2015.10.25.M. Dansen rundt gullkalven.

Mange forførarar har gått ut i denne tida, men eg må vake og høyre kva Anden talar. Møte i Maranata 25.10.2015.

Innleiing ved Turid Miland.

Det var nokon som las om døyparen Johannes, men eg hugsa ikkje sikkert om det var Turid.

LUK 1,13 – LUK 1,17 Men engelen sa til han: “Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes. [Johannes tyder: Gud er nådig.] 14 Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15 For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande. 16 Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. 17 Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.” [gå føre Herren: -> Matt 11, 14.]

 

Tale ved John Miland.

 

2MO 32,1 – 2MO 32,20 {GULLKALVEN} Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: “Kom og lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.” 2 Då sa Aron til dei: “Ta gullringane som konene og sønene og døtrene dykkar har i øyro, og kom hit med dei!” 3 Då reiv heile folket gullringane or øyro sine og kom til Aron med dei. 4 Han tok imot gullet, støypte det om og laga det med meisel til ein kalv. Så ropa dei: “Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!” [ein kalv: ein ung okse som bilete på guddommeleg kraft. Sml. 1 Kong 12, 28.] 5 Då Aron såg det, bygde han eit altar for guden og ropa ut: “I morgon er det høgtid for Herren!” 6 Dagen etter stod folket tidleg opp og bar fram brennoffer og kom med måltidsoffer. Dei sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa. 7   Då sa Herren til Moses: “Gå ned, for folket ditt, som du har ført opp frå Egypt, har bore seg ille åt! 8 Dei har vore snare til å bøya av frå den vegen eg sa dei skulle fylgja. Dei har laga seg ein støypt kalv. Den har dei kasta seg ned for og ofra til og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt.” 9 Og Herren sa til Moses: “Eg har halde auga med dette folket og sett at det er eit stridlyndt folk. 10 Lat no meg få råda, så skal eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei! Men deg vil eg gjera til eit stort folk.” 11 Då naudbad Moses Herren sin Gud og sa: “Herre, kvifor skal vreiden din loga opp mot folket ditt, som du har ført ut or Egypt med stor kraft og sterk hand? 12 Kvifor skal egyptarane få seia: Det var ikkje i god meining han førte dei ut; han ville drepa dei i fjella og rydja dei ut frå jorda? Lat den brennande vreiden din fara, og gjev opp den tanken du hadde om å føra ulukke over folket ditt! 13 Kom i hug Abraham, Isak og Israel, tenarane dine, og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera ætta dykkar tallaus som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.” 14 Då angra Herren på den ulukka han hadde tenkt å føra over folket sitt. 15   Så gjekk Moses ned att av fjellet med dei to lovtavlene i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og baksida. 16 Tavlene var Guds eige arbeid, og skrifta var Guds eiga skrift, som var rita på dei. 17 Då Josva høyrde korleis folket ropa og ståka, sa han til Moses: “Det lyder hærrop i leiren.” 18 Moses svara: “Dette er ikkje sigerssong og ikkje skrik over nederlag; det er song og ståk eg høyrer.” 19 Då Moses kom ned til leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, vart han så harm at han slengde tavlene mot fjellet og knuste dei. 20 Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strøydde han på vatnet, og det lét han israelittane drikka.

John sa at det kan vere mange kristne forsamlingar som lovprisar Herren og som lagar mykje lyd med si lovprising, men er det med den rette tonen? Er salvinga der? Jau, dei kan gjerne lage mykje lyd med lovprisinga, men er det med den rette tonen? Stemmer det med salvinga? Han samanlikna det med Josva som spurde Moses kva dette var for slags lyd og Moses svarde han. Kristne kan nok av og til vere som Josva, som lurer på kva dette er for slags lyd.

Salvinga er unik:

2MO 30,22 – 2MO 30,31 {SALVINGSOLJEN OG RØYKJELSEN} Herren sa til Moses: 23 Ta krydder av beste slaget: 500 sekel fin myrra, halvparten så mykje eller 250 sekel velluktande kanel, 250 sekel kalmus [kalmus: plante med godangande rot som vart nytta i salve og til offer.] 24 og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje. 25 Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera. 26 Med den skal du salva møteteltet, paktkista, 27 bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret, 28 brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på. 29 Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag. 30 Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg. 31 Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt.

Saul vart salva til konge og profeten sa til han at han skulle verte ein ny skapning. Men han mista salvinga og det gjekk ikkje så godt med han til sist, likevel. Men vi som har salvinga får oppleve at den lærer oss alt om vi tek av frå vegen, blir vi korrigerte, vi får høyre ei røyst bak oss som seier:” Dette er vegen, vandre på den”.

Til slutt sa han noko om predikantar som var så dyre på det og kravde så høg betaling. Men når han forkynte, såg han verdiar i det som vart oppbygt i kyrkjelyden og det var det som var så viktig og verdifullt for han. Jau, han hadde vorte lønna som predikant og ein arbeidsmann er verd si løn, men no har han vorte så gammal at han er lønna av staten. Men der er predikantar som er så dyre på det og de har hatt av slike på stemnet ved Seljord også.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Eg har sagt i mitt ord, sjå til at ikkje nokon fører dykk vill. De skal vite, mine barn, at det er mange forførarar som har gått ut i denne tida. Og dei prøvar å lokke mine born til seg. Dei samlar til seg sjølv, men sjå, no skal du vakne opp, seier Herren og du skal vere lydhøyr og høyre kva Anden seier til deg. La deg ikkje blende av dei som synest å ha framgang og dei synest å ha framgang på alle sine vegar. Du skal vere våken, seier Herren og du skal kunne kjenne og dersom du kjenner at der er noko som ikkje stemmer, så skal du søke inn til meg og eg skal openberre det for deg, kva det er for noko, seier Herren. For sjå, eg vil leie deg framover på vegen. Eg vil leie deg på den rette veg, seier Herren. Amen.

Ja, når de høyrer basunen lyder, der skal de samle dykk, seier Herren. Ja, eg skal reise opp vitne i denne tida, som skal blåse i ein basun og den basunen, den skal vere klar, den skal vere tydeleg. Og alle mine born, som er født av meg, dei skal samle seg om dei som har den rette lyden, seier Herren. For sjå, seier Herren, då folket samla seg på pinsefestens dag, så høyrde dei lyden. Og det er det som skal høyrast i denne tida, det er lyden frå himmelen. For sjå, når eg kom med pinse, sjå, då kom der eit framfarande veldig ver og folk, dei høyrde lyden, seier Herren, og dei strøymde saman. Og eg brukte mine tenarar. Eg salva dei med den Heilage Ande og kraft. Dei tala drivne av den Heilage Ande og eg virka med og stadfesta ordet med dei medfølgjande teikn. Det same vil eg gjere i denne endens tid, seier Herren. I denne forvirringas tid, så skal eg ta meg ut (disippel?)vitne som tenar meg med eit udelt hjerte og som ynskjer å opphøye mitt namn, seier Herren. Amen.

Aktuelle bibelvers.

KOL 2,7 – KOL 2,15 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. [grunnkreftene i verda: -> Gal 4, 3.] 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

ÅPE 3,6   Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

1KO 2,9 – 1KO 2,12 Men det står skrive: Det auga ikkje såg, det øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

2MO 32,21 – 2MO 32,35   Så sa han til Aron: “Kva vondt har dette folket gjort deg, sidan du har ført det opp i så stor ei synd?” 22 “Ver ikkje vreid på meg, herre!” svara Aron. “Du veit sjølv kor vondt det er, dette folket. 23 Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt. 24 Då sa eg til dei: Den som har gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Såleis vart denne kalven til.” 25 Moses såg kor ustyrleg folket var; for Aron hadde mist taket på dei, så dei vart til spott for fiendane sine. 26 Då gjekk han fram i porten til leiren og ropa: “Kom hit til meg, alle som høyrer Herren til!” Då flokka heile Levi-ætta seg om han. 27 Og han sa til dei: “Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel både brør og vener og frendar!” 28 Levittane gjorde som Moses sa; og den dagen fall det ikring tre tusen mann av folket. 29 Då sa Moses: “I dag lyt de via dykk til å vera prestar for Herren; for ingen sparte son sin eller bror sin. Så skal han i dag gje dykk si velsigning.” 30   Dagen etter sa Moses til folket: “De har gjort ei stor synd. Men no vil eg stiga opp til Herren; kan henda eg kunne gjera soning for synda dykkar.” 31 Så gjekk Moses attende til Herren og sa: “Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. 32 Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!” 33 Då svara Herren: “Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi. 34 Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.” 35 Såleis straffa Herren folket fordi dei tilbad den kalven som Aron hadde laga.

2MO 33,1 – 2MO 33,6   Sidan sa Herren til Moses: “Ta ut herifrå, både du og det folket du har ført opp frå Egypt, og far til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gje det. 2 Eg sender ein engel framføre deg og driv ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 3 Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.” 4   Då folket høyrde denne harde talen, syrgde dei, og ingen tok på seg prydnadstinga sine. 5 Men Herren sa til Moses: “Sei til israelittane: De er eit stridlyndt folk. Om eg berre ein augneblink fylgdest med deg, laut eg gjera ende på deg. Men legg no bort prydnaden din, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!” 6 Då la israelittane bort prydnaden sin, frå den tid dei stod innmed Horeb-fjellet.

HEB 12,18 – HEB 12,29 {SINAI OG SION} De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: “Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.” 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: “Eg er så redd at eg skjelv.” 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, [Sion-fjellet: tempelhøgda i Jerusalem. Sjå 2 Sam 5, 6 ff; Sal 48.] 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. 25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: “Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.” 27 Her står det: “endå ein gong”. Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

Min kommentar: Kva var det som ikkje stemte?

Jesus sa til meg at når eg merkar der er noko som ikkje stemmer, til samanlikning med den merkelege lyden frå folket, ståket som Josva og Moses fekk høyre, så skal eg søke inn til han, så vil han openberre det for meg. Eg samanliknar det med Johannes, som kalla seg ”den disippelen som Jesus elska”, som søkte inntil Jesus ved nattverden og spurde han kven det er som svik han og med Johannes som vart ståande ved Jesu kors saman med Maria, Jesu mor. Og Jesus sa til han at ho er mor hans og til henne at han er son hennar. Kvifor var det så få att av dei som tidlegare følgde Jesus? Sjølvsagt fordi der var andre maktinteresser som ville ha makta over folket i staden for Jesus og læra hans. Dei ropte krossfest, krossfest, gjev oss Barnabass fri, han var ein opprørar og når dei sidan prøvde å gjere opprør mot Romarriket, gjekk det frykteleg gale.

Judas representerte også ei anna maktinteresse. Jesus hadde ikkje valt han ut, likevel var han der og var fiendtleg mot han (Jfr. Matt.22,14).

JOH 13,18 – JOH 13,30 {SVIKAREN} Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast: Den som et mitt brød, syner meg hælen. [syner meg hælen: uttrykk for fiendsleg innstilling.] 19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at “eg er Han”. 20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.” 21   Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!” 22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte. 23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus. 24 Simon Peter gav han eit teikn, at han skulle spørja kven det var han meinte. 25 Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: “Herre, kven er det?” 26 Jesus svara: “Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.” Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. 27 Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: “Gjer det snart, det du vil gjera.” 28 Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette. 29 Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. 30 Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt.

Jesus sa at den som tek imot ein som han sender, tek imot han og den som tek imot han, tek imot Faderen. Deretter vart han oppøst i hugen. Han merka nok motsetnaden og fiendskapen i den åndelege verda, Judas avviste dette, han tok ikkje imot den som Jesus sende og derfor tok han ikkje imot Faderen og Sonen heller, men fornekta Faderen og Sonen. Djevelen for i Judas, så han representerte ei anna åndsmakt og det gjorde han når han kom tilbake også.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Då sende han meg til nokon med den bodskapen. Dersom dei då ikkje tek imot meg, så tek dei ikkje imot Faderen og Sonen, men fornektar Faderen og Sonen. Og den åndsmakt som fornektar Faderen og Sonen er ikkje av Gud, det er ånda til Antikrist.

Dersom dei ikkje tok imot meg og den bodskapen som Jesus sende meg med, for derifrå og ikkje ville ha noko med meg å gjere, ikkje høyre på meg og ikkje høyre på det som Gud talar til oss gjennom sitt Ord og ved sin Ande og så likevel kjem tilbake til kristne kyrkjelydar og vil erstatte både meg og bodskapen, så må vi vere på vakt, mot eit falskt evangelium og ei åndsmakt som ikkje er av Gud.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s