2014.06.08.M. Ut i dansen med dei glade.

Jesus leier meg inn i det lova landet, eg skal gå den vegen som han stakar ut for meg. Pinsemøte i Maranata. 8.6.2014.

 

Innleiing.

Ein mann song og spela og las frå Bibelen, han las mellom anna frå Johannes Evangeliet om lovnaden om den Heilage Ande og frå Jes.44,.3…:

JES 44,1 – JES 44,5 {HERREN VELSIGNAR ISRAEL} Men høyr no, Jakob, min tenar, du Israel, som eg har valt ut! 2   Så seier Herren, han som har skapt deg og laga deg og hjelpt deg alt frå mors liv:   Ver ikkje redd, du min tenar Jakob, Jesjurun, som eg har valt ut! [Jesjurun: -> 5 Mos 32, 15.] 3   For eg vil renna vatn over det tyrste og straumar over det turre. Min Ande vil eg renna ut over di ætt og mi velsigning over dine etterkomarar. 4  Dei skal veksa opp som sev i vatn, som poplar attmed bekkefar. 5   Ein skal seia: “Eg høyrer Herren til”, ein annan skal kalla seg med Jakobs namn. Ein skal skriva i si hand: “For Herren”, og Israel skal han få til ærenamn.

 

Tale ved John Miland.

 

Han la ifrå 1.Kor,1,17… 1KO 1,17 – 1KO 1,31 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM} Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive: Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. 26   Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Han fortalde at han brukte å forkynne det som den Heilage Ande minna han om, overtydde han om, sa til han. Sjølv om det stakk dei i hjertet, jfr. Apg.2.37. Han fortalde om ein plass han hadde vorte invitert som predikant og så sa han det som den Heilage Ande hadde minna han om og då var der nokre som reiste seg og flaug på dør. Han fekk ikkje komme tilbake der som predikant. Seinare fekk han gjennom omvegar vite at det var fordi han var for evangelisk i si forkynning.

APG 2,14 – APG 2,42 {PETERS TALE OG DEN FYRSTE KYRKJELYDEN} Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei: Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine! 15 Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. 16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel: 17   I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord, dei unge mennene skal sjå syner, og dei gamle mellom dykk skal ha draumar. 18   Jamvel over trælane og trælkvinnene mine vil eg renna ut min Ande i dei dagar, og dei skal tala profetisk. 19   Eg lèt teikn syna seg oppe på himmelen og teikn nede på jorda: blod og eld og røykskyer. 20   Sola skal mørkjast og månen verta som blod, før Herrens dag kjem, den store og strålande. 21   Og kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. 22 Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til. 23 Han vart gjeven i dykkar hand så som Gud føreåt hadde fastsett og visste om, og de lét menn som ikkje kjenner Guds lov, nagla han til krossen og drepa han. 24 Men Gud reiste han opp att og lét døden gje han frå seg. Døden kunne ikkje halda på han. 25 For David seier om han: Alltid hadde eg augo vende mot Herren, for han er ved mi høgre side, så eg ikkje skal rikkast. 26   Difor var det glede i mitt hjarta og jubel på mi tunge, ja, jamvel lekamen skal bu med von. 27   For du skal ikkje la mi sjel verta verande i dødsriket og ikkje la din Heilage gå til grunne. 28   Du har lært meg livsens vegar, og du skal fylla meg med glede for ditt åsyn. 29 Brør, lat meg tala ope og endefram til dykk om David, ættefaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hjå oss den dag i dag. 30 Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans. 31 Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle verta verande i dødsriket, og det var lekamen hans som ikkje skulle gå til grunne. 32 Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om. 33 Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer. 34 For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand 35   til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter! 36 Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias. 37   Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: “Kva skal vi gjera, brør?” 38 Peter svara: “Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. [så de får tilgjeving for syndene: før attgjeve: til forlating for syndene.] 39 For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.” 40 Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: “Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!” 41 Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. 42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. [brødsbrytinga: nattverden.]

APG 19,1 – APG 19,7 {PAULUS I EFESOS} Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar 2 og spurde dei: “Fekk de Den Heilage Ande då de kom til tru?” “Nei,” svara dei, “vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.” 3 “Kva dåp vart de då døypte med?” spurde han. “Med Johannes-dåpen,” svara dei. 4 Då sa Paulus: “Dåpen åt Johannes var ein omvendingsdåp, og medan han døypte, sa han til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, og det er Jesus.” 5 Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til namnet åt Herren Jesus. 6 Og då Paulus la hendene på dei, kom Den Heilage Ande over dei, og dei tala i tunger, og dei tala profetisk. 7 Det var om lag tolv menn i alt.

Desse svarde ærleg at dei hadde ikkje ein gong høyrt om at der var nokon Heilag Ande. Dei svarde ærleg, tok imot Jesus i tru og let seg døype til hans namn. Då kom den Heilage Ande over dei og utrusta dei med dei åndelege nådegåvene, så dei tala i tunger og tala profetisk.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John:

Ja, seier Herren, dersom du er villig, så skal du få ete av landets gode ting. Då skal du få oppleve at eg skal leie deg inn i det land som flyt av mjølk og honning. Du skal få kjenne velsigninga på alle måtar, seier Herren. Men dersom du er villig til å gå den veg som eg stakar ut for deg, som eg leier deg på, ikkje sjå på problema, ikkje sjå på vanskane, men gå den veg som eg har staka ut for deg, seier Herren, då skal velsigninga strøyme over deg og du skal få vere til velsigning.

Også deg, lokkar eg ut, seier Herren, ut i fritt rom. Ja, eg lokkar deg ut i dansen med dei glade. For eg har då sagt i mitt ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og du mitt barn, som kjenner deg sørgmodig, du kjenner missmodet knuge over deg, mang ein gang. Men eg har då sagt i mitt ord, eg har ikkje gitt deg mismodets ånd, men eg har gitt deg krafta, visdomen og kjærleikens ånd. Og eg vil at du skal vende ditt blikk til meg, seier Herren, sjå på meg, som er trua sin opphavsmann. Fryd deg og gled deg i mi frelse, fryd deg over at eg har skrive ditt namn i livsens bok, seier Herren. Og når du byrjar å glede deg og fryde deg over dette, så skal du få kjenne salvinga skal komme over ditt liv. For sjå, seier Herren, når du fylgjer meg og går i mine fotspor, så skal du få oppleve mi salving. Amen.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s