2015.10.04.M. Dødsrikets portar skal ikkje få makt over Jesu kyrkje.

Bygge oppatt tempelet og muren kring Jerusalem. Møte i Maranatha 4.10.2015.

Innleiing.

Oddbjørg sa noko om at Jesu læresveinar gjekk frå alt dei eigde og følgde han. Ho sa også noko om at ho syntest det var så fælt å sjå på fjernsynet kor folket leid i Syria og spesielt dei små borna som måtte lide for det fedrane gjorde. Ho forstod at det hadde noko med at profetiane gjekk i oppfylling, men bad for folket og spesielt dei små borna.

Ei anna kvinne bad også for folket i Syria og for våre familiar og våre nære slektningar.

Tale ved Arne Mella.

NEH 1,1 – NEH 1,4 {NEHEMJA BED FOR FOLKET SITT} Soga åt Nehemja, son til Hakalja: I det tjuande året, i kislev månad, medan eg var i Susa-borga, [I det tjuande året: medan Artaxerxes I var konge (465 – 424 f. kr), dvs. i år 445 f. Kr.] [Susa: by i Elam, hovudstad i Persarriket.] 2 kom Hanani, ein av frendane mine, og nokre andre menn frå Juda. Eg spurde dei då korleis det stod til med dei jødane som hadde vore i fangenskap, men no var heimkomne, og korleis det stod til i Jerusalem. 3 Dei svara: “Dei som slapp ut or fangenskapet, og som no bur der i landet, lever i stor naud og vanære. Muren kring Jerusalem er nedriven, og portane er brende.” 4 Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg syrgde i fleire dagar og fasta og bad til Gud i himmelen.

ESR 1,1 – ESR 1,4 {KYROS LET JØDANE FARA HEIM ATT} I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen: [gjennom profeten Jeremia: Sjå Jer 29, 10.] 2 “Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har sett meg til å byggja eit tempel åt seg i Jerusalem i Judea. 3 Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til. De kan fara opp til Jerusalem i Judea og byggja templet åt Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem. 4 Alle som er att av folket hans, kvar dei så held til, skal få hjelp av folket der dei bur. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan friviljuge gåver til Guds hus i Jerusalem.”

Fyrst kom oppbygginga av tempelet, så muren kring Jerusalem. Nokre skreiv brev kongen i Persia for å få han til å stanse igjenoppbygging av tempelet og argumenterte med at han kom til å miste makt.

 

ESR 4,7 – ESR 4,16   Medan Artaxerxes rådde i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabe’el og embetsbrørne deira til kongen. Brevet var skrive med arameisk skrift og omsett til arameisk språk. 8   Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv eit brev til kong Artaxerxes mot Jerusalem. [Rådsherren Rehum: den øvste føraren i provinsen vest for Eufrat. Han hadde sete i Samaria, og hadde oppsyn med Jerusalem òg.] 9 Forutan rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai var desse med på brevet: dei andre embetsbrørne deira, domarane, sendemennene, dei persiske embetsmennene, mennene frå Uruk og Babylon og elamittane frå Susa, 10 og dei andre som den store og namngjetne Assurbanipal hadde ført bort og late busetja seg i Samaria-byen og elles i provinsen vestanfor Eufrat. 11 Dette er ei avskrift av brevet som dei sende til han:   Til kong Artaxerxes, frå tenarane dine, mennene i provinsen vestanfor Eufrat. 12   Kongen skal vita at dei jødane som fór bort frå deg, er komne hit til oss i Jerusalem. Dei byggjer opp att denne vonde og opprørske byen, set murane i stand og vøler grunnvollane. 13 No skal kongen vita at dersom denne byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem folket der korkje til å svara skattar eller avgifter i varer og pengar, og det vil med tida verta til skade for kongane. 14 Etter som vi står i kongens teneste, vil vi ikkje roleg sjå på at kongen lid skade. Difor sender vi melding om dette til kongen, 15 så du kan få røkt etter i årbøkene åt fedrane dine. Der vil du finna og sjå at dette er ein opprørsk by som har vore til skade for kongane og provinsane, og at folket der har gjort oppreist frå gamal tid. Difor vart denne byen øydelagd. 16 Kongen skal vita at dersom byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem du til å missa provinsen vestanfor Eufrat.

NEH 2,1 – NEH 2,9 {NEHEMJA FER TIL JERUSALEM} Ein dag i nisan månad, i det tjuande året Artaxerxes var konge, vart det sett fram vin for kongen, og eg tok og rette han vinen. Eg hadde aldri før sett sturen ut når eg stod framfor kongen. 2 Då sa han til meg: “Kvifor er du så sturen? Du er då ikkje sjuk. Dette kan ikkje vera anna enn hjartesut.” Då vart eg svært redd 3 og sa til kongen: “Gjev kongen må leva evig! Lyt eg ikkje vera sturen når den byen der fedrane mine er gravlagde, ligg i røys, og portane er brende?” 4 Kongen spurde: “Kva er det du ynskjer?” Då bad eg til Gud i himmelen, 5 og eg sa til kongen: “Om kongen så synest, og du har godvilje for tenaren din, så lat meg få fara til Judea, til den byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.” 6 Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han, kor lenge ferda ville vara, og når eg kom att. Eg nemnde ei viss tid, og kongen tykte vel om dette og gav meg lov til å fara. 7   Så sa eg til kongen: “Om kongen går med på det, så lat meg få med brev til statthaldarane vestanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom landa sine til Judea. 8 Eg bed òg om brev til Asaf, han som har tilsyn med skogane åt kongen, at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane som fører inn til tempelborga, til bymuren og til det huset eg skal bu i.” Og kongen gav meg det. For min Gud heldt si gode hand over meg. 9   Så kom eg til statthaldarane vestanfor elva og gav dei breva frå kongen. Han hadde òg sendt hærførarar og hestfolk med meg.

NEH 2,11 – NEH 2,18 {NEHEMJA SER PÅ BYMUREN} Då eg kom til Jerusalem, heldt eg meg i ro i tre dagar. 12 Men så stod eg opp om natta og tok med meg nokre få menn. Eg hadde ikkje nemnt for eit menneske kva Gud hadde gjeve meg hug til å gjera for Jerusalem. Eg tok heller ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på. 13 Midt på natta drog eg ut gjennom Dalporten, framom Drakekjelda og til Oskeporten. Eg såg på Jerusalems murar som var nedrivne, og på portane som var brende. 14 Så reid eg over til Kjeldeporten og til Kongedammen. Men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg. 15 Same natta fór eg opp gjennom dalen og såg på muren, men snudde så om og kom attende gjennom Dalporten. 16   Forstandarane visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg tok meg føre. For eg hadde endå ikkje nemnt noko om dette til jødane, korkje til prestane eller stormennene, forstandarane eller dei andre som hadde med arbeidet å gjera. 17 Men no sa eg til dei: “De ser sjølve kor ille det står til med oss. Jerusalem ligg i røys, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger skal vera til spott og spe.” 18 Og eg fortalde dei korleis min Gud hadde halde si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: “Vi vil gå i gang og byggja!” Og dei tok fatt på det gode verket med full kraft.

JER 29,10 – JER 29,11   Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

JES 58,12   Du skal byggja opp att gamle ruinar og reisa grunnmurar frå farne ætter. Då skal dei kalla deg murbrotbøtar, han som vøler vegar, så folk kan bu i landet.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Arne:

Ja, eg kallar bygningsfolk i denne tida, seier Herren. Eg kallar på menneske som vil vere med å arbeide i mitt rike. Sjølv om det er seint på dagen, så har eg løn for alle som vil arbeide i mitt rike, seier Herren. Og har eg ikkje sagt at eg vil bygge min kyrkjelyd og dødsrikets portar skal ikkje få makt over den. Så ver ikkje redd og frykt ikkje, seier Herren, for eg er med deg og eg vil hjelpe deg og støtte deg og gi deg den krafta du treng. Men eg spør om di villigheit, og eg spør om ditt hjerte, seier Herren. Og eg kallar på deg i kveld.

Så mange er opptekne av sitt eige hus eller sine eigne ting, at dei ser ikkje at mitt hus ligg nede eller at muren er nedriven. Men no kallar eg på deg og eg ynskjer å bruke deg, seier Herren. Eg ynskjer å velsigne deg, for at du skal kunne vere til velsigning i denne tida. Derfor har eg også sagt i mitt Ord, at be meg, så at eg vil drive ut arbeidarar til min haust. Å, ja, det kjem ein haust og det trengst arbeidarar, for at alle menneska kan verte hausta inn for mitt rike. For min kjærleik strekk seg til alle menneske over heile verda. Derfor kallar eg også på deg, til å vere med og bygge mitt rike, sånn at folka kan verte hausta inn og få oppleve å møte meg og møte min kjærleik, seier Herren.

 

Aktuelle bibelvers.

 

JER 29,4 – JER 29,14   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia: 5 Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei! 6 Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka. 7 Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg. 8   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer! 9 For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. 10   Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden. 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. 12   Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. 13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, 14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

1TI 2,1 – 1TI 2,7 {FØRESKRIFTER FOR GUDSTENESTA} Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske. 2 Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 3 Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, 4 han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna. 5 For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus, 6 han som gav seg sjølv til løysepeng for alle. Det var vitnemålet hans då tida var komen; 7 og for det vart eg sett til herold og apostel. Dette er sant, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning. [herold: ein som ropar ut kunngjeringar.]

RMR 13,1 – RMR 13,7 {TILHØVET TIL STYREMAKTENE} Kvar og ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. 2 Den som set seg opp mot styremakta, han står Guds ordning imot, og dei som det gjer, skal få sin dom. 3 Dei som styrer, er inga skræmsle for den som gjer godt, men for den som gjer vondt. Vil du sleppa å vera redd styremakta? Gjer det som godt er, og ho kjem til å rosa deg. 4 For styremakta er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd; for ho ber ikkje sverdet for inkje. Ho er Guds tenar som set hans dom i verk over den som gjer det vonde. 5 Difor er det naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet. 6 Det er òg grunnen til at de betaler skatt; for styremaktene er Guds tenarar, og dette er dei sette til å ta seg av. 7 Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære.

HAG 1,1 – HAG 1,15 {BYGG OPP ATT HERRENS TEMPEL!} I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så: [Serubabel: -> Esra 2, 2.] 2 Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: “Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.” 3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai: 4   Er det tid for dykk til å bu i bordkledde hus så lenge templet ligg i røys? 5   No seier Herren, Allhærs Gud: Legg merke til korleis det går dykk! 6   De sår mykje, men haustar lite; de et, men vert ikkje mette; de drikk, men sløkkjer ikkje torsten; de kler dykk, men vert ikkje varme; og leigekaren får si løn i ein botnlaus pung. 7   Så seier Herren, Allhærs Gud: Legg merke til korleis det går dykk! 8   Far opp i fjellet og henta tømmer! Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det og visa min herlegdom der, seier Herren. 9   De ventar mykje, men sjå, det vert lite. De får det i hus, men eg blæs det bort. Kvifor? seier Herren, Allhærs Gud. Fordi mitt tempel ligg i røys, medan de har det annsamt kvar med sitt eige hus. 10   Difor held himmelen dogga att, og jorda gjev ikkje grøde. 11   Eg har kalla turk over jord og fjell, over korn og vin og olje, over alt som gror på marka, ja, over folk og fe og over alt arbeid som vert gjort. 12   Serubabel Sjealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på det Herren deira Gud tala, på orda åt profeten Haggai, fordi Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket hadde age for Herren. 13 Med oppdrag frå Herren sa Haggai, Herrens sendebod, til folket: Eg er med dykk, lyder ordet frå Herren. 14   Herren vekte slik iver hjå Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og hjå Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og hjå alle som var att av folket, at dei kom og arbeidde på huset åt sin Gud, Herren, Allhærs Gud. 15 Det var den 24. dagen i den sjette månaden i det andre styringsåret åt kong Dareios. [i det andre styringsåret: hausten 520 f. Kr.]

HAG 2,1 – HAG 2,9   Den 21. dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde så: [Den 21. dagen: medan folket var samla siste dagen i lauvhyttehelga. Sml. 3 Mos 23, 39.] 2 Sei til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til dei som er att av folket: 3   Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut? 4   Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel! lyder ordet frå Herren. Ver frimodig, Josva Jehosadaksson, du øvsteprest! Ver frimodig, alt folket i landet! lyder ordet frå Herren. Gå og arbeid, for eg er med dykk! lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 5   Den lovnaden gav eg dykk då de drog ut or Egypt. Og min Ande bur imellom dykk. Ver ikkje redde! 6   For så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong, om ei lita stund, vil eg skaka himmel og jord, havet og det turre land. 7   Eg skjek alle folkeslag, så skattane deira kjem hit. Og eg fyller dette huset med herlegdom, seier Herren, Allhærs Gud. 8   Sølvet er mitt, og gullet er mitt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. 9   Dette nye huset skal verta herlegare enn det førre, seier Herren, Allhærs Gud. På denne staden vil eg gje fred, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

MTT 20,1 – MTT 20,16 {ARBEIDARANE I VINGARDEN} Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin. 2 Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. 3 Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. 4 Han sa til dei: Gå bort i vingarden, de òg! Så skal de få det som rett er. 5 Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins. 6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: Kvifor står de her arbeidslause heile dagen? 7 Fordi ingen har leigt oss, svara dei. Då sa han: Gå bort i vingarden, de òg. 8   Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste. 9 Så kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. 10 Då dei fyrste kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. 11 Dei tok imot pengane, men murra mot husbonden 12 og sa: Dei som kom sist, har ikkje arbeidt meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen! 13 Han sa til ein av dei: Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var vi ikkje samde om ein denar? 14 Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. 15 Har eg ikkje lov å gjera med mitt som eg vil? Eller gjer det deg vondt å sjå at eg er god? 16 Såleis skal dei siste verta dei fyrste og dei fyrste dei siste.”

MTT 6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

LUK 18,28 – LUK 18,30   Då sa Peter: “Kva så med oss, som har gått ifrå alt vårt og fylgt deg?” 29 Jesus svara: “Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld 30 utan at han skal få det att mangdobbelt her i tida, og i den verda som kjem, eit evig liv.”

 

MTT 16,16 – MTT 16,20 Då svara Simon Peter: “Du er Messias, den levande Guds Son.” 17 Jesus tok til ords og sa: “Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. [Peter: Det greske ordet Petros er ei omsetjing av det arameiske Kefa, som tyder stein, berg.] 19 Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.” [binda, løysa: ord som vart nytta av dei skriftlærde. “Binda” var å forby, “løysa” å seia at noko er tillate. Orda kunne òg brukast om å stengja ute frå fellesskap (bann) eller gje tilgjenge til det. Sjå 18, 15-18; Joh 20, 23.] 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.

 

MTT 9,35 – MTT 9,38 {GRØDA ER STOR} Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse. 36 Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding. 37 Då sa han til læresveinane: “Grøda er stor, men onnefolka er få. 38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.”

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s