2014.05.18.M.Eg skal la Gud ta hand om meg, han vil fullføre sitt verk med meg.

Verte driven av den Heilage Ande og få oppleve å gå i ferdiglagde gjerningar. Møte i Maranata 18.5.2014.

 

Innleiing ved Mari.

 

Tale ved Tore Kristiansen.

 

Jesajas hadde sagt ve over folket, men etter møtet med Herren, måtte han seie ve over seg sjølv og. Tore las berre om det siste (Jes.6), men eg tek med dei tidlegare ve-ropa og.

 

JES 1,4 {VE DET SYNDIGE FOLKET!} Ve det syndige folket, det skuldtyngde folket, ætlingar av illgjerdsmenn, søner som ber seg ille åt! Dei har gått bort frå Herren, vanvørdt Israels Heilage og snutt ryggen til han.

JES 1,24   Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Veldige: Ve, eg vil sløkkja harmen min på mine motstandarar og hemna meg på mine fiendar! [Israels Veldige: Jakobs Veldige. -> 1 Mos 49, 24.]

JES 3,8 – JES 3,12   Ja, Jerusalem snåvar, og Juda fell, for i ord og gjerning står dei Herren imot og trassar hans herlege åsyn. 9   Deira andletsuttrykk vitnar imot dei, og liksom folket i Sodoma talar dei utan dulsmål om si synd. Ve dei! Dei fører ulukke over seg. [Sodoma: -> 1, 10.] 10   Sei at det går den rettferdige vel, han skal nyta frukta av sine gjerningar. 11   Men ve den gudlause! Han går det ille, han får att for det han har gjort. 12   Mitt folk har born til styresmenn og kvinner rår over det. Mitt folk, dine leiarar fører deg vilt, gjer vegen du går på, til villstig.

JES 5,8 – JES 5,12 {VEROP} Ve dei som legg hus til hus og åker til åker, til det ikkje meir finst rom, og de sit att åleine i landet! 9   Frå Herren, Allhærs Gud, kling det i øyro mine: Sanneleg, mange hus skal verta aude, store, gode gardar skal stå tome. 10   For ein vingard som kan pløyast på ti dagar, skal berre gje av seg ein bat, og ein homer såkorn berre ein efa. 11   Ve dei som står tidleg opp om morgonen og jagar etter sterk drikk, som sit lenge utover kvelden eldraude av vin. 12   Dei held gilde med lyre og harpe, tromme og fløyte – og vin. Men Herrens gjerning ansar dei ikkje, dei har ikkje syn for det hans hender har gjort.

JES 5,18 – JES 5,23   Ve dei som dreg skulda til seg med vondskaps sterke tog og slepar på synd som med vognreip! 19   Dei seier: “Lat han skunda seg og gjera sitt verk så fort at vi kan få sjå det! Lat det henda, det Israels Heilage har fastsett, lat det koma, så vi får oppleva det!” 20   Ve dei som kallar det vonde godt og det gode vondt, dei som gjer mørker til ljos og ljos til mørker, beiskt til søtt og søtt til beiskt! 21   Ve dei som er vise i eigne augo og kloke i eigne tankar! 22   Ve dei som er heltar – til å drikka vin, og djerve karar – til å blanda sterk drikk, 23   som frikjenner den skuldige for pengar og ikkje lèt den skuldlause få sin rett!

JES 6,5 – JES 6,8 Då sa eg: “Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lipper, og eg bur mellom eit folk med ureine lipper, og augo mine har sett Kongen, Herren, Allhærs Gud.” 6 Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo, som han hadde teke med ei tong frå altaret. 7 Med den rørte han ved munnen min og sa: “Sjå, denne har rørt ved lippene dine. Di skuld er borte, di synd er sona.” 8 Så høyrde eg Herrens røyst: “Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?” Då sa eg: “Sjå, her er eg, send meg!”

MTT 16,15 – MTT 16,18 “Og de,” spurde han, “kven seier de at eg er?” 16 Då svara Simon Peter: “Du er Messias, den levande Guds Son.” 17 Jesus tok til ords og sa: “Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. [Peter: Det greske ordet Petros er ei omsetjing av det arameiske Kefa, som tyder stein, berg.]

LUK 5,1 – LUK 5,11 {PETERS FISKEFANGST} Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. 2 Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. 3 Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten. 4   Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: “Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.” 5 “Meister,” svara Simon, “vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.” 6 Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. 7 Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. 8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: “Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.” 9 For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. 10 Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: “Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!” 11 Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.

JOH 21,3 – JOH 21,14 Simon Peter seier til dei andre: “Eg vil av og fiska.” “Vi går med, vi òg,” sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko. 4   Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5 Jesus sa til dei: “De har vel ikkje noko fisk, born?” “Nei,” svara dei. 6 “Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,” sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: “Det er Herren.” Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog nota med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre to hundre alner om lag. 9   Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød. 10 “Kom hit med noko av den fisken de fekk,” sa Jesus til dei. 11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota. 12 Jesus sa til dei: “Kom og få mat!” Ingen av læresveinane våga å spørja han: “Kven er du?” Dei visste at det var Herren. 13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken. 14   Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.

Peter fekk oppleve store ting med Herren og kunne nok ofte føle seg ”opp i skyene”, men vart teken ned att på jorda. Tore fortalde om predikantar som steig i popularitet som ballongar mot himmelen, men som det vart stukke hol på. Ein pastor i ei pinsekyrkje i Stockholm viste Åge Samuelsen rundt i det nye flåtte lokalet deira, med dåpsbasseng i marmor og ein flått talarstol. Då sa Åge: ”Og Jesus vart fødd i ein stall”.

 

 

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore.

 

La meg få lov til å ta hand om deg. Følg du berre mitt Ord, så skal du få kjenne, om enn du synest det går smått, så skal likevel eg som byrja, eg skal fullføre verket i deg. Og etter som du full – kjenner verket fullføres, så skal lengselen etter å bli lik meg, i all min herlegdom, styrkast, og du skal få oppleve – du skal gå ifrå herlegdom og til herlegdom. Du skal gå frå høgde til høgde. Du skal gå i større innrømming og erkjenning. Og eg skal vinne skikkelse i deg. Og du skal få oppleve, at det er eg som fyller deg, det er eg som lever i deg. Det er eg som openberra min stordom i ditt liv.

Eg vil ikkje at du skal vere passiv, eg vil ikkje at du skal verte sitjande. Eg vil ikkje at du skal sitje der tafatt. Men eg ynskjer at du skal innfor mitt åsyn byrje å begjære av meg, byrje å rope til meg, byrje å søke meg. La Anden i ditt indre byrje å drive deg og du skal få lov til å oppleve at eg skal fylle deg med min aktivitet, med min energi, med min drivkraft og når min drivkraft ved den Heilage Ande byrjar å drive deg, då skal du få oppleve å trå i ferdiglagde gjerningar, som eg har lagt ferdige for at du skal gå i dei. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

 

JES 29,15 – JES 29,16 {KRUSMAKAREN OG LEIRA} Ve dei som nede i det djupe løyner for Herren det dei har føre! Dei gjer sine gjerningar i mørkret og seier: “Kven ser oss, kven veit om oss?” 16   Kor bakvendt de tenkjer! Skal ikkje krusmakaren aktast høgare enn leira? Kan verket seia om handverkaren: “Han har ikkje laga meg,” og kjeraldet om krusmakaren: “Han skjønar seg ikkje på slikt?”

JES 64,7   Men du, Herre, er då vår far! Vi er leira, og du har skapt oss, alle er vi eit verk av di hand.

JER 18,1 – JER 18,6 {LEIRA I HANDA PÅ KRUSMAKAREN} Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 “Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.” 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det. 5   Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

SLM 33,20   Vi ventar med lengsle på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold.

SLM 84,3   Mi sjel lengta, ja brann av lengsle, etter Herrens tempelgardar. No jublar hjarta og kropp mot den levande Gud. [tempelgardar: -> 65, 5.]

2KO 3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

GLT 2,19 – GLT 2,21 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21 Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.

RMR 8,9 – RMR 8,17 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s