2014.09.14.M. Gud talte og det skjedde, han er underets Gud.

Eg står overfor ei oppgåve som eg ikkje kan klare i eiga kraft. I eiga kraft klarer eg ikkje noko, men i Guds kraft klarer eg alt. Dersom du trur, skal du få sjå Guds rike. Gud tek seg ut eit folk i denne tida.

 

Innleiing ved Mari.

 

Mari las noko frå 1.Kor om evangeliet som motsetnad til den verdslege visdomen og minna oss om å halde oss til evangeliet.

1KO 2,1 – 1KO 2,5 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA} Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

 

Tale ved John Miland.

 

John sa fyrst noko om dåpen før han byrja med det han hadde vorte minna om:

2KO 11,3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Så han hadde opplevt å verte baktala og hadde opplevt det sårande, men vart minna om at då skal han glede seg, det gjorde han og det gjorde han godt.

MTT 5,11 – MTT 5,12   Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.

Så talte han om nokre av dei som trudde, til tross for at det verka ufornuftig for verdslege menneske. Om Peter som gjekk på vatnet. Abraham som venta i tru på at han skulle få den sonen som var han lova, sjølv om både han og Sara etter naturen var for gamle til det. Naman som skulle dukke seg i Jordan 7 gongar. Etter to og tre dukkertar var der framleis ingen skilnad. Han samanlikna det med oss som ventar på vekking, vi er framleis berre nokre få på møta. Men det er mange slike småmøte han hugsar best, for han fekk oppleve at Jesus var der og gjorde storverk. Men her var poenget at Naman måtte halde fram med å dukke seg i jordan i tru, sjølv om det ikkje viste resultat, før han steig opp av jordan sjuande gongen. Når profetsveinane gjekk for å hogge tømmer, til å utvide huset, var der ein som miste øksa i Jordan. Profeten hogg ein kjepp og kasta den i vatnet, den gjekk ned og øksa flaut opp, stikk i strid med det naturelge. Og når Josva førde folket rundt Jeriko, ein gong for dag i seks dagar og sju gongar den sjuande dagen, så såg det også meiningslaust ut. Då skulle dei ikkje seie noko. Og kvifor det? Kanskje nettopp fordi dei ville komme til å seie at dette var meiningslaust og ufornuftig, Josva er i kjøtet og har funne på dette sjølv. Og slik ville det spreie seg tvil i folket. Men i staden skulle dei berre teie stilt og følgje Josva og når dei hadde gått rundt byen slik som Herren hadde sagt, så reiv han ned muren og dei inntok byen.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John:

Sa eg ikkje, at dersom du trur, så skal du få sjå mitt rike. Då skal du få oppleve store ting, seier Herren. Då skal du få oppleve ting, ja, større ting enn du har forstand til å be meg om. For sjå, det er eit folk som eg skal ta ut i denne siste tida, det er eit folk som trur meg for store ting. For sjå, det er ingen ting som er umogeleg for meg. Eg er underets Gud. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der. Eg er den som nemner det som ikkje er til, som om det var til, seier Herren. Eg er den som eg har sagt meg å vere. Du kan stole på det eg har sagt i mitt ord. For sjå, seier Herren, mange skal gå ut på mine lovnadar og dei skal få oppleve store ting. Og eg skal bruke dei, eg skal salve dei med mi kraft og dei skal gå ut og løyse dei bunde og sette plaga i fridom, ved mi kraft, så skjer ……., seier Herren. Ved di eiga kraft, så formår du ingen ting, men i mi kraft, så formår du alt, seier Herren. Dersom du handlar på ord ifrå meg, så får du oppleve at eg er med og stadfester ordet med dei medfølgjande teikn. For sjå, eg vi forherlege mitt eige namn i denne tida, seier Herren. Derfor ver frimodig, ver sterk, mitt barn. Ha tru til meg og du skal få oppleve store ting i tida som kjem.

Sjå korleis det ser ut i verda i dag. De høyrer om krig og det er rykte om krig, det er krig overalt, seier Herren. Og det er pest og det er store problem over den ganske jord. Men eg har jo sagt at det skal vere slik i dei siste dagar. Kva skal de gjere då? Eg har sagt det i mitt ord, at de løfter hovudet til forløysinga stundar til. Det er teikn på at eg kjem snart igjen, seier Herren. Fortvil ikkje, for eg skal gøyme deg i mi hytte, på den vonde dag, eg skal bevare mine, seier Herren. Du som har teke din tilflukt til meg, du har ingen ting du, – å frykte. Men du skal stole på meg, seier Herren, for eg har sagt i mitt ord, eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Halleluja.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s