2015.12.06.M. Følgje Jesus.

Når vi følgjer Jesus, blir det resultat. Møte i Maranatha 6.12.2015.

Innleiing.

Oddbjørg las ifrå jule-evangeliet.

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore oppmuntra oss til å vere pågåande med å rope til Herren og bestemmte på å følgje han. Han talte om Elisja som var så fast bestemmt på å følgje Elia. Profetflokkane visste at Elias skulle takast opp til himmelen og snakka om det, men berre Elisja følgde etter han og vart storleg velsigna av det. Tenk om fleire av profetane hadde følgt etter dei. At dei sidan ville fare av stad og leite etter Elias, viste kor lite tru dei hadde.

Tore samanlikna dette med disiplane som følgde Jesus. Til samanlikning med korleis Elias vart teken opp til himmelen og Elisja fekk kappa hans, vart Jesus teken opp til himmelen og disiplane hans fekk den Heilage Ande.

JER 33,1 – JER 33,3 {ATTERREISINGA AV JERUSALEM OG JUDA} Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han sat fengsla i vaktgarden, og det lydde så: 2 Så seier Herren, han som skapte og forma jorda og gjorde henne fast, – Herren er hans namn: 3 Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til.

SLM 105,1 – SLM 105,4 {GUD FØRER FOLKET SITT} Pris Herren, og kalla på hans namn, gjer hans storverk kjende mellom folka! 2   Syng for han, og spel for han, tal om alle hans under! 3   Ros dykk av hans heilage namn! Dei som søkjer Herren, skal gleda seg. 4   Spør etter Herren og hans makt, søk alltid hans åsyn!

2KG 2,1 – 2KG 2,18 {ELIA VERT OPPTEKEN TIL HIMMELEN} Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, bar det så til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal. [Gilgal: i Efraim. -> 5 Mos 11, 30.] 2 Elia sa til Elisja: “Ver du her! For Herren sender meg til Betel.” Men Elisja svara: “Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.” Så fór dei ned til Betel. 3 Profetsveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: “Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?” Han svara: “Ja, eg veit det, eg òg. Tei berre stilt!” 4   Så sa Elia til han: “Ver du her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.” Men han svara: “Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.” Så gjekk dei til Jeriko. 5 Profetsveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: “Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?” Han svara: “Ja, eg veit det. Tei berre stilt!” 6   No sa Elia til han: “Ver du her! For Herren sender meg til Jordan.” Men Elisja svara: “Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.” Så gjekk dei frametter, dei to. 7 Då kom femti av profetsveinane ut og stelte seg opp midt for dei eit stykke unna, medan dei to stod nedmed Jordan. 8   Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då delte vatnet seg, og begge gjekk over på turre botnen. 9 Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: “Sei kva du vil at eg skal gjera for deg før eg vert teken frå deg.” Elisja svara: “Lat meg få ånda di i dobbelt mål!” 10 Elia sa: “Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.” 11   Som dei gjekk der og tala saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei åt. Og Elia fór opp til himmelen i stormen. 12 Då Elisja såg det, ropa han: “Å far, far! Israels vogner og hestfolk!” Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke. [far: Såleis tala gjerne ein læresvein til meisteren sin. Sml. Matt 23, 9.] 13 Så tok han opp kappa åt Elia, som hadde falle av han, gjekk attende til Jordan og vart ståande på elvebakken. 14 Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: “Kvar er Herren, Elias Gud?” Då Elisja slo på vatnet, delte det seg, og han gjekk over. 15   Det såg profetsveinane frå Jeriko der dei stod midt for han, og dei sa: “Ånda åt Elia kviler over Elisja.” Og dei kom til møtes med han og kasta seg til jorda for han. 16 Så sa dei: “Det er femti sterke karar her hjå tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens Ande har ført han bort og sleppt han ned på eit fjell eller i ein dal.” Han svara: “De skal ikkje senda nokon.” 17 Men dei bad han så lenge at han gav etter og sa: “Lat dei gå då!” Så sende dei ut femti mann, og dei leita etter Elia i tre dagar, men fann han ikkje. 18 Dei kom attende til Elisja medan han var i Jeriko. Og han sa til dei: “Var det ikkje det eg sa at de ikkje skulle gå?”

Tore minna så om at Jesus heldt ei tale som mange støytte seg på og slutta å følgje han (Joh.6,60-71), men nokre følgde han heilt til dei fekk sjå at han vart teken opp til himmelen, dei samla seg i Jerusalem og fekk oppleve at han døypte dei med den Heilage Ande på pinsedag.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s