2015.06.14.M. Guds Ord gjer det han sender det til.

Det er Guds Ord som skal ha framgang og makt i denne tida. Møte i Maranatha 14.6.2015.

Innleiing ved Oddbjørg.

 

OSP 13,9   Ljoset åt dei rettferdige skin klårt, men lampa åt dei gudlause sloknar.

OSP 24,19 – OSP 24,20   Harmast ikkje på dei som gjer vondt, og misunn ikkje dei gudlause! 20   For dei vonde har inga framtid, lampa åt dei gudlause sloknar.

EFE 5,13 – EFE 5,17 Men alt kjem for dagen når ljoset får avsløra det, 14 og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det: Vakna, du som søv, stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg. 15   Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke, 16 så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde. 17 Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil.

2TI 2,26 Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.

Tale ved John Miland.

 

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen.

John fortalde om ein predikant som sa at sjukdom kunne ha si årsak i at foreldre eller besteforeldre hadde synda og kalla det vranglære.

5MO 24,16   Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.

JER 31,29 – JER 31,30   På den tid skal dei ikkje lenger seia: Fedrane åt sure druer, og borna fekk ringe tenner. 30   Men kvar skal døy for si eiga synd. Den som et sure druer, skal sjølv få ringe tenner.

Så fortalde han om ein annan predikant som sa at Gud tilgjev ikkje alle slags syndarar, men han tilgjev angrande syndarar.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Ja, seier Herren, sjå, mitt Ord, det skal lyde ut i denne tida. Derfor, du mitt barn, ver ikkje tilbakehalden, men haldt fram mitt Ord, kva eg har sagt i mitt Ord. For sjå, mitt Ord, det skal ikkje vende tomt tilbake, men det skal lykkeleg utføre kva eg sender det til, seier Herren. Derfor, du mitt barn, sett ikkje ditt lys under ei skjeppe. Men ver frimodig, sett det i staken, så alle kan sjå det. Ver frimodig og vedkjenn mitt namn og du skal få oppleve at det skal gi deg styrke. Det skal gi deg kraft på vegen. Og du skal få oppleve at eg skal gå med deg og eg skal stadfeste din gang, seier Herren. Ver du riktig frimodig og sterk, seier Herren.

Sjå, mange av mine barn i denne tida, dei har falle tilbake og dei har nærmast gitt opp, missmodet har teke dei. Men du skal vite, seier Herren, at eg har ikkje gjeve dei missmodets ånd. Men eg har gitt kjærleiken, krafta og sindigheita si ånd. For sjå, eg skal møte dei som har vorte tilbake, eg skal stille dei fram på muren igjen. Eg skal gi dei ny kraft og eg skal salve dei med kraft, dei skal få nytt mot og ny kraft, seier Herren. Ver berre frimodig, hald fast på den gamle bodskapen, som du har høyrt i dag. For sjå, det er mitt Ord som skal ha framgang og ha makt i denne tida. Amen.

Aktuelle bibelvers.

 

JES 55,10 – JES 55,13   Liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer opp att dit, før dei har vatna jorda og gjeve henne grorkraft og grøde, ja, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, 11   så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til. 12   Ja, med glede skal de dra ut og førast lukkeleg fram. Fjell og haugar skal møta dykk med jubelrop, og alle tre på marka skal klappa i hendene. 13 I staden for klunger skal det veksa sypressar, og myrt i staden for nesler. Det skal vera til ære for Herren, eit evig teikn som aldri skal strykast ut.

ESK 3,17 – ESK 3,21 Menneske, eg set deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. [til vaktmann: Sjå 33, 1-9.] 18 Dersom du ikkje åtvarar den gudlause når eg seier til han at han skal døy, dersom du ikkje talar til den gudlause og åtvarar han mot hans vonde ferd, så han kan berga livet, då skal han døy for si misgjerning. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 19 Men har du åtvara den gudlause, og han likevel ikkje vender om frå si gudløyse og si vonde ferd, då skal han døy for si misgjerning. Men du har berga livet. 20   Når ein rettferdig mann vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, då legg eg ein snåvestein i vegen hans; han skal døy. Har du ikkje åtvara han, skal han døy fordi han har synda. Ingen skal minnast dei rettferdige gjerningane han har gjort. Men deg vil eg krevja til rekneskap for hans blod. 21 Men har du åtvara den rettferdige og sagt at ein rettferdig mann ikkje må synda, og han så held opp med si synd, då skal han leva, fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.

ESK 22,30   Eg leita mellom dei etter ein mann som kunne tena meg med å byggja opp muren og stella seg i rivnene til forsvar av landet, så det ikkje skulle verta øydelagt. Men eg fann ingen.

ESK 33,1 – ESK 33,20 {PROFETEN SOM ISRAELS VAKTMANN} Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann. 3 Når så mannen ser sverdet koma mot landet, blæs han i horn og åtvarar folket. 4 Om nokon som høyrer hornljomen, ikkje bryr seg om åtvaringa, så sverdet kjem og riv han bort, då er han sjølv skuld i sin død. 5 Han høyrde hornljomen, men brydde seg ikkje om åtvaringa. Difor må han sjølv ta skulda for sin død. Hadde han late seg åtvara, hadde han berga livet. 6   No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død. 7   Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. 8 Når eg seier til ein gudlaus mann: “Du skal sanneleg døy”, og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy fordi han har synda. Men deg krev eg til rekneskap for hans død. 9 Men åtvarar du han mot hans gudlause liv for at han skal venda om, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy fordi han har synda. Men du har berga livet. 10 {HERREN VIL IKKJE AT DEN GUDLAUSE SKAL DØY} Du menneske, sei til Israels-ætta: De tenkjer som så: “Fordi vår synd og skuld ligg tungt på oss, visnar vi bort. Korleis kan vi då leva?” 11   Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil ikkje at den gudlause skal døy, men at han skal venda om frå si vonde ferd og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde ferd! Kvifor vil de døy, de israelittar? 12   Du menneske, sei til landsmennene dine: Når den rettferdige syndar, kan hans rettferd ikkje berga han. Og når den gudlause vender om frå sin vondskap, skal hans vondskap ikkje fella han. Den rettferdige kan ikkje leva ved si rettferd når han syndar. 13 Om den rettferdige seier eg: “Han skal leva.” Men lit han på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans velgjerningar vera gløymde. Han skal døy på grunn av den uretten han har gjort. 14 Om den gudlause seier eg: “Han skal døy.” Men så vender han kanskje om frå si synd og gjer rett og rettferd. 15 Han gjev att det pant han har teke, gjev vederlag for det han har røva, og fylgjer dei føreskrifter som gjeld for livet, så han ikkje gjer urett. Då skal han ikkje døy, men leva. 16 Ikkje ei av dei syndene han har gjort, skal leggjast han til last. Når han gjer rett og rettferd, skal han leva. 17   No vil vel landsmennene dine seia: “Herren går ikkje fram på rett vis.” Men det er deira eiga åtferd som ikkje er rett. 18 Når den rettferdige gjev opp si rettferd og gjer urett, då skal han døy. 19 Og når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han leva. 20 Og endå seier de at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil døma dykk, israelittar, etter det kvar og ein har gjort.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s