2015.05.31. M. Kaste seg ut i nåde-straumen og oppleve Guds kjærleik.

Takke for lovnadane og kjenne krafta frå Jesu oppstode. Møte i Maranatha 31.5.2015.

Tale ved Tore Kristiansen.

Gud sende Moses til Farao med bod om at han skulle late israelsfolket fara, men Farao gjorde det vanskelgare for dei og det fekk Moses høyre igjen frå sine eigne landsmenn, slik gjekk det nedover med han. Til samanlikning starta det bra med ei popularitetsperiode for Jesus, men så gjekk det nedover inntil han stod åleine att. Gud fria israelsfolket ut or trældomen i Egypt, det var Guds verk, det var eit under. Deretter byrja vandringa i tru og då var dei fullt rusta. Til samanlikning frelser Kristus oss frå synda, det er Guds verk og det er eit under.

2MO 13,17 – 2MO 13,18 Då Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud dei ikkje på den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste; for han tenkte dei kunde koma til å angra seg når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarland. 18 Men Gud laga det so at dei svinga inn på den vegen som gjekk igjenom øydemarki til Raudehavet. So for då Israels-borni stridsbudde ut or Egyptarlandet.

Når dei tolv speidarane sidan speida ut landet var det berre to av dei som kom attende med optimistisk bodskap og det var fordi dei hadde trua si ånd.

Tungetale ved Aud, tyding ved Tore.

Bodskap 1a: Det var ikkje naglane som heldt meg fast, det var ikkje det dei gjorde som gjorde at eg vart hengande. Men det var at eg elska deg så høgt at eg sette mitt liv til. Eg gav det for at du skulle få leve. Eg gav mitt liv for at du aldrig i æva skulle fortapast. Det eg gjorde på korset, det var eit evig ja, for alle som vil ta imot og om du tek imot det eg gjorde då det fullbrakte verk, så skal du få kjenne, oppleve forløysinga si kraft i ditt liv. Du skal gå over frå Satans makt og inn i mitt rike. Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt.

Bodskap 1b: Kast deg ut i min nådesstraum. Og du skal få oppleve at du skal bli kvitt ditt eige strev, kast deg og fortrøst deg på min kjærleik og du skal få kjenne at min kjærleik skal gjere deg varm. Min kjærleik skal berike di sjel. Og få augo opp for den store kjærleik du er elska med. Og eg skal føre deg inn i ei rikare tilvære og du skal få oppleve at himmel og jord kan brenne, men min kjærleik, den skal bestå. Halleluja.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

Bodskap 2a: Eg kjem ikkje med fordømming, eg kjem ikkje med bebreiding. Eg er ikkje slik, om ikkje du har gjort i eitt og alt slik som eg skulle ha yngst, så er ikkje eg slik som de menneske er, men eg er misskunneleg, barmhjertig, og eg lokkar og lokkar og dreg og dreg, for eg ynskjer de skal komme inn i salvinga, eg ynskjer at de skal verte fyllt av den Heilage Ande, eg ynskjer at de skal få kjenne krafta av mi oppstode. Eg ynskjer at de skal stå fullt rusta i åndskampen. Derfor oppmuntrar eg deg i kveld til å feste di lit til meg. Sku ikkje til høgre eller venstre, men sjå til mitt Ord, gå inn i mitt Ord, bøy dine kne og takk meg for lovnadane og du skal få kjenne at i det du kjem, skal eg gjennomrisle og gjennomstrøyme deg med krafta frå oppstoda.

Bodskap 2b: Sjølv om eg for opp, så sende eg trøystaren ned. Og trøystaren er her til stades for å trøyste deg, for å fylle deg med kraft, for å løfte deg, for å føre deg inn i syner og openberringar. Eg vil at du skal opne heile ditt hjerte mot han som kan fylle deg med si kraft og du skal få kjenne at når han fyller deg med krafta, så skal du få oppleve du skal sigre til høgre og til venstre. Og eg skal setje deg over endå større ting.

Bodskap 2c: Du er frelst i kraft av blodet. Du er forløyst i kraft av at eg vart din løysepenge. Men ferda vidare, det går gjennom at du vert fylt av den Heilage Ande. For eg veit at du har kamp, eg veit at du har motstand. Men ver ikkje redd, eg skal komme deg til unnsetjing. Eg er hos deg, eg kjem til deg. Eg og Faderen, vi skal fylle deg. Når du fylles ved den Heilage Andes salving.

Aktuelle bibelvers.

4MO 14,24 Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige.

4MO 14,30 Ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg lova at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun.

4MO 27,18   Då sa Herren til Moses: “Ta Josva Nunsson, ein mann som det er ånd i, og legg handa på hovudet hans!

4MO 32,12 – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, av Kenas-ætta og Josva, son til Nun; for dei har trufast fylgt Herren. [Kenas: ein av etterkomarane etter Esau, 1 Mos 36, 11.]

JER 31,1 – JER 31,7 {ENDÅ EIN GONG SKAL EG BYGGJA DEG} På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk. 2   Så seier Herren: Det folket som slapp unna sverdet, har funne nåde i øydemarka. Israel skal fara av stad og finna ro. [har funne nåde i øydemarka: liksom i tida før innvandringa. Sml. Hos 2, 14.] 3   Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:   Med evig kjærleik har eg elska deg, difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved. 4   Endå ein gong skal eg byggja deg, ja, du skal byggjast, Israel, du unge møy. Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer og gå ut i dansen med dei glade. 5   Endå ein gong skal du planta vinhagar på Samaria-fjella; og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta. 6   Ja, det kjem ein dag då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet: Kom, lat oss fara opp til Sion, til Herren vår Gud! 7   Så seier Herren: Gled deg storleg over Jakob, og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka! Lat lovsongen ljoma og sei: “Herren har frelst sitt folk, dei som er att av Israel.”

Kommentar.

Eg skreiv om at eg bad Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone og om korleis eg bad for henne Virtuella og at Jesus ville ta seg av mi sak som si sak, så eg skal sigre saman med han, hans siger over den vonde er fullstendig, så den vonde sitt negerlag er fullstendig, når eg sigrar saman med Kristus, blir min siger over den vonde tilsvarande fullstendig. Bodskap 1a tek eg som svar på dette og då høyrest det ut til at det framleis er henne han vil gje meg til kone. Eg tek det også som svar på det eg skreiv om at Djevelen er ein lygnar, Jesus sa der finst ikkje sanning i han. Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, han frelser og velsignar menneske. Det er det mest fundamentale og set Djevelens klagemål ut av spel.

Igjen seier han at eg skal kaste meg ut i nådestraumen, så eg vert kvitte mitt eige strev, eg skal fortrøyste meg på hans kjærleik. Ja, alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Eg trur han gjev meg ei kone ved gjenfødinga og slik openberrar han sitt Ord for oss, at han skaper oss i samsvar med 1.Mos.2. Vi fekk Anden av berre nåde og skal fullføre i nåden og Anden. Håpet om Guds herlegdom gjorde meg ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Eg har fortalt korleis eg fekk opplevde dette som svar på mi bønn for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset. Det er lenge sidan, kva betydning har det no? Skal ho kanskje likevel verte kona mi? Det har så stor betydning at himmel og jord kan brenne, men Guds kjærleik skal bestå.

Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen, det vart openberra for meg ved fylden av den Heilage Ande, ho elska Kristus som hans brud og studna etter hans kjærleik, ho elska Faderen som hans barn og studna etter hans kjærleik og omsorg, vi fekk oppleve samfunnet med Faderen og Sonen og eg trur dette har å gjere med at Guds born skal openberrast i herlegdom saman med Kristus.

RMR 8,18 – RMR 8,39 {VONA OM HERLEGDOM}  Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.] 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. 28   Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? 33   Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:  For di skuld vert vi drepne dagen lang,  vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Det opplevde eg etter at eg møtte henne igjen i Bergen også og fortalde henne at eg var forelska i henne og hadde bedt Jesus om å få møte henne igjen. Ho levde framleis i kjærleiks-forholdet til Faderen og Sonen, ho elska Kristus som hans brud og stunda etter hans kjærleik og ho elska Faderen og stuna etter hans kjærleik og omsorg. Men kva skulle det ha med meg å gjere, at eg vart forelska i henne og bad til Gud for henne. Jau, no har eg forklart det mange gongar og både eg og ho måtte vende vår hug opp til Jesus og ta imot det som han gjev oss frå himmelen og sjå på han, for det som er så avgjerande viktig for oss, er at Gud elskar oss i Kristus. Som Jesu brud skulle ho berre fortsette å elska han og stunde etter hans kjærleik og som Guds barn skulle ho berre fortsette å elska Faderen og stunde etter hans kjærleik og omsorg. Det var så herleg for henne og det var så herleg for meg, som svar på mi bøn. Faderen og lSonen elskar oss og den kjærleiken består.

Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg kjend med ei kristen jente som eg vil kalle Kristine. Eg skreiv til henne og fortalde det, men då vende ho seg bort ifrå Jesus og vart kjæraste med ein annan. For etter tradisjone skal dei kristne markere seg utad som betre enn andre og derfor var det for henne ikkje sameinleg med at ho skulle ha seg ein kjæraste, til samanlikning med det katolske klosterlivet. Så vitna eg for henne om mi tru på Jesus, eg skreiv at eg såg henne for meg i mørke, men ho passa ikkje inn der, ho passa mellom dei som vert frelst. Ho syntest det var heilt utruleg at eg var kristen,  men det eg skreiv gjorde inntrykk, tal slik også, skreiv ho.

Liknande motsetnad vart det når eg fortlade henne Virtuella at eg var forelska i henne, men ho visste på førehand at eg var kristen og at eg bad for henne, så her vart motsetnaden etter kvart mykje større. Dei som var kristne etter tradisjonen, skulle liksom markere seg utad som betre enn andre menneske, som ved at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne ikkje skulle ha noko med Gud å gjere, men den innstillinga er eigentleg resultatet av syndefallet. Men Jesus minner oss stadig om å lese Guds Ord, gå inn i skriftene, sjå kva som står skrive, eg skal ikkje sjå meg om til høgre eller venstre, men sjå til hans Ord, så eg les i 1.Mos.1-2 om korleis Gud skapte menneska, han skapte dei til mann og kvinne og han skapte kjærleiksforholdet mellom dei, han skapte dei til å leve i ekteskap. Slik frelser han oss og skaper oss eg elskar oss i Kristus og det er i samsvar med korleis han skapte menneska i 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd.

Han som leia det kristne skulelaget på Ungdomsskulen var pinsevenn og hadde forkynt åndsdåp, ho Kristine nemnde det for meg, det var fyrste gongen eg høyrde det forkynt på den måten, som noko som vi kunne oppleve så tydeleg. Men eg meiner eg opplevde Guds kjærleik i mi forelsking i henne, men det vart likevel kjærleikssorg. På ein leir i NKUF opplevde eg at den Heilage Ande kom over meg, som slaveolje på mitt hovudet, det kjendest som noko som vart sett på mitt hovud, som ei hue, ein turban (Sak.3,5)

Når eg gjekk på gymnaset, vart eg forelska i henne Virtuella og bad for henne og opplevde at Gud svarde meg med å gje emg ei ny fylde av den Heilage Ande og det opplevde eg som ei sterk trøyst etter mi kjærleikssorg. Og no talar Gud til meg om den Heilage Ande som trøystaren (Bodskap 2b). Når eg ber Gud gje meg ei frelst kvinne til kone, så prøver dei som er kristne etter tradisjonen å lokke henne til seg og få henne til å ta parti med dei mot meg, soleis vil dei prøve å markere seg i det ytre som moralsk betre enn andre menneske, moralsk betre enn til dømes meg, sidan eg må audmjuke meg for Gud og be han om nåde, for å få meg ei kone, då blir eg berre som ein hund, samanlikna med dei. Slik blir det til kjærleikssorg for meg, det er deprimerande og slik prøver dei å gjere det til nederlag for meg. Men eg veit at det er Djevelen som står meg og mi sak imot, han prøver framleis å forførde kvinna slik som ved syndefallet, ved å sitere Guds Ord og forvrenge litt av det og benekte delar av det, han lokka menneska til å ete av kunnskapstreet, så i staden for å halde seg til Guds Ord, såg dei på det ytre mennesket. Slik klarde Djevelen å gjere seg til denne verda sin gud. Slik forfører han dei som er kristne etter tradisjonen og slik prøver han framleis å forføre kvinna.

Men Jesus har sagt til meg at eg skal sjå på han, eg skal sjå på det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Han gjer sitt verk i mitt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Han skaper framleis ved sitt Ord og openberrar det for meg ved sin Ande (Jfr. 1.Mos.2). Vi fekk Anden av berre nåde og ved sin Ande openberrar han for oss kva han i sin nåde har gjeve oss.

1KO 2,5 – 1KO 2,16 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For  kven kjende Herrens hug,  så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.

KOL 3,1 – KOL 3,4 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET}  Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Jesus har sagt eg må verte fylt av den Heilage Ande og eg seier ja og amen. Likevel minner han meg stadig om det og kvifor det? Har eg ikkje forstått det? Eg må tenke over korleis eg bad og korleis eg opplevde fylden av den Heilage Ande som svar på bøn. Evangeliet var forkynt for meg når eg var ein liten gutunge og eg vart opplærd til å pakalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse meg og gje meg evig liv og eg er viss på at livet vart planta i meg når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å be han frelse mine næraste og be for bygdafolket, be for folket og landet, eg forstod at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg bad han frelse kvinna og gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Og når eg byrja å studere i Bergen, sa Jesus til meg at det livet som var planta i meg, det skulle vekse. Eg forstod at her møtte eg dei som var kristne etter tradisjonen, men som med lova sin bokstav og den verdslege visdomen og kunnskapen slo ihel livet. Men Anden gjer levande, den skulle framleis vatne mitt hjertes jord og gje vekst til det livet som var planta i meg ved Guds Ord. Og no seier Jesus at han har bestemmt at midt i hans menighet, der skal livet vere, der skal vekkinga og fornyinga vere, eg skal sjå til at eg bidreg med det som Gud har gjeve i mitt hjerte, så skal han rake gløre saman så det vert eit stort bål, for pinsefestens dag er framleis tilgjengeleg. Eg bad han frelse menneske og gje dei evig liv og gje meg ei frelst kvinne til kone og han svarar mi bøn på denne måten, eg må berre halde fram med å tru på han, stole på han og be til han slik (Bodskap 2).

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

2 Responses to 2015.05.31. M. Kaste seg ut i nåde-straumen og oppleve Guds kjærleik.

  1. Pingback: Big-Bang-teorien og Skapingssoga. Lovmessigheit og tilfeldigheit i fysikken og i samfunnet. Planlegging eller spontanitet. Fridomen og frimodet på evangeliets grunnvoll. | Trua & entropien.

  2. Pingback: Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar frå himmelen. | Trua & entropien.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s