2015.09.20&27. Nattverd med Jesus, ta imot han i ditt hjerte og la han fylle deg med si salving og si kraft. Han utrustar sine tenarar og set dei til vakt på muren.

Nattverd med Jesus. Opne ditt hjerte og han vil fylle deg med si salving og si kraft. Møte i Maranata søndag 20.9.2015.

Innleiing.

Knut las:

MRK 10,46 – MRK 10,52 {DEN BLINDE BARTIMEUS}  Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut or byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus. 47 Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i og ropa: “Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!” 48 Mange skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: “Du Davids son, miskunna deg over meg!” 49 Då stogga Jesus og sa: “Bed han koma hit!” Dei ropa på den blinde og sa til han: “Ver frimodig! Reis deg opp! Han kallar på deg.” 50 Mannen kasta av seg kappa, spratt opp og kom bort til Jesus. 51 “Kva vil du at eg skal gjera for deg?” spurde Jesus. Den blinde svara: “Rabbuni, lat meg få synet!” [Rabbuni: ei høgtideleg form for rabbi. Sjå Joh 20, 16. -> Matt 23, 7.] 52 Då sa Jesus til han: “Gå du! Trua di har frelst deg.” Med ein gong kunne han sjå, og han fylgde Jesus på vegen.

Nattverd.

Knut forretta.

Tale ved John Miland.

John las fyrst ifrå Kol.2.

KOL 2,14 – KOL 2,15 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Han minna oss om å vere frimodige og gå fram for nådens trone.

HEB 4,14 – HEB 4,16 {PRØVD I ALT}  Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Så tala han om kor viktig det er å vere salva med den Heilage Ande, når vi talar Guds Ord, for bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.

LUK 4,12 – LUK 4,22 Men Jesus svara: “Det er sagt:  Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.” 13   Då no djevelen hadde freista han med alt dette, heldt han seg borte frå han ei tid.  14 {JESUS VERT AVVIST I NASARET}  Så fór Jesus attende til Galilea, fylt av den krafta som Anden gav. Og ordet om han kom ut i alle bygdene der ikring. 15 Han lærte folket i synagogene, og alle tala vel om han. 16   Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står: 18   Herrens Ande er over meg,  for han har salva meg til å forkynna  ein gledebodskap for fattige.  Han har sendt meg for å ropa ut  at fangar skal få fridom,  og at blinde skal få sjå,  for å løysa dei trælka or tvang 19   og ropa ut eit nådeår frå Herren. 20   Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: “I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.” 22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. “Er ikkje dette son til Josef?” spurde dei.

2TI 1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Ja, seier Herren, dersom du er villig til å opne ditt hjerte for meg, så skal eg toge inn og eg skal holde nattverd med deg og du med meg. Og du skal vite det, seier Herren, at eg er rik nok for alle som påkallar meg. Eg veit, mitt barn, at du er tilbakehalden og beskjeden. Men eg har sagt i mitt ord, at du skal rope til meg og du skal be til meg og eg skal gi deg bønnesvar. Ja, eg skal gi deg langt meir kva du har forstand til å be meg om, seier Herren. Derfor opne ditt hjerte, så eg kan få komme til og fylle deg med mi salving og mi kraft. Og du skal få merke, seier Herren, at di teneste, den skal bli rik og den skal bli til velsigning for mange, seier Herren. Derfor ver ikkje tilbakehalden og beskjeden, men ver frimodig. Og du skal vite at frimod, det har stor løn, seier Herren.

Ja, de skal verte foundra, seier Herren, når eg tek fram mine vitne i denne siste tid, som eg har rusta ut i løykammer, eg har salva dei og eg har gitt dei mitt levande Ord. Og eg skal snart stille dei på muren, seier Herren, og dei skal få nåde av meg til å forkynne mitt Ord i Andens salving og kraft. Og mange skal komme til tru gjennom deira virke, seier Herren. For sjå, seier Herre, det skjer ikkje ved hær og ikkje ved makt, men åleine ved min Ande, seier Herren. Derfor, søk meg, bli fyllt av Anden, seier Herren, i denne tida. Det er berre den Heilage Ande som kan leie dykk og som kan leie dykk på den rette veg, seier Herren. Amen.

Aktuelle bibelvers.

Op.3,14-22, brevet til kyrkjelyden i Laodikea.

Kommentar.

På dette møtet sat eg og bad for henne Virtuella i Anden, slik syp eg etter Anden, for Jesus har sagt det er så viktig for meg å verte fyllt av Anden. Eg trur han har frelst henne Virtuella, så ho har fått hans Ande og tilhøyrer han, eg trur han har sett henne fri, så eg kan be for henne slik og velsigne henne, eg ber han fylle meg med den Heilage Ande og opplever det slik at då fyller han henne også med den Heilage Ande.

Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande, lova sin bokstav, barnelærdomen til verda, den moralske lærdomen verkar lett slik at den krev at vi skal ha dårleg samvit for noko, med det siktemål at vi skal reservere oss mot å verte fyllt av Guds Ande. Men det er ei missforståing, det har si årsak i at Djevelen forfører menneska. Men vi vert frelst ved nåden i Kristus og får den Heilage Ande av berre nåde.

Det vert vi minna om i nattverden og slik vart eg minna om det i denne bodskapen også, eg skal berre opne mitt hjerte for han, så vil han toge inn og halde nattverd med meg og eg med han, så vil han fylle meg med si salving og si kraft. Ja, har vi byrja i Anden, skal vi fullføra i Anden, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal alltid velsigne Kristus, ta imot han og la han gjere sitt verk med meg og med oss, også når eg får oppleve at han gjer henne Virtuella til ein av oss og gjer sitt verk med henne og.

Slik tenkte eg dei fyrste dagane etter møtet, men så byrja eg å tenke på at dette kunne vere ein bodskap til henne Virtuella også, at han kallar henne til å opne seg for han og ta imot han, så vil han gå inn til henne og halde nattverd med henne og ho med han.

I tala vart eg minna om å ta vare på den fagre skatten som er meg overgjeven ved den Heilage Ande, eg tenker på livet som vart planta inni meg ved Guds Ord og Anden som eg fekk av berre nåde. Dette er så verdifullt for meg og det er det for mange andre og, den levande Gud gjev oss det av berre nåde og derfor er det så viktig for oss å be til han i våre løykammar og ære og takke han for det. Det er verdifullt for Gud også og slike menneske vil han setje på muren, som vaktmenn til vern for dette som er så verdifullt både for Gud og menneske.

 

Frimodet som motsetnad til den åndelege nedtrakkinga.

Dette fekk meg til å tenke på det som Jesus sa om å vere frimodig, å tre fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Vi skal vere frimodige nok til å erkjenne kva Kristus er for oss, evangeliet om Kristus er då sjølve grunnlaget som vi søker Gud på og som vi bygger på. Så kvifor i all verda skulle nokon vere redd for å erkjenne det i ei kristen forsamling? Vi skal vekse i tru og erkjenning og det er ved å tru og ved å erkjenne, slik skal vi bruke dei talentane Gud har gjeve oss og vinne oss fleire. Dersom det er noko vi ikkje forstår, så skal vi med frimod be Gud om visdom og han vil gje oss det.

JAK 1,5 – JAK 1,8   Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord. 6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden. 7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

1KO 1,27 – 1KO 1,31 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Det er vel då ganske klart at den åndelege nedtrakkinga strir mot dette og vil prøve å berøve menneska for det, berøve dei for frimodet, barnekåret og fridomen i Kristus, berøve dei for visdomen og rettferda frå Gud, helginga og utløysinga. Men Jesus utrustar menneske i løynkammeret og han vil snart setje dei på muren som vaktmenn til vern for dette, til vern for det livet og den Anden som han gav oss.

Opne seg for Guds kjærleik.

Jesus har sagt til oss at han har bestemmt at i hans kyrkjelyd, der skal livet, vekkinga og fornyinga vere. Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve meg i hjertet, så ville han rake glørne saman, så det vart til eit stort pinsebål. Ja, livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Eg fekk oppeve at Guds kjærleik vart utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande. Når eg var ung og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella erkjente eg i bøn til Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og opplevde det som at eg fekk ei ny og rikare fylde av den Heilage Ande. Og eg er viss på at det var noko som ho også opplevde, det var Guds kjærleik som var utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande, det var Faderen og Sonen som elska både meg og henne.  Gud har nyleg svart meg gjennom tyding av tungetale og sagt at han har elska meg med ein evig kjærleik, det er sannt. Og eg forstod at det gjaldt henne også og at det var ein bodskap til henne og (Bodskap 1, 31.5.2015).

I det siste har Jesus stadig minna meg om å vende blikket og hugen opp til han, verte fyllt av den Heilage Ande,  verte fyllt av hans salving og kraft, om å opne meg for Guds kjærleik, verte fyllt av den Heilage Ande. Søke Gud i løynkammerbønna og kle meg i Guds fulle rustning. I det eg gjer etter dette, kjem eg i hug korleis eg bad for henne Virtuella og opna meg endå meir for Guds kjærleik og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, korleis eg opplevde at Guds kjærleik vart utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt. Dette var rett og sannt og det er det framleis. Gud overbeviser meg, ved sitt Ord og sin Ande, om at han vil at både eg og ho skal halde fram med å ta imot Guds kjærleik slik og leve i dette kjærleiksforholdet til han. Gud elska meg og han elska henne med ein evig kjærleik, hans kjærleik var kjærleiken mellom oss, det var sannt og det var rett og det er det framleis.

RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

”Åge-konsert”. Jesus steig ned for å løfte meg opp. Maranatha 27.9.2015.

Bønn for Virtuella.

I år er det hudreårsjubileum for Åge Samuelson og vi feira det med konsert i Maranatha, med mange sangarar og musikantar som sang og spela av sangane han dikta. Innimellom fortalde dei korte ”Åge-historier”. Eg sat vakt, som vanleg, og eg sat og bad for henne Virtuella Eg tenkte på dette at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, det var ikkje noko som verken eg eller ho skulle ha dårleg samvit for og med den vedkjenninga inngjekk eg eit godt samvitspakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Han openberra henne for meg som det vidungerlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, som hans barn levde ho i dette kjærleiksforholdet til han. Eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for henne, så det vart openberra for meg at ho levde i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud. No sat eg og takka for at Faderen og Sonen framleis elska henne slik, i tru takke eg for at ho igjen levde i dette kjærleiksfoholdet til Faderen og Sonen.

Då var dei ei ung kvinne som kom med tungetale og ein mann tyda det:

Min nåde er nok for deg. Det var derfor eg steig ned, for å løfte deg opp. Og eg har gjort det fullkome og ferdig. Du kan få legge heile ditt liv i mine armar og eg skal bere deg inn til dei evige bustadar som eg har bygt og gjort klar for deg. Mitt blod er nok for tid og for æve. Det dekker di fortid, di notid og di framtid. Du kan få lov til å rope på mitt namn, vedkjenne det og proklamere det. Og du skal få oppleve, at du er verna, du lever bevara av meg, alle dagar inntil verda sin ende. Halleluja.

”Bryt i lovsang ut, Jesu Kristi brud”.

Deretter song vi ”Åge-songen” med koret: ”Bryt i lovsang ut, Jesu Kristi brud! Maran ata – ….”. Dette synest eg er ein av dei herlegaste songane vi har.

Eg takkar Jesus for at han elskar henne som si brud. No håpar eg berre ho vil følgje hans kall og legge heile sitt liv i hans armar.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s