2014.05.04.M. Gud vil velsigne meg og gjere meg til ei velsigning.

Gå den vegen som Jesus stakar ut for meg, han går føre meg og banar vegen for meg. Møte i Maranata 4.5.2014.

 

Innleiing ved John Miland:

 

1KG 12,28 – 1KG 12,32 Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: “No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.” 29 Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan. [Betel og Dan: heilagdomar lengst sør og lengst nord i Nordriket.] 30 Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der. 31 Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta. 32 {DOMSORD MOT ALTARET I BETEL} Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ei høgtid liksom den store høgtida i Juda, og han bar fram offer på altaret. I Betel gjorde han det så: Han ofra til kalvane han hadde laga, og lét prestar frå offerhaugane som han hadde skipa til, gjera teneste i Betel. [ei høgtid: svarar til lauvhyttehelga i Juda. Men Jeroboam valde den åttande månaden i staden for den sjuande, v. 33. Sml. 3 Mos 23, 39; 1 Kong 8, 2. 65.]

I vår tid er det mange som på liknande vis vender seg bort frå Herren.

Tale ved John Langerud:

Han sa noko om gjenfødinga og om at Jesus kallar til seg alle som streva og har tungt å bere, hos han skal dei få kvile. Han las noko frå Hebrearbrevet om å tre fram for Gud.

Tyding av tungetale ved John Miland:

Ja, seier Herren, dersom du er villig til å høyre på mi røyst og gjere kva eg seier til deg, da skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Og du skal vite det, seier Herren, at eg har berre det som er godt for deg. Eg vil ditt eige beste. Men føresetnaden for det, det er at lyder meg og går den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. Sjølv om det kan sjå vanskeleg ut, det kan sjå umogleg ut, då skal du vite det, seier Herren, at ingen ting er umogleg for meg. For eg har sagt i mitt ord at eg vil gå fram føre deg. Bommar av jern vil eg hogge sund og haugar vil eg slette, sånn at du skal gå på ein bana og rydda veg. Derfor gå i tru, seier Herren, og du skal få oppleve at du kjem ikkje på skam.

Du skal vite at eg er rik nok for alle som påkallar meg, sjå, den som opnar seg for meg og vil ta imot det eg har å gje, han skal få oppleve at han får eit godt og stappa, rista måltid i fanget, seier Herren. For sjå, eg er ingen karrig Gud, men eg ynskjer å velsigne deg og du skal vere til velsigning, mitt barn. Derfor ver frimodig, ver ikkje beskjeden, men gå fram på dei lovnadane som eg har gitt deg, seier Herren. For eg står bak mitt ord og eg har då sagt i mitt ord at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

Ja, eg prisar deg og lovsyng deg, min frelsar og Herre, fordi du har gjenløyst meg, du har fylt meg med glede og fred i hjertet. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg midt i kyrkjelyden. Og eg takkar deg fordi eg kjenner at du leier meg kvar ein dag. Og eg har no sagt at eg vil tene deg og gjere din vilje. Då skal du hjelpe meg og du skal gje meg råd med ditt auge. Og snart så kjem du for å hente meg heim til herlegdomen. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, min frelsar og Herre. Amen.

Aktuelle bibelvers.

 

Ete det gode i landet.

 

5MO 6,10 – 5MO 6,18   No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg. Der er det store, fine byar som du ikkje har bygt, 11 hus fulle av alle gode ting som du ikkje har samla, utgravne brunnar som du ikkje har grave, vingardar og oliventre som du ikkje har planta. Når du kjem dit og får eta deg mett, 12 ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. 13 {HERREN DIN GUD SKAL DU OTTAST OG TENA} Herren din Gud skal du ottast, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja. 14 Hald dykk ikkje til andre gudar, som grannefolka dykkar dyrkar. 15 For Herren din Gud, som er midt imellom dykk, han er ein brennhuga Gud. Han kunne harmast på deg og rydja deg ut frå jorda. 16   De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, så som de gjorde ved Massa. 17 Legg vinn på å halda dei lover, bod og føresegner som Herren dykkar Gud har gjeve deg, 18 og gjer det som er rett og godt i hans augo. Då skal det gå deg vel, og du skal få koma inn i det gode landet som Herren svor at han ville gje fedrane dine, og ta det i eige.

 

5MO 8,1 – 5MO 8,20 {DET GODE LANDET} Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda. Då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, og ta det i eige. 2   Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. 3 Han audmykte deg og lét deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn. 4 Kleda dine vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra. 5 Så må du då skjøna at Herren din Gud vil oppseda deg liksom ein mann oppsedar son sin. 6 Hald boda åt Herren din Gud! Gå på hans vegar, og ha age for han! 7   Sanneleg, Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som kjem fram i dalane og på fjella, 8 eit land med kveite og bygg, med vintre, fikentre og granataplar, eit land med oliventre og honning. 9 Der skal du ikkje leva i armod og ikkje vanta noko. Der er det jern i steinane, og der kan du bryta ut kopar or fjellet. 10 Når du så får eta deg mett, skal du prisa Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg. 11 {GLØYM IKKJE HERREN DIN GUD!} Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda lovene, boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag. 12 Når du kan eta deg mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, 13 når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mykje gull og sølv og all din eigedom veks, 14 ta deg då i vare så du ikkje vert hovmodig og gløymer Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. 15 Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege øydemarka, mellom eiterormar og skorpionar, gjennom eit turt og vasslaust land. Og or harde fjellet lét han vatn strøyma fram åt deg. 16 Han gav deg manna i øydemarka, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt gjete. Alt dette gjorde han av di han ville audmykja deg og prøva deg og så gjera vel imot deg til sist. 17   Difor skal du ikkje tenkja med deg sjølv at det er di eiga kraft og di sterke hand som har vunne deg denne rikdomen. 18 Nei, kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Såleis vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid, som han gjer det i dag. 19 Men gløymer du Herren din Gud og held deg til andre gudar, dyrkar dei og bøyer deg og tilbed dei, då er det ute med dykk, det seier eg dykk for visst. 20 Liksom dei folkeslaga som Herren gjer ende på for dykk, såleis skal de òg gå til grunne, fordi de ikkje ville lyda Herren dykkar Gud.

 

Lyde Kristus.

 

APG 5,30 – APG 5,32 Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og tok livet av. 31 Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand og gjort han til hovding og frelsar, så Israel kan førast til omvending og få tilgjeving for syndene. 32 Vi er vitne om alt dette, vi og Den Heilage Ande, som Gud har gjeve dei som lyder han.”

 

HEB 5,4 – HEB 5,10 Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron. 5   Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han: Du er son min, eg har født deg i dag. 6 Og som han seier ein annan stad: Du skal vera prest til evig tid på Melkisedeks vis. 7   Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. 8 Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid. 9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han; 10 Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.

RMR 1,5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn.

RMR 16,25 – RMR 16,27   Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av den løyndomen som har vore duld frå evige tider, 26 men som no er komen for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er han no kunngjord for alle folkeslag for å føra dei til lydnad og tru. 27 Han, den einaste vise Gud, skal ha ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.

1PE 1,1 – 1PE 1,2 {HELSING} Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever i framande land, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, 2 dei som er utvalde slik Gud Fader føreåt hadde fastsett, og ved Anden vigde til lydnad og til reinsing ved Jesu Kristi blod. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!

1PE 1,13 – 1PE 1,25 {DE SKAL VERA HEILAGE} Så spenn då beltet om livet, ver budde i hug og tanke og hald dykk vakne! Set dykkar von fullt og fast til den nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg. 14 Som lydige born skal de ikkje lenger fylgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande. 15 Han som kalla dykk, er heilag; så skal de òg vera heilage i all dykkar ferd. 16 For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag. 17 De påkallar Gud som Far, han som ikkje gjer skil på folk, men dømer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg ferdast i age for Gud den tid de er her som framande. 18 De veit at det ikkje var med forgjengelege ting, sølv eller gull, de vart frikjøpte frå det tome livet de arva frå fedrane; 19 det var med Kristi dyre blod, blodet av eit ulastande og lytelaust lam. 20 Han var etla til dette før verda vart skapt, og for dykkar skuld har han vorte openberra i dei siste tider. 21 Ved han er de komne til tru på Gud, som reiste Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom. Difor er trua dykkar òg von til Gud. 22   I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta! 23 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer. 24 For alt levande er som gras og all deira herlegdom som blomen på graset. Graset visnar, og blomen fell av. 25   Men Herrens ord varer til evig tid. Dette er det ordet som er forkynt dykk i evangeliet.

 

 

2KO 10,1 – 2KO 10,6 {PAULUS FORSVARAR APOSTELTENESTA SI} Eg, Paulus, som er så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg påminner dykk med Kristi spaklynde og mildskap. 2 Eg bed dykk at eg må få sleppa å visa kor modig eg er når eg no kjem til dykk! For eg skal syna kor fast og djerv eg er mot dei som seier at vi lèt oss driva av reint menneskelege motiv! 3 Om vi ferdast på menneskevis, så strider vi ikkje på menneskevis. 4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. 6 Vi er budde til å straffa all ulydnad, så snart de har nått fram til full lydnad.

 

Ingen ting er umogleg for Gud.

 

1MO 18,14 Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.”

JBS 42,1 – JBS 42,2 {JOB GJER BOT} Då tok Job til ords og svara Herren: 2   Eg veit at allting maktast du; ingen ting er umogeleg for deg av det du har sett deg føre.

JER 32,1 – JER 32,44 {JEREMIA KJØPER JORD I ANATOT} Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren i det tiande året Sidkia var konge i Juda; det var det attande styringsåret åt Nebukadnesar. 2 Den gongen kringsette babylonarkongens hær Jerusalem, og profeten Jeremia sat fengsla i vaktgarden ved Juda-kongens slott. 3 Der hadde Sidkia, Juda-kongen, sett han inn med desse orda: Kvifor driv du og spår: Så seier Herren: Eg gjev denne byen i hendene på babylonarkongen, og han skal ta han. 4 Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast i hendene på babylonarkongen. Han skal tala med han andlet til andlet og auga til auga. 5 Kongen skal føra Sidkia til Babylon, og der skal han vera til eg tek meg av han, seier Herren. Når de strider mot kaldearane, skal de ikkje ha lukka med dykk. 6   Jeremia sa: Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 7 Hanamel, son til Sjallum, farbror din, kjem til deg og seier: “Kjøp det jordstykket eg har i Anatot! For du har løysingsretten og kan kjøpa det.” 8 Og som Herren hadde sagt, kom Hanamel, son til farbror min, til meg i vaktgarden og sa: “Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamins-landet! For du har odelsretten og løysingsretten. Du må kjøpa det.” Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren. 9 Difor kjøpte eg jordstykket av Hanamel, son til farbror min, i Anatot og gav han pengane; det var sytten sekel sølv. 10 Eg skreiv det i eit brev, forsegla det og fekk vitne til å stadfesta det, og så vog eg opp sølvet i skålvekt, alt i samsvar med lov og vedtekt. 11 Sidan tok eg kjøpebrevet, både den delen som var forsegla, og den som var open, [kjøpebrevet: vart skrive to gonger på same bladet; den eine delen vart rulla saman og set innsegle på, så ingen kunne brigda teksten.] 12 og gav det til Baruk, son til Neria Maksejason, for augo på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden. 13 Medan dei var til stades, sa eg til Baruk: 14 Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Ta desse breva, både den delen av kjøpebrevet som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke, så dei kan halda seg lenge. 15 For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vingardar her i landet. 16   Då eg hadde gjeve kjøpebrevet til Baruk Neriason, bad eg til Gud og sa: 17 Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg. 18 Du viser miskunn i tusen ættleder og lèt straffa for synda åt fedrane koma over etterkomarane deira. Du store, veldige Gud, som har namnet Herren, Allhærs Gud, 19 stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar. 20 Du gjorde teikn og under i Egypt og har gjort det til denne dag, både i Israel og hjå andre menneske. Du har skapt deg eit namn så som det er i dag. 21 Du førte Israel, folket ditt, ut or Egypt med teikn og under, med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar 22 og gav dei dette landet som du med eid hadde lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. 23 Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje høyra på deg og levde ikkje etter di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde bode dei å gjera. Difor lét du all denne ulukka koma over dei. 24 Fiendane har bygt vollar heilt inn til byen, så dei kan ta han. Ved sverd og svolt og pest er byen gjeven i hendene på kaldearane, som strider imot han. No er det kome, det du har varsla før. Du ser det sjølv. 25 Men endå byen er i hendene på kaldearane, seier du til meg, Herre min Gud: “Kjøp deg dette jordstykket for pengar, og lat vitne stadfesta kjøpet!” 26   Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så: 27 Eg er Herren, all skapnings Gud. Skulle noko vera umogeleg for meg? 28 Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, og han skal ta han. 29 Kaldearane som strider mot byen, skal koma inn og setja eld på han; dei skal brenna alle husa der folk ofra på taka til Ba’al og rende ut drikkoffer for andre gudar og såleis gjorde meg harm. 30 For heilt frå sin ungdom har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine augo. Ja, israelittane har ikkje gjort anna enn harma meg med bileta dei har laga, seier Herren. 31 Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den tid dei bygde han og fram til denne dag. Eg vil ha han bort frå mitt åsyn; 32 for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt og harma meg, både dei og kongane og hovdingane deira, prestane og profetane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane. 33 Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og tok ikkje lærdom av det. 34 Men dei sette opp sine avskyelege gudebilete i huset som ber mitt namn, og gjorde det såleis ureint. 35 Dei bygde offerhaugar for Ba’al i Hinnom-dalen, der dei ville ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje sett dei til, og det har aldri vore i mine tankar at dei skulle fara med slik styggedom og såleis lokka Juda til synd. 36   Men no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven i hendene på babylonarkongen ved sverd og svolt og pest: 37 Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min vreide, harme og store uvilje, og fører dei heim att til denne staden og lèt dei bu trygt. 38 Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. 39 Eg vil gje dei éin hug og læra dei éin veg, så dei alltid ottast meg, til gagn for dei sjølve og etterkomarane deira. 40 Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera vel mot dei. Eg legg age for meg i hjarta deira, så dei aldri meir vik bort frå meg. 41 Eg vil gleda meg over dei og gjera vel imot dei. Og trufast, av heile mitt hjarta og heile mi sjel, vil eg syta for at dei slår rot her i landet. 42   For så seier Herren: Liksom eg har late alle desse store ulukkene koma over folket, såleis vil eg òg la dei oppleva alt det gode eg har lova dei. 43 Folk skal atter kjøpa jord i dette landet, som de kallar ei audn, utan menneske og dyr, eit land gjeve i kaldearvald. 44 Dei skal kjøpa jordstykke for pengar, skriva kjøpebrev og forsegla dei og få vitne til å stadfesta kjøpet. Såleis skal det vera i Benjamins-landet, i området rundt Jerusalem og i byane i Juda, i fjell-landet, Sjefela og Negev. For eg vender lagnaden deira, lyder ordet frå Herren.

SKR 8,1 – SKR 8,8   Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, og det lydde så: 2   Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg er full av brennhug for Sion, med stor harme brenn eg for det. 3   Så seier Herren: Eg vender attende til Sion, midt i Jerusalem vil eg bu. Jerusalem skal kallast Truskapsbyen, og berget åt Herren, Allhærs Gud, skal kallast Det heilage fjellet. 4   Så seier Herren, Allhærs Gud: Atter skal gamle menn og kvinner sitja på torga i Jerusalem, alle med stav i hand fordi dei er så gamle. 5   Og torga i byen skal fyllast av gutar og jenter som leikar seg der. 6   Så seier Herren, Allhærs Gud: Om dette synest umogeleg for dei som då er att av dette folket, skulle det vera umogeleg for meg òg? lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 7   Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg frelser folket mitt frå landa i aust og i vest. 8   Eg fører dei heim; midt i Jerusalem skal dei bu. Dei skal vera mitt folk, og i truskap og rettferd vil eg vera deira Gud.

 

Bana veg.

 

JES 45,1 – JES 45,13 {KYROS, HERRENS SALVEVIGDE} Så seier Herren til den han har salva, til Kyros, som eg held i hans høgre hand for å tvinga folkeslag under han, løysa beltet av kongar og opna dører for han, så ingen port skal vera stengd. [den han har salva, Kyros: Herren, heile verdsens Gud, har kalla persarkongen til å fullføra hans vilje med Israel. Sml. 41, 1 ff; 45, 13.] [løysa beltet av kongar: setja dei av; beltet var eit teikn på kva makt og vørdnad kongen hadde.] 2   Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund. 3   Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret, og rikdomar, gøymde på løynlege stader, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, som har kalla deg på namn. 4   For min tenar Jakobs skuld, for Israel, min utvalde, har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn, endå du ikkje kjende meg. 5   Eg er Herren, og ingen annan, utan meg finst det ingen Gud. Eg spente beltet om livet på deg, endå du ikkje kjende meg, 6   så dei skal vita både i aust og vest at det finst ingen annan enn eg. Eg er Herren, og ingen annan. 7   Eg skaper ljoset, og eg lagar mørkret; eg skaper lukke og ulukke. Det er eg, Herren, som gjer alt dette. 8   Lat det drypa ovanfrå, du himmel, lat rettferd strøyma, de skyer! Jorda skal opna seg for det, og den frukt ho ber, er frelse, det ho lèt gro, er rettferd. Eg, Herren, skaper dette. 9 {KVEN KAN DØMA OM HERRENS VERK?} Ve den som trettar med sin skapar – eit krusbrot mellom krusbrot av jord! Kan leiret seia til han som formar det: “Kva er det du gjer?” Kan verket seia: “Han har ikkje handlag”? 10   Ve den som seier til ein far: “Kva er det du avlar?” og til ei kvinne: “Kva er det du føder?” 11   Så seier Herren, Israels Heilage, han som skaper dei ting som kjem: Kvi spør de meg om mine søner, kvi seier de meg kva eg skal gjera? 12   Det var eg som laga jorda og skapte menneske der. Eg spente ut himmelen med mine hender, og heile hans hær baud eg ut. 13   I rettferd har eg vekt ein mann og jamna alle hans vegar. Han skal byggja min by og senda heim mitt bortførte folk utan vederlag, utan betaling, seier Herren, Allhærs Gud. [vekt ein mann: Kyros. -> v. 1.]

JES 35,8 – JES 35,10   Og der skal det vera ein kongsveg, Den heilage vegen skal han kallast. På den skal ingen urein ferdast, det skal vera ein pilegrimsveg for Guds folk; ikkje eingong dårar skal fara vilt. 9   Der skal inga løve ferdast og inkje rovdyr setja sin fot; dei skal ikkje finnast meir. Men dei utløyste skal ferdast der. 10   Herrens utløyste skal venda heim att. Dei skal koma til Sion med fagnadrop, med evig glede om si panne. Fryd og glede skal møta dei, sorg og sukk må røma.

JES 40,3 – JES 40,5 {RYD VEG FOR HERREN!} Høyr, det er ein som ropar i heia: Ryd veg for Herren, lag gjennom øydemarka ein kongsveg for vår Gud! 4   Kvar dal skal hevjast, kvart fjell, kvar haug skal jamnast. Bakket land skal verta slette og kollane flat mark. 5   Herrens herlegdom skal syna seg, og alle menneske skal sjå det. Dette er ordet frå Herrens munn.

JES 62,10 – JES 62,12 {PÅ HEIMVEG} Dra ut, dra ut gjennom portane, og ryd ein veg for folket! Bygg, ja bygg ein kongsveg og reinsa han vel for stein! Reis ei merkestong for folka! 11   Høyr, Herren lèt det ljoma til heimsens ende: Sei til Sions dotter: Sjå, di frelse kjem! Sjå, dei han fekk i løn, er med han, dei han vann, går føre han. 12   Dei skal kallast det heilage folket, dei som Herren har løyst ut. Og sjølv skal du kallast den søkte, byen som ikkje ligg aud og tom.

LUK 1,76 – LUK 1,79   Og du, barn, skal kallast profet for Den Høgste, for du skal gå fram føre Herren og rydja veg for han 77   og læra folket hans å kjenna frelsa, at syndene deira vert tilgjevne, 78   for vår Gud er rik på miskunn. Så skal ljoset frå det høge gjesta oss som ei solrenning 79   og skina for dei som bur i mørker og dødsskugge, og styra føtene våre inn på freds veg.

 

Gå i tru, ikkje verte til skamme.

 

1SA 2,30 Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at di ætt og farsætta di alle dagar skal gjera teneste for mitt åsyn. Men no lyder ordet frå Herren: Så skal det ikkje vera! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvørder meg, skal verta til skammar.

JES 8,11 – JES 8,15 {OTTAST HERREN, ALLHÆRS GUD!} Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket: 12   Kall ikkje alt for samansverjing som dette folket kallar samansverjing! De skal ikkje ottast og ikkje skjelva for det som folket ottast. 13  Herren, Allhærs Gud, han skal de halda heilag. Han skal de ottast og for han skal de skjelva. 14   Han skal vera ein heilagdom, ein støytestein og eit berg til fall for begge Israels rike, ei snare og ei felle for dei som bur i Jerusalem. 15   Mange av dei skal snåva; dei skal falla og skamslå seg, gå i snara og verta fanga.

JES 28,16   Difor, så seier Herren vår Gud: Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion, ein velprøvd stein, ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein. Den som trur, tek det med ro.

RMR 10,8 – RMR 10,11 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

 

RMR 5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

RMR 9,33 som det står skrive: Sjå, eg legg på Sion ein støytestein og eit berg til fall. Men den som trur på han, skal ikkje verta til skammar.

RMR 10,11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

Herren er rik nok for alle som påkallar han.

 

RMR 10,12 – RMR 10,13 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

 

Opne seg for Jesus og ta imot det han har å gje.

 

MTT 10,40 {LØNA FOR Å TA IMOT EIN LÆRESVEIN} Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.

JOH 20,21 – JOH 20,23 Atter sa han til dei: “Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.” 22 Med desse orda anda han på dei og sa: “Ta imot Den Heilage Ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.”

2KO 6,1 – 2KO 6,2 {TOLMOD I TENESTA} Som hans medarbeidarar legg vi dykk på hjarta at de ikkje til unyttes må ta imot Guds nåde. 2 For han seier: I rette tid bønhøyrde eg deg, på frelsesdagen hjelpte eg deg. Sjå, no er den rette tid, no er frelsesdagen!

JAK 1,21 – JAK 1,25 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

 

Få eit godt mål i fanget.

 

LUK 6,38 Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.

 

Velsigning.

 

GLT 3,14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen.

EFE 4,29   Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på.

HEB 6,7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud.

1PE 3,9 Løn ikkje vondt med vondt eller skjellsord med skjellsord. Men velsigna heller. For de er kalla til å få velsigning.

 

Frimod.

 

APG 4,29 – APG 4,31 Og no, Herre, hald auga med trugsmåla deira, og lat tenarane dine forkynna ditt ord med frimod! 30 Rett ut di hand til å lækja og gjera teikn og under i namnet åt Jesus, din heilage tenar!” 31   Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod.

2KO 3,12 – 2KO 3,13   Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.

EFE 3,12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.

1TE 2,2 Endå vi føreåt hadde lide vondt og vorte ille medfarne i Filippi, som de kjenner til, gav vår Gud oss frimod til å tala Guds evangelium til dykk, jamvel om det var ein hard strid.

HEB 4,14 – HEB 4,16 {PRØVD I ALT} Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

HEB 10,19 – HEB 10,22 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN} Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.

1JO 3,20 – 1JO 3,24 For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. 24 Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

1JO 4,17 – 1JO 4,19   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

 

Lovprise Herren midt i kyrkjelyden.

 

SLM 35,18   Eg vil takka deg i den store samlinga og prisa deg i den talrike flokken.

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s