jorda og vi får oppleve at han er med oss over alt.

JOH 14,18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.

Så leia ho oss i lovprising og det vart kraftige saker, ei kvinne kom med tungetale, det var kanskje ho og ho tyda det. Jesus sa til meg noko om at eg skulle glede meg i hans frelse, gleda i han skulle vere min styrke.Gleda skulle vere som eit kjede om min hals, så menneska rundt meg la merke til det, så dei kunne seie om han som lever med Herren, at han gleder seg. Og dei får oppleve at gleda smittar over på dei.

 

Tale ved Arne[1].

 

EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5   I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6   til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7   I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8   som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9   då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11   I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12   Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13   I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14   han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.

 

SLM 29,1 – SLM 29,11 {HERRENS RØYST} Ein Davids-salme.   Gjev Herren ære, de gudesøner, gjev Herren ære og makt! [gudesøner: -> Job 1, 6.] 2   Gjev Herren den ære hans namn skal ha; bøy dykk for Herren i heilagt skrud! 3   Herrens røyst lyder over vatnet, den herlege Gud lèt tora slå, Herren over det veldige havet. 4   Herrens røyst lyder med velde, Herrens røyst med herlegdom. 5   Herrens røyst knekkjer sedrar, Herren knuser sedrane på Libanon. 6   Han får Libanon til å hoppa som ein kalv og Sirjon-fjellet som ein villokse. [Sirjon-fjellet: Hermon. Sjå 5 Mos 3, 8 f.] 7   Herrens røyst spreier logande eld; 8   hans røyst får øydemarka til å skjelva, han får Kadesj-øydemarka til å skjelva. 9   Herrens røyst får hindene til å kalva, ho gjer skogane snaue.   Alt i hans tempel ropar: “Ære!” 10   Herren tronar over himmelhavet, han tronar som konge til evig tid. 11   Herren gjev folket sitt kraft, han signar det med lukke og fred.

 

Tungetale ved ein mann og John Miland tyda det:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

3MO 22,20 Noko som det er lyte på, må de ikkje ofra; for då har Herren ikkje hugnad i dykk.

3MO 22,29   Når de ber fram eit takkoffer for Herren, skal de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk.

RMR 12,1 – RMR 12,5 {DET KRISTNE LIVET} Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

 

[1] Det var visst son til henne som innleia.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s