2015.05.03. M. Ta på seg Guds rustning.

Sjå kva Gud har gitt oss og bruke det, det er mykje større enn det som er i denne verda. Møte i Maranatha 3.5.2015.

Innleiing ved Åse Mella.

RMR 12,1 – RMR 12,2 {DET KRISTNE LIVET} Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

Takke-emne.

Eg fekk komme fram med eit takke emne, at mor mi hadde vorte frisk igjen. Eg fortalte først om korleis ho hadde vorte lækt då vi bad for henne hausten for eit par år sidan. No i jula var ho så skral at ho var oppe berre to dagar og då berre 2-4 timar. I vinter vart ho send på sjukehuset med lungebetenning og vi bad for henne same dagen. Eg fortalde litt meir om korleis det gjekk og no i påska var ho oppe 6-8 timar fleire dagar på rad og etter påske skreiv eldst bror min e@post om at det var berre heilt utruleg kor ho hadde kome seg til att. Eg er viss på at det er Jesus som har lækt henne og vil ære og takke han for det, i tilegg til at dokterane har gjort sitt[1].

Tale ved Arne Mella[2].

 

EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING} Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Arne sa nokre ord om dei ulike våpen som inngår i Guds fulle rustning.

Ein draum som var ei openberring ifrå Gud.

 

Knut fortalde om ein som hadde ein draum der han var på møte i menigheita og så kom der inn noko mørke. Han såg opp til Jesus og bad han fleire gongar om å drive det bort, men Jesus berre såg på han. Så fekk han sjå eit stort sverd som vart senka ned frå himmelen til han, han tok sverdet og då forsvann mørket med ein gong. Det var Andens sverd som er Guds Ord.

 

Tungetale og tyding ved Ann-Kristin.[3]

 

Ta på deg den fulle rustninga som eg har gitt deg. Ta på deg alt, ta på deg alt, la den verne deg ifrå alt vondt. Ta (ild?) og kle som du har fått i dag. Søk meg, grund på dette, så vil eg openberre for deg kva du deler med – med – på Guds fulle rustning. For eg er Herren dykkar Gud som openberrar mitt ord for dykk. For eg vil lære dykk, eg vil styrke dykk, eg vil holde dykk oppe med mi rettferds høgre hand. Men søk meg, så skal eg atter gjere det. Og de skal få sjå og oppleve, for det deles med alt dette som i dag overgitt i dag.

Sjå kva eg har gitt dykk, sjå kva eg har gitt dykk, og bruk den, bruk det eg har gitt dykk. Det som kjem frå meg er mykje, mykje større enn det som er i denne verda. De er framande i denne verda, men de er i meg, fordi de søker meg av heile dykkar hjerte. Takk meg for alt det de har fått, for eg vil gje dykk endå meir. Og søk meg, søk meg i audmjukskap, i bønn og i takkseiing, for eg er Herren dykkar Gud, som openberrar mitt Ord for dykk. Eg er den einaste Gud som finst i denne verda.

 

[1] Ein antibiotika-kur må takast fullt ut, for å ta knekken på alle bakteriar av den typen, så der ikkje vert ein siste rest som utviklar seg til reisstente bakteriar. Dette er eit biologisk prinsipp som er grunnleggande i utviklingslæra. No har mor fått så mange antibiotikakurar at ho likevel har fått resistente bakteriar. Det er det hennar eige imunforsvar som må hamle opp med. Eg er viss på at ho har det evige livet i sitt indre menneske, samtidig er det noko som vi som Jesu kyrkje har i fellesskap og slik har det verka når vi har bedt for henne, ved det evige livet har hå fått lækjedom.

[2] Arne er son til Åse. Han er lektor i språk.

[3] Ann-Kristin er ei ung kvinne frå Lofoten.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s