2014.02.02. Jesus Church. Helga for Herren, til å vere hans tenar.

Gud valde ut det som ingen ting er og gjorde dei til sine tenarar. Det er det nasjonane treng. Møte i Jesus Church 2.2.2014.

 

SETT TIL SIDES, HELGA FOR HERREN, OG SÅ SEND TIL VERDA. Møte i ”Kolben” på Kolbotn.

 

På møtet i Kolben på Kolbotn på formiddagen vart det talt om kyrkjelydsoppbygging, at vi som kyrkje er helga og det betyr at vi er sett til sides. Jesus helgar oss og det betyr at han set oss til sides for ei bestemt oppgåve, han helgar oss til å tene han. Så sender han oss ut i verda med evangeliet. Det verkar som ein motsetnad, først vert vi sett til sides, i forhold til verda, så sender han oss ut i all verda.

Poenget er at det har skjett noko nytt i mellomtida, Jesus set oss til sides for å gje oss noko nytt og for å gjere oss bevisst det nye, så vi vert i stand til å bringe det vidare, så sender han oss ut med det nye, for å gje det til verda.

 

DJUPT ROTFEST I HERREN OG UTSEND TIL NASJONANE. Bodskap som svar på bønn for ”Jesus Revolution”.

 

På møtet i ”Ball room” kl 16 skulle ”Jesus Revolution” ha eit opptrinn, det er grupper av unge menneske som dansar til kristen song og musikk og som reiser på oppdrag verda over. No skal dei snart på ny turne og no skulle dei ha ei danseoppvisning. Men først skulle vi be for dei, Stephan la hendene på ein og ein og bad for dei, då kom han med tungetale og tyding, det vart på engelsk, ettersom mange av dei var engelsktalande. Her møter vi igjen uttrykket ”sett til sides”, som altså har med heilaggjeringa å gjere:

The Spirit of the Lord will speak to you, the Spirit of the Lord speaks to the youth here, that this work is in my hands. This work is in my hands. Oh, yes. The Spirit of the Lord says I have been preparing you for this time, I have been preparing you for this hour, I have been preparing you for what is to come. There might have been days, the charging days, the tough days where you have wondered, oh, will it really come to pass, will it really come to be. Oh, yes, there has been even times when darkness has been knocking on your door, oh, because you have been thinking all the task are so ……, the task is more than I can comprehend.

Oh, but the Spirit of the Lord says: Haven’t I always done this. But I tell you that it is the unwise that were rejected in the eyes of man to shame the wise. Haven’t I always done this, says the Lord. Oh, yes, because I want all the glory, I take what is foolish in the eyes of man to shame the wise. Oh yes, and haven’t I called you, haven’t I spoken to you, haven’t I sent you. Haven’t I set you apart for this pretty purpose? Have you not known – that from before, the time you were formed in your mother’s womb, oh, you were set aside for my purposes, you were set aside for my plans. Oh, so the Spirit of God says to you, you shall just go forth, in the boldness and strength of your Lord. You shall just go forth and be as bold, as courageous as I called you to bee. Because I called you to raise a battle, I called you to raise a battle of freedom. I called you to be an ambassador to the nations. I called you to go with my message. I called you – oh – to be a leader in this generation. I called you – oh – to assemble young people for battle. Oh, yes, oh yes, oh yes – oh yes – you are bigger than inside (this world?), oh – you might not be the tallest one, but you are big on the inside. There is a strong voice on your inside, and that voice you will need to let be heard. You will shout, you will preach, you will journey, you will write, you will assemble, you will rally my people, my generation, oh, you will do it for the cost of the lost, for the cost of the lost generation of young people. And you will see how it opens up, nation, after nation, after nation, after nations, all the nations will cry for you. Oh, there has to be a time when you will wonder how are we going to enter these nations, how are we going to come into this, are anyone interested, will anyone ever have what we have, all of these battles will be yours says the Lord. And you will have new questions coming to you, like how are we going to be able to go into all the open doors. How are we going to respond to the call, to the cry, to the need of the people. I will increase your capacity, indeed. Oh yes, you will grow in oats[1], you will grow in faith, you will grow in confidence. And I will call people to stand together with you. Oh, it will be surprising to you, oh, that sometimes people – all the ones that you didn’t think would come at all, the ones that you didn’t think would stand together with you at all, will come to say here we are, here we are, we will stand together with you. Oh, we will stand together with you. Oh, it will be people of different kinds, I see business people, I see mission leaders, I see older people, I see older missionaries, ah, people who are set to be retired, there is no use of me anymore. But now they come and they stand beside you. Oh, to support you, to pray for you too, oh, to encourage you.

I thank you for this evangelist. You have called him to be an evangelist. And you have set him aside to be an evangelist. And surely he will preach the gospel, hallelujah, to this generation. In city after city, in village after village. Oh yes, there is times when he will go to in other places than he wants to go, because of the passion for the gospel, the passion for the good news, the passion for those who have never heard – oh – will take him there.

You are sending them out (oh God?) for a time like this. Halleluja. I thank you Father God for you have sent them. Oh, you have sent them and set them aside. Oh, I thank you Father God because there is, a special call, there is a special – a special gift.

It will not be without fight, no, it will not be without sacrifice, it will not only ease, it will not only ease. But he will stand and he will be strong, …. he will be overcoming. Because you are so deeply rooted in me, because you are so deeply rooted in me. I am also sending you to be together with people, oh, who will lift your arms, who will help you. Oh, justice. (who has his arms rooted and lifted in me?) the arms of Moses, oh, they are helping, supporting, supporting help that are just coming, yes it is coming, it is coming, they will lift your hands, they will help you, so that you will be able to have lifted hands, to be a man of prayer, to be an ambassador, to be a messenger, to be a one who stands on the very gates. All you want to say is go on, oh, lets follow, follow me as I follow Christ, follow me out there, follow me to the streets, follow me to the nations, follow me to the streets, follow me to the (youth of journey?), follow me – oh God – follow me, follow me people of God. Oh, yes you will go, you will go and you will be strong. Hallelujah. And you will overcome, in the end, oh, yes, certainly you will overcome. Hallelujah (3x).

 

AKTUELLE BIBELVERS.

 

SLM 139,1 – SLM 139,18 {KVAR SKAL EG FARA FRÅ DIN ANDE?} Til korleiaren. Ein Davids-salme.   Herre, du ransakar meg og kjenner meg. 2   Anten eg sit eller står, så veit du det, langt bortanfrå merkar du mine tankar. 3   Anten eg går eller ligg, så ser du det, du kjenner alle mine vegar. 4   Ja, før eg har eit ord på tunga, veit du det, Herre, fullt og heilt. 5   Du kringset meg på alle sider, du har lagt di hand på meg. 6   Det er for underfullt til å skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det. 7   Kvar skal eg fara frå din Ande, kvar skal eg røma frå ditt åsyn? 8   Fer eg opp til himmelen, så er du der, og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg. 9   Tek eg morgonrodens venger på og slår meg ned der havet endar, [morgonroden: i aust.] [der havet endar: i vest.] 10   så fører du meg jamvel der, di høgre hand, ho held meg fast. 11   Og seier eg: “Lat mørkret løyna meg og ljoset ikring meg verta natt”, 12   så er ikkje mørkret for mørkt for deg, og natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset. 13   For du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv. [vove meg: Sml. Job 10, 11.] 14   Eg takkar deg fordi eg er skapt på skræmeleg underfull vis. Underfulle er dine verk, det veit eg så vel. 15   Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart skapt i løyndom og forma djupt i jorda. [djupt i jorda: her bilete på morslivet.] 16   Du såg meg då eg var eit foster, i di bok vart alt skrive opp; mine dagar fekk si form før ein einaste av dei var komen. 17   Kor høge dine tankar er, Gud, kor veldig summen av dei! 18   Vil eg telja dei, er dei tallause som sand; kjem eg til endes med det, er eg enno hjå deg.

 

JER 1,4 – JER 1,10 {GUD KALLAR JEREMIA TIL PROFET} Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 5   “Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, og før du vart fødd, helga eg deg; til profet for folka sette eg deg.” 6   Men eg svara: “Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!” 7 Då sa Herren til meg: “Sei ikkje: Eg er så ung! Alle eg sender deg til, skal du gå til, og alt det eg byd deg, skal du tala. 8   Ver ikkje redd dei, for eg vil vera med deg og berga deg,” lyder ordet frå Herren. 9   Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg: “Sjå, eg legg orda mine i din munn. 10   Eg set deg i dag over folk og rike til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og bryta sund, til å byggja og planta.”

5MO 31,6 – 5MO 31,8 Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av dei! For Herren din Gud er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg. 7   Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei. 8 Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!

5MO 31,23   Og Herren sa til Josva Nunsson: “Ver djerv og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.”

SLM 27,14   Venta på Herren, ver frimodig og sterk! Ja, venta på Herren!

DNL 10,15 – DNL 10,18   Medan han tala såleis til meg, bøygde eg hovudet og stod mållaus. 16 Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippene mine. Då eg opna munnen, kunne eg tala. Og eg sa til han som stod framfor meg: “Herre, synet har teke så på meg at all mi kraft er borte. 17 Korleis skulle eg, den ringe tenaren åt herren min, kunna tala med ein herre som deg? Kreftene sviktar, og eg kan ikkje pusta lenger.” 18   Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: “Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!” Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: “Tal, herre! For du har styrkt meg.”

HAG 2,4   Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel! lyder ordet frå Herren. Ver frimodig, Josva Jehosadaksson, du øvsteprest! Ver frimodig, alt folket i landet! lyder ordet frå Herren. Gå og arbeid, for eg er med dykk! lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

 

2MO 17,8 – 2MO 17,16 {STRIDEN MED AMALEKITTANE} Sidan kom amalekittane til Refidim og gav seg i strid med israelittane. 9 Då sa Moses til Josva: “Vel deg ut ein flokk menn, ta i veg og hald slag med amalekittane! I morgon skal eg stå øvst på haugen med gudsstaven i handa.” 10 Josva gjorde som Moses sa, og tok opp striden med amalekittane. Samstundes steig Moses, Aron og Hur opp på toppen av haugen. 11 Då gjekk det så at så lenge Moses heldt handa i veret, hadde israelittane overtaket. Men når han lét handa siga, var amalekittane dei sterkaste. 12 Men så tok Moses til å trøytna i hendene. Då fann dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så var hendene hans støe heilt til sola gladde. 13 Såleis vann Josva over amalekittane og hæren deira med kvasse sverdet. 14   Sidan sa Herren til Moses: “Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.” 15 Då bygde Moses eit altar og kalla det “Herren er hærmerket mitt”. 16 Og han sa: “Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.”

 

SLM 1,1 – SLM 1,3 {DEI TO VEGANE} Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske og ikkje slår inn på syndarveg eller sit i lag med spottarar, 2   men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. 3   Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast.

 

LUK 8,4 – LUK 8,15 {SÅMANNEN} Mykje folk strøymde no til frå byane rundt ikring. Då ei stor mengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning: 5 “Ein mann gjekk ut og skulle så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen; det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. 6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det rann opp, av di det ikkje fekk væte. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kjøvde det. 8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre foll.” Då han hadde sagt dette, ropa han ut: “Den som har øyro å høyra med, han høyre!” 9   Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: “Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, så dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skjøna. 11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjarta deira, så dei ikkje skal tru og verta frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur til ei tid, men når dei vert sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet vert dei kjøvde av suter og rikdom og nytingar, så dei ikkje ber fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit vent og godt hjarta, så dei held ut og ber grøde.

 

MTT 13,18 – MTT 13,23 {JESUS FORKLARAR LIKNINGA OM SÅMANNEN} Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: 19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen. 20 Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. 21 Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå. 22 Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt. 23 Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.”

JER 1,19   Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna; for eg vil vera med deg og berga deg, lyder ordet frå Herren.

JER 15,20   Mot dette folket gjer eg deg til ein festningsmur av bronse. Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna. For eg er med deg, eg vil frelsa deg og fria deg ut, lyder ordet frå Herren.

LUK 10,19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk.

JOH 16,33 Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsle; men ver frimodige: Eg har sigra over verda!”

1JO 5,4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.

ÅPE 17,14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.”

 

[1] Havre? Det må i så fall vere figurativt om ungdom. Og Guds Ord som er sått som såkorn.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2014. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s