2014.03.02.M. Under Jesu blod.

Under Jesu blod får du oppleve å leve rein og rettferdig, himmelen verdig. Møte i Maranata 2.3.2014.

 

Innleiing ved Mari.

 

JOH 3,16 – JOH 3,18 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.

 

Tale ved Tore Kristiansen.

 

Tore Talte over:

1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!} De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.

Vers 2-3 fortel oss nøyaktig kva vi har å prøve åndene på, om det er Guds Ande eller Antikrists ande. Elles merkar vi Antikrists ånd i dagens samfunn ved at menneske talar imot det som står skrive i Bibelen. Men vi har fått Guds Ande, så han som er større enn han som er i verda. Så sa han om Guds Ande, blås gjennom min hage.

HSA 4,16   “Vakna, nordavind! Kom, sønnavind! Blås igjennom min hage, så angen får strøyma fritt. Gjev min ven ville koma til sin hage og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

Vidare las han frå desse skriftstadane:

LUK 11,14 – LUK 11,28 {JESU MAKT OVER VONDE ÅNDER} Ein gong dreiv han ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg. 15 Men nokre av dei sa: “Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut.” 16 Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. 17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell. 18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene. 19 Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk. 20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. 24   Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: “Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.” 25 Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga. 26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. 27   Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: “Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.” 28 Men Jesus svara: “Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.”

JES 49,24 – JES 49,25   Kan nokon ta hærfang frå ein krigar, kan fangar sleppa frå ein valdsmann? 25   Ja, så seier Herren: Fangar skal takast frå krigaren, og hærfang skal bergast frå valdsmannen. Eg vil strida mot dei som strider mot deg, og borna dine vil eg frelsa.

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore:

Når eg ser blodet, då går eg forbi. For då har eg ikkje noko å krevje. Verken din motstandar eller eg, Herren, din forløysar. For blodet fortel om at synda di er sona. Blodet fortel at all gjeld er betalt. Blodet fortel at ein død har funne stad for deg, til forløysing. Derfor påkall blodets kraft og du skal få kjenne at mitt blod reinsar frå all synd. Mitt blod set deg fri. Mitt blod får fiendens hær til å vike. Under mitt blod får du oppleve å leve rein og rettferdig og himmelen verdig.

Forakt ikkje blodet, avvis ikkje blodet. For oversprengingsblodet som vart utgytt frå mine sår, det er berre det som opnar veg til himmelen. Det er berre det som opnar veg til frelsa. Det er berre det som banar veg til herlegdomen. Når du kjem dit, så er det på grunn av mitt blod, seier Herren. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

2MO 12,5 – 2MO 12,13 Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje. 6 De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd. 7 Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det. 8 Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt. 9 De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat. 10 Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna. 11 Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren. 12 For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren. 13 Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. [fara framom: På hebr. minner dette ordlaget om ordet for påske. På den måten tolkar ein då namnet på høgtida.]

 

2MO 29,7 – 2MO 29,14 Og du skal ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han. 8 Så skal du føra fram sønene hans og ha på dei kjortlane, 9 spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve. Når du set inn Aron og sønene hans, 10 skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen. 11 Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra. 12 Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten. 13 Alt feittet på innvolen og leverlappen, og begge nyrene med talga som er på dei, skal du brenna på altaret. 14 Men kjøtet av oksen og skinnet og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.

2MO 29,15 – 2MO 29,21   Så skal du ta den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren. 16 Du skal slakta han og ta blodet og skvetta det rundt ikring på altaret. 17 Sjølve veren skal du lema sund. Innvolen og føtene skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet. 18 Du skal brenna heile veren på altaret. Det er eit brennoffer for Herren. Eit eldoffer til godange for Herren er det. 19 Så skal du ta den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren. 20 Du skal slakta han og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa. Resten av blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret. 21 Og du skal ta noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og kleda hans, og like eins på sønene hans og kleda deira. Då vert han heilag, han sjølv og kleda hans, og like eins sønene hans og kleda deira.

SLM 130,7 – SLM 130,8   Venta på Herren, Israel! For hjå Herren er miskunn, hjå han er full utløysing. 8   Herren skal løysa ut Israel frå alle deira synder.

JES 43,1 – JES 43,7 {ISRAELS UTLØYSING} Og no, så seier Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, du er min. 2   Går du gjennom vatn, er eg med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje riva deg bort. Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg. 3   For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar. Eg gjev Egypt til løysepeng for deg, Nubia og Seba i staden for deg. [Seba: -> Sal 72, 10; her kanskje det same som Saba. -> 1 Kong 10, 1. Dei tre landa som er nemnde, vart den gongen haldne for dei aller rikaste.] 4   Fordi du er dyr i mine augo, høgt akta og elska av meg, gjev eg menneske i staden for deg, folkeslag for ditt liv. 5   Ver ikkje redd, for eg er med deg! Austanfrå vil eg henta di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg. 6   Eg seier til nordheimen: “Kom med dei!” og til sørheimen: “Hald dei ikkje att!” Henta sønene mine langt bortanfrå og døtrene mine frå heimsens ende, 7   alle som er kalla med mitt namn, alle dei eg har skapt, ja, skapt og gjort til mi ære.

ÅPE 12,7 – ÅPE 12,12   Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; [Mikael: -> Dan 10, 13.] 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: “Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.”

HEB 9,11 – HEB 9,28 {KRISTUS SOM ØVSTEPREST} Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing. 13 For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint, 14 kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud. 15   Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova. 16 Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død. [pakt, testamente: -> Gal 3, 15. 17.] 17 Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever. 18   Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod. 19 For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket 20 og sa: “Dette er blodet til den pakta Gud har fastsett for dykk.” 21 Sameleis skvette han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta. 22 Etter lova vert mest alt reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen tilgjeving. 23   Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

HEB 10,19 – HEB 10,20 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN} Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam.

1KO 1,28 – 1KO 1,31 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s