2014.07.20.M. Gud har fredstankar med oss. Innta det landet eg har i Kristus.

Jesus talar livets Ord inn i min situasjon og løfter meg opp så, eg skal sjå over omstenda og sjå inn i det landet og det riket som han har for meg. Gå ut og bere frukt som varer. Møte i Betel Volda 20.7.2014.

 

Innleiing ved møteleiar.

Han som innleia las eit vers i frå Galatarbrevet og ifrå Ef.1:

EFE 1,3 – EFE 1,6 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5   I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6   til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.

Så sa han at vi har ikkje fått barnekåret med våre eigne prestasjonar, det er ikkje noko vi kan eller skal prøve å gjere oss fortent til med våre prestasjonar. Det er Gud som i kjærleik og av eigen fri vilje har gitt oss det. Han samanlikna det med Paulus som fortalde den romerske offiseren at han var romersk statsborgar. Då gjekk kommandanten gjekk ut og spurde han korleis han hadde fått romersk statsborgarskap, sjølv hadde han kjøpt det for dyre domar. Då kunne Paulus fortelje at han var fødd med det. (Apgj.22,24-29).

 

Tale ved Kjell Ohldick.

 

Kjell las ifrå Jer.29:

JER 29,11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Så sa han at vi predikantar brukar ofte å ta eitt vers, ja, kanskje berre ei setning, ut ifrå sin samanheng og tale utifrå det og inn i den situasjonen menneske er i. Og det er ikkje noko gale i det. Men no ville han sjå det i samanheng. Nebukadnesar hadde bortført folket til Babylonia (Jer.29.1) og som salmisten sa, vart dei likevel bedne om å synge sine lovsongar, men korleis kunne dei synge Sions songar på framand jord? Men i vers 4 seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, at det er han som har bortført dei til Babylonia. Der skal dei leve eit normalt liv, gifte seg, få born, vekse i tal og be for den byen dei er bortførde til, at de må gå den vel, for då går det dei vel også. Etter 70 år, vil han føre dei tilbake til Jerusalem.

JER 29,1 – JER 29,7 {BREVET TIL DEI BORTFØRTE I BABYLONIA} Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia. 2 Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane. 3 Brevet vart frambore av Elasa Sjafansson og Gemarja Hilkiason, som Juda-kongen Sidkia sende til Babylonia, til babylonarkongen Nebukadnesar, og det lydde så: 4   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.

Dette samanlikna han med Paulus sine ord om å be for alle som er i høg stilling, så vi kan leve eit stilt og rolig liv.

1TI 2,1 – 1TI 2,4 {FØRESKRIFTER FOR GUDSTENESTA} Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske. 2 Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 3 Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, 4 han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna.

Det kan vere mange som blir så gripne av entusiasme for å forkynne evangeliet, at dei skaper oppsikt, når vi har ein så god og viktig bodskap å bringe, korleis kan vi då leve eit stilt og rolig liv? Men her seier Paulus at nettopp det er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, han som vil at alle menneske skal verte frelst og læra sanninga å kjenna.

Liksom jødane måtte vente i 70 år før dei fekk kome heim att til landet sitt, må vi vente på Jesu gjenkome, men med den skilnaden at vi veit ikkje når det skjer.

JER 29,10 – JER 29,14   Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. 12   Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

Dei 70 åra samanlikna han med ein mannsalder her på jorda, så skal vi heim til vårt heimland i himmelen, til samanlikning med at jødane skulle få vende heim att til landet sitt. Er det då slik at vi syter og klager over tilværet, så vi henger frå oss harpene og spør oss korleis vi kan synge Sions songar på framand jord. Eller innser vi at Gud har sett oss her, til samanlikning med at han førde jødane til Babylonia, innser vi at han har bruk for oss der vi er, ser vi den oppgåva han har for oss i lokalmiljøet. Jødane skulle leve eit normalt liv i Babylonia, slik skal vi leve eit normalt liv i den byen Guds ender oss til, legge vinn på å vere til gagn for byen, då gagnar det oss sjølve og. Og samtidig vende oss til vår Gud, vere himmelvende. Slik skal vi vere vitne om han i lokalmiljøet.

Ved Jesu gjenkome skal det vere slik som i Noas dagar, folk gifte seg og vart bortgifte. Folk lever eit normalt liv, den eine og den andre mæl ved kverna, men den som har vendt seg til Kristus og som soleis er himmelvend, vert teken bort.

MTT 24,37 – MTT 24,44 {VER BUDDE NÅR HERREN KJEM!} Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att. 42   Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset. 44 Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

 

Tungetale med tyding, ved Hans Reite.

I slutten av møtet innbaud møteleiar til forbønn og to mann kom fram. Då kom Hans Reite med tungetale med tyding:

Ja, eg har tala til dykk, seier Herren, eg har tala til dykk for å oppmuntre dykk. Eg talar ifrå himmelen, ja, eg talar endå i dag, seier Herren. Eg talar livets ord, inn i din situasjon. Ja, gjev akt på mitt ord og eg skal løfte deg opp, seier Herren, eg skal løfte deg opp på høgare grunn, slik at du ser over omstenda, slik at du ser inn i det landet, det riket som eg har for deg, seier Herren. Og du i tru skal få lov å gå inn og innta det landet du har i meg. Lenge nok har du berre sett rundt deg og vore fortvila. Men sjå opp til meg, for dei som såg opp til meg, seier Herren, dei stråla av glede, deira åsyn raudna aldrig av skam. Ja, morgonstjerna skal gå opp i ditt hjerte, seier Herren, eg, den klare morgonstjerne, sjå, eg kjem snart, seier Herren. Vent på meg, mitt folk, ver ved godt mot, vent på meg, som eg har talt. Eg har ei gjerning for deg i denne tid. Eg har ei gjerning, for at du skal gå ut og bere frukt, frukt som varer, seier Herren. Ja, derfor skal du søke mitt åsyn i denne tid og eg skal møte deg. Eg har framtidstankar for deg, ikkje tankar til ulykke, men for å gje deg framtid og håp. Eg elskar deg med ein evig kjærleik. Derfor skal eg bevare deg i denne tida, til du ein dag står berga, heime hos meg, seier Herren. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

HEB 12,18 – HEB 12,29 {SINAI OG SION} De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: “Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.” 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: “Eg er så redd at eg skjelv.” 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, [Sion-fjellet: tempelhøgda i Jerusalem. Sjå 2 Sam 5, 6 ff; Sal 48.] 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: “Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.” 27 Her står det: “endå ein gong”. Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld. 2KO 5,1 – 2KO 5,2   For vi veit at om vår lekams jordiske hus vert nedrive, så har vi i himmelen ein bygning som er av Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. [telt: vanleg bilete på lekamen.] 2 Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å verta overkledde med vår bustad frå himmelen. [overkledde: med den nye lekamen etter oppstoda.]

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen.

EFE 2,4 – EFE 2,10   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

5MO 1,6 – 5MO 1,8   Herren vår Gud tala såleis til oss ved Horeb: “Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet. 7 Ta no ut og far til fjell-landet åt amorittane og til grannefolka deira i Jordan-dalen, i fjellbygdene og i Sjefela, i Negev og utmed havet, til Kanaan-landet og til Libanon, heilt bort til Storelva, Eufrat. [Sjefela: låglandet i Juda, ned mot Middelhavskysten.] 8 Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Far av stad og ta det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.”

5MO 2,1 – 5MO 2,7 {FERDA I ØYDEMARKA} Sidan vende vi oss mot øydemarka og tok vegen til Sevsjøen, som Herren hadde sagt til meg, og i lang tid fór vi og sveiv kring Se’ir-fjella. 2 Då sa Herren til meg: 3 “Lenge nok har de fare kring desse fjella. Ta no leia mot nord! 4 Du skal seia til folket: Når de fer fram gjennom Se’ir, landet åt frendane dykkar, Esau-sønene, kjem dei til å verta redde for dykk. Men de skal akta dykk vel 5 at de ikkje går til strid mot dei. Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for eg har late Esau få Se’ir-fjella til eigedom. 6 Den maten de treng, lyt de kjøpa av dei for pengar, og vatnet de drikk, lyt de òg betala for. 7 Herren din Gud har velsigna deg i alt du har teke deg føre. Og han har sytt for deg på ferda gjennom den store øydemarka. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting vanta.”

HEB 4,1 – HEB 4,16 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE} Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa: Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for. 14 {PRØVD I ALT} Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

SLM 34,1 – SLM 34,11 {SMAK OG SJÅ AT HERREN ER GOD!} Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna. [Abimelek: Det er tenkt på Akisj, kongen i Gat. Sjå 1 Sam 21, 10-15.] 2   Støtt vil eg prisa Herren, stendig vil eg lovsyngja han. 3   Eg rosar meg av Herren, dei hjelpelause gleder seg når dei høyrer det. 4   Lat oss saman lova Herren og prisa hans store namn! 5   Eg søkte Herren, og han svara meg, frå alt som skræmde, berga han meg. 6   Sjå opp til han, og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam! 7   Ein stakkar ropa, og Herren gav svar, han frelste han frå alle trengsler. 8   Herrens engel slår leir til vern for dei som har age for Herren, og friar dei ut or fare. 9   Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som flyr til han. 10   Ottast Herren, de hans heilage folk! Dei som ottast han, lid inga naud. 11   Unge løver må svelta og lida sakn; men dei som søkjer Herren, vantar det aldri noko godt. *

2PE 1,3 – 2PE 1,21 {TRUA SKAL SYNA SEG I LIVET} Då vi lærte han å kjenna som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke, gav han oss i si guddommelege makt alt som tener til liv og gudsfrykt. 4 Dermed har han gjeve oss dei dyraste og største lovnader; ved dei skulle de få del i guddommeleg natur etter at de har sloppe bort frå oppløysinga i verda, den som kjem av lystene. 5   Gjer difor alt de kan så trua viser seg i eit rett liv, og det rette livet i skjøn, 6 skjønet i sjølvtøyming, sjølvtøyminga i tolmod, tolmodet i kristen livsferd, 7 den kristne livsferda i brorskap og brorskapen i kjærleik. 8 For når alt dette finst hjå dykk og får veksa, då vert de ikkje yrkeslause eller utan frukt i kunnskapen om vår Herre Jesus Kristus. 9 Men den som ikkje har dette, han er nærsynt, ja, blind; han har gløymt at han er reinsa for sine førre synder. 10   Difor, brør, må de setja endå meir inn på å gjera dykkar kall og utveljing fast. For gjer de dette, skal de aldri falla. 11 Då skal de få ein fri og open inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike. 12 {KRISTI HERLEGDOM OG PROFETORDET} Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk. 13 Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg er i denne lekams telt. 14 For eg veit at det snart skal leggjast bort; det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita. 15 Og det er om å gjera for meg at de alltid skal minnast dette, når eg er borte. 16   For det var ikkje oppdikta eventyr vi fór med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg hans guddommelege velde. 17 For Gud Fader gav han ære og herlegdom den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: “Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.” 18 Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen, då vi var saman med han på det heilage fjellet. 19   Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar. 20   Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

ÅPE 2,26 – ÅPE 2,29   Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga. 27 Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast. 28 Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna. 29   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

ÅPE 22,12 – ÅPE 22,17 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn. 16   Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.” 17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

JOH 15,16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn.

JER 29,11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

JER 31,1 – JER 31,6 {ENDÅ EIN GONG SKAL EG BYGGJA DEG} På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk. 2   Så seier Herren: Det folket som slapp unna sverdet, har funne nåde i øydemarka. Israel skal fara av stad og finna ro. [har funne nåde i øydemarka: liksom i tida før innvandringa. Sml. Hos 2, 14.] 3   Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:   Med evig kjærleik har eg elska deg, difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved. 4   Endå ein gong skal eg byggja deg, ja, du skal byggjast, Israel, du unge møy. Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer og gå ut i dansen med dei glade. 5   Endå ein gong skal du planta vinhagar på Samaria-fjella; og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta. 6   Ja, det kjem ein dag då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet: Kom, lat oss fara opp til Sion, til Herren vår Gud!

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA} Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12   Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s