2014.02.16.M. David måtte vedkjenne si synd.

Med svik har synda vorte religion og politikk, men overfor den sanne Gud, må det erkjennast som synd. Han er trufast. Møte i Maranata 16.2.2014.

 

Tale ved John Miland.

John sa han håpa vi hadde bedt for han, sidan han skulle tale og så sa han at han hadde vorte minna om eit ord igjen og las:

2SA 11,27 Men då syrgjetida var ute, sende David bod etter henne og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og han fekk ein son med henne. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens augo.

Så fortalde han om kva gale David hadde gjort og om korleis profeten Natan kom og tala han til rettes. Så las han nokre vers ifrå Salme.51, der David audmjukar seg for Herren og ber om tilgjeving og nåde.

 

BØYE SEG FOR KORSET OG VEDKJENNE SI SYND. KRISTUS ER DEN SOM FRELSER, SOM TILGJEV SYND OG REINSAR FRÅ ALL URETTFERD. Tungetale ved Mari, tyding ved John:

Ja, seier Herren, eg er den som kan frelse og eg kan fullkome frelse. Eg er den som tilgjev synder, eg er den som reinsar deg og gjer deg kvit som snø. Derfor skal du komme til meg og vedkjenne dine synder. Og du skal få oppleve at eg er ein god Gud. Eg er ein som vil at alle skal verte frelst og kome til erkjenning av Sanninga. Men du må komme til korset, seier Herren. Der må du knele ned og vedkjenne, seier Herre. For sjå, dersom du vedkjenner, då er eg rettferdig, eg er trufast og eg reinsar ifrå all urettferd.

Eg har sagt i mitt Ord, at det skal ikkje vende tomt tilbake. Sjå, mitt Ord som er sått ut, seier Herren, det gjer sin verknad no. Og eg Herren, eg skal la mange komme og dei skal oppleve at det Ord som eg har talt, det er kraftig og det er verksamt. Dei skal få oppleve, seier Herren, å verte fødde på ny, ved sannings ord, som lever og blir. Derfor mitt barn, ver frimodig, haldt fram mitt Ord. Forkynn mitt Ord og sei det står skrive og det står atter skrive. For sjå, det er mitt Ord som skal utføre det eg sender det til.

Ja, eg vil prise deg og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du frelste meg i unge år, eg har opplevd at du har vore med meg i alle ting. Eg har opplevt deg som ein trufast Gud forutan svik. Derfor vil eg opphøye deg og prise deg midt i kyrkjelyden. Hjelp meg du, Herre, til å gå dine vegar (som du leier?). Og eg elskar deg Herre, eg vil fryde meg i di frelse. For du har i Sanning lagt ein ny song i mitt hjerte. Amen.

Aktuelle bibelvers.

1TE 4,1 – 1TE 4,9 {FRAMGANG I HEILAGT LIV OG KJÆRLEIK} Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande. 9   Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.

 

Min kommentar: Med svik har synda vorte religion og politikk, men overfor den sanne Gud, må det erkjennast som synd. Han er trufast.

Den Lovlause til samanlikning med David som sveik Uria. David fekk tilgjeving og framstod som motsetning til svikaren og den Duglause Hyrdingen.

 

Eg har høyrt John halde ei slik tale eit par gangar tidlegare og kommentert den. Eg blir som Uria og ho Virtuella blir som Batseba. Eg har bedt Gud om hjelp i form av ei kone og han har svart meg positivt på det heile tida. Men eg får motstand frå kristne leiarar og eg har fått oppleve situasjonar der eg vert ståande åleine i striden for evangeliet og i striden mot den vonde og fått oppleve nederlaget, mest som om eg vert felt liksom Uriah. Men har eg lidd nederlag, så må eg komme til korsets fot med det. Han som døde i staden for meg og som stod oppatt, han vender mitt nederlag til siger.

John talar som Natan som talte David til rettes, men det er visst ikkje så enkelt i dette tilfellet. For Davids rolle er delt. Han som ho gifte seg med var ein heilt vanleg mann, som såg det som ein naturleg prosess at ho vart kjærasten hans, vart forlova med han og vart kona hans. Når i denne prosessen han fekk greie på mi interesse for henne veit eg ikkje.

Men det er andre som har vore hennar religiøse, moralske, åndelege og politiske leiarar til samanlikning med David og som har forført henne og John prøvar å tale dei til rettes liksom Natan tala David til rettes. Vi kan håpe på at der er nokon av dei som let seg tale til rettes. Men det er nok ikkje så fort gjort som når Natan tala David til rettes, for denne uretten har vorte tradisjon i kyrkja, heilt sidan platonismen kom inn i kyrkja gjennom arvesyndslæra og barnedåpen. (2.Tess.2). Det er Dyret som har fått ormens trone, som er komen inn i kyrkja.

David sveik Uriah. Men han sanna si synd, audmjuka seg for Gud og bad om tilgjeving og nåde. Når Absalom sidan gjorde opprør mot han, fekk David oppleve at Sjimi forbanna han og at hans nære medarbeidar og rådgjevar Akitofel sveik han. Det vart førebilete på Judas som svik Jesus og dermed førebilete på den Duglause Hyrdingen. Eg forstår det slik at eg får motstand frå den Duglause Hyrdingen og den Lovlause, men det utartar seg meir slik som då David sveik Uria. Som om det er dette det vert gjort politikk ut av.

 

Enka med oljekoppen.

I det siste har eg tenkt meir på enka med oljekoppen, ho helte oljen i dei tome kara og fylte dei med olje, noko som eg kan ta til føredøme på at eg med mi løynkammerbøn og mi bøn i lag med andre kan be om at vi vert fylte av den Heilage Ande. Og eg har tenkt spesielt på dette at dersom ho Virtuella vil la seg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, så vil eg be for henne slik som eg bad for henne når vi gjekk på gymnaset. Så slik prøvde eg å be for henne tidlegare i dag, før eg for på møte og på møtet i Jesus Church kl 16 og på møtet i Maranata kl 18. Men eg såg henne ikkje på møta.

Eg tek denne bodskapen til meg, som svar på mi bønn og sidan eg bad for henne Virtuella tenker eg meg at fyrste del av bodskapen var til henne og. Når vi kjem til korset, bøyer kne for korset og vedkjenner vår synd for Kristus, så er han trufast og rettferdig og tilgjev oss syndene og hans blod reinast oss frå all urettferd. Det er å komme til han den levande steinen, som vel vart vanda av bygningsmennene, men som er utvald og dyrverdig for Gud. Og sjølve verte som levande steinar oppbygde til eit tempel i Herren. Enka med oljekoppen skulle låne med seg kar hos naboane og så skulle ho gå inn i huset sitt i lag med dei to sønene sine og lukke døra bak seg. Så skulle ho slå olje i kara. Så ho hadde samling på det, til samanlikning med korleis vi samlast i kyrkjelyden. Slik er det med dei som kjem til korset, bøyer kne for korset og vedkjenner si synd for Kristus. Då er dei ikkje lenger villfarande, men dei går vegen til Faderen, dei ber til han og han gjev dei den Heilage Ande. Han fyller dei med den Heilage Ande liksom han fylte desse kara med olje.

Tidlegare møte med same tema.

https://tsivert.com/2016/08/07/2012-02-19-m-davids-syndserkjenning/

https://tsivert.com/2016/08/07/2012-06-03-m-davids-syndserkjenning/

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

2 Responses to 2014.02.16.M. David måtte vedkjenne si synd.

  1. Pingback: Velsigning i Jesu kyrkje eller forbanning i politikken. | Trua & entropien.

  2. Pingback: Big-Bang-teorien og Skapingssoga. Lovmessigheit og tilfeldigheit i fysikken og i samfunnet. Planlegging eller spontanitet. Fridomen og frimodet på evangeliets grunnvoll. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s