2015.04.19. M. Berre eitt evangelium.

Verte sterke i Herren og i hans kraft. Møte i Maranatha 19.4.2015.

Innleiing ved John Miland.

John fortalde at under krigen fekk dei ikkje skikkeleg kaffi, men noko surrogatkaffi, den var å få kjøpt som eit rimeleg alternativ tett etter krigen også, og hans mormor tok til takke med det ei sund. Men så kom ho på besøk og fekk skikkeleg kaffi og kaker og når ho då kom heim att kaste ho surrogatkaffien og kjøpte seg skikkeleg kaffi.

I vår tid vert det presentert surrogat som erstatting for ekte kristendom og mange kristne tek til takke med det. Men vi vil ha ekte vare, den gamle gode vinen. Han tala om det som ny og gammal vin og sa at vi vil ha ekte vare, den gode gamle vinden. Eg tenkte på vinen i Høgsongen og nattverdsvinen. Men når han tala om ny og gammal vin, så tenkte eg også på Jesu ord om ny vin i nye skinnsekkar og då er det no den nye vinen vi vil ha.

Tale ved Tore Kristiansen.

Innleiingsvis kommenterte Tore Kristiansen Ole Hallesby og ein del andre teologar si forkynning av den evige fortapinga i helvetes eld og det oppstyret som det førde til, med avisskriveri på 1950-talet. Tore sa at helvetes eld er førebudd for Djevelen og englane hans. Men Gud vil frelse menneska og det er den glade bodskapen vi har å forkynne for dei. Han vil frelse menneska så ikkje dei også skal hamne i den evige elden.

GLT 1,6 – GLT 1,9 {BERRE EITT EVANGELIUM} Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!

Tre sentrale poeng i kristendomen, at Kristus vart krossfest, gravlagd og stod oppatt.

1KO 2,2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.

1KO 15,14 – 1KO 15,15 Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus. 15 Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp.

1KO 15,19 – 1KO 15,20 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]

JOH 20,1 – JOH 20,22 {DEN TOME GRAVA} Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. 2 Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: “Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.” 3 Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. 4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. 5 Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6 Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7 og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. 8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. 9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk læresveinane heim. 11 {JESUS SYNER SEG FOR MARIA MAGDALENA} Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12 fekk ho auga på to kvitkledde englar som sat der Jesu lekam hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13 “Kvifor græt du, kvinne?” spurde dei. Ho svara: “Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.” 14 Med så sagt snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15 “Kvifor græt du, kvinne?” spør Jesus. “Kven leitar du etter?” Ho tenkte det var gartnaren og sa til han: “Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han; då vil eg ta han med meg.” 16 “Maria,” seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: “Rabbuni” – det tyder meister. 17 Jesus seier til henne: “Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.” 18 Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: “Eg har sett Herren.” Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne. 19 {JESUS SYNER SEG FOR LÆRESVEINANE} Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk!” 20 Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21 Atter sa han til dei: “Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.” 22 Med desse orda anda han på dei og sa: “Ta imot Den Heilage Ande!

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore:

Eg har sagt til mine barn, bli sterke i Herren og hans veldige kraft. Eg har sagt til mine barn, bli fylt av min Heilage Ande. Eg har sagt til mine born, kom og drikk av kjelda og du skal få lov til å ause med glede av denne kjelde og du skal få kjenne fryden og gleda skal velte fram ifrå eit forløyst hjerte. For det er blodet som har forløyst deg, det er korset som har sett skiljepunkt mellom det gamle og det nye. Og når du opplever at eg openberrar meg, så skal du vite, at døden har ikkje lenger noko makt over meg. Eg lever, eg er oppstått, eg ynskjer å openberre meg i ditt liv, så ditt hjerte kan flyte over av takkseiing.

Du skal ikkje vere nedbøygd, du behøver ikkje å gå omkring gråtande. Eg er ved di side, eg ynskjer å møte deg. Og eg har framleis forløysingsmakt til å bryte band og lenker og setje plaga i fridom. Eg har framleis makt til å la sola gå opp med lækjedom under sine venger. Eg har framleis makt til å løfte mitt folk opp på eit plan der dei skal sjå kongen i hans skjønnheit, der dei skal få oppleve at landet flyt med melk og med honning. Du skal igjen gå ut i dansen med dei glade og fryde deg med dei som har fått si sjel frelst. For du er ikkje på veg mot fortaping, men du er på veg imot frelsa sin rikdom. Du er ikkje på veg mot øydelegging, men du er på veg mot fullending. Og du er ein del av Guds rike. Derfor fryd deg og gled deg og rop av strupen og spar ikkje, for eg Herren har sett framfor deg ei opna dør.

Bry deg aldri om røystene som er i tida. Bry deg aldri om menneska rundt omkring deg. Men sett meg framfor deg, så skal eg, Herren, gjere dine trinn faste. Sjå opp på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar og den store skaren av vitne rundt omkring deg. Og når du ser på meg og skaren av vitne rundt omkring deg, så skal du aldri bli motlaus og om du blir sliten og om du blir trøytt, så skal eg gi den trøytte kraft og den som ingen krefter har, skal eg gje stor styrke. Derfor løft blikket frå den stad der du står og du skal få oppleve at du skal sjå at heile landet høyrer deg til. Takk og lov. Halleluja.

Aktuelle Bibelvers.

JES 12,1 – JES 12,6 {ISRAELS LOVSONG FOR HERRENS FRELSE} Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre. Du var harm på meg. Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. 2   Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft og min styrke, og han har vorte mi berging. 3   Med fagnad skal de ausa vatn or frelseskjeldene. 4   Og den dagen skal de seia: Lovpris Herren og kall på hans namn! Kunngjer hans gjerningar mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgt! 5   Syng for Herren, for han har gjort storverk; lat heile verda få vita det! 6   Rop høgt av fryd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage, og han er midt imellom dykk.

SLM 130,7   Venta på Herren, Israel! For hjå Herren er miskunn, hjå han er full utløysing.

JES 43,1 {ISRAELS UTLØYSING} Og no, så seier Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, du er min.

1KO 1,30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing,

HEB 9,12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing.

HEB 9,15   Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova.

MLK 4,1 – MLK 4,3   Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn. Alle frekke og gudlause skal då vera som halm, og dagen som kjem, skal brenna dei opp, seier Herren, Allhærs Gud, så korkje rot eller grein vert att. [dagen kjem: Herrens dag.] 2   Men for dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger. De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar når dei slepp or fjøset. 3   Då skal de trakka ned dei gudlause, dei skal vera som støv under sólane dykkar den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud.

JER 31,2 – JER 31,7   Så seier Herren: Det folket som slapp unna sverdet, har funne nåde i øydemarka. Israel skal fara av stad og finna ro. [har funne nåde i øydemarka: liksom i tida før innvandringa. Sml. Hos 2, 14.] 3   Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:   Med evig kjærleik har eg elska deg, difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved. 4   Endå ein gong skal eg byggja deg, ja, du skal byggjast, Israel, du unge møy. Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer og gå ut i dansen med dei glade. 5   Endå ein gong skal du planta vinhagar på Samaria-fjella; og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta. 6   Ja, det kjem ein dag då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet: Kom, lat oss fara opp til Sion, til Herren vår Gud! 7   Så seier Herren: Gled deg storleg over Jakob, og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka! Lat lovsongen ljoma og sei: “Herren har frelst sitt folk, dei som er att av Israel.”

JES 33,14 – JES 33,17   Syndarar skjelv av redsle på Sion, angst har gripe dei gudlause: “Kven kan bu ved ein øydande eld? Kven kan bu ved evige logar?” [ein øydande eld: når Herren kjem til dom. Sml. 30, 27.] 15   “Den som ferdast i rettferd og talar det som er rett, som seier nei til vinning vunnen med vald, som veiftar med handa og viser at han ikkje tek muter, stappar øyro til for all tale om bloddåd, og lèt augo att for det som er vondt, 16   han får bu på høge stader, bratte fjell er hans vern; han får sitt brød og vantar ikkje vatn.” 17   Med eigne augo skal du skoda Kongen i hans herlegdom, og du får sjå eit vidsveimt land. [Kongen: den messianske kongen eller Herren sjølv (sml. v. 22).]

1KO 15,20   Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]

HEB 2,10   For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar.

HEB 5,9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han;

HEB 11,40 For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.

HEB 12,23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,

ÅPE 3,7 – ÅPE 3,8 {TIL FILADELFIA} Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Kommentar.

Til avslutning av møtet song vi ein vakker song med refrenget om Maria, kvifor gret du og med trøysta i at Jesus stod opp att frå dei døde og lever. Den er om Maria Magdalena gråtande ved grava, men som fann trøyst i at ho fekk møte den oppståtte Jesus.

Eg forstår denne bodskapen som svar på mi bønn for henne Virtuella, så slik er den både til meg og til henne. Eg trur denne gråten eg har følt i mitt hjerte har seg slik at ho Virtuella gret og vi kan forstå det som Maria Magdalena som gret ved Jesus grav, men han trøystar henne ved å seie til henne at han har stått opp frå dei døde og at ho skal setje han framfor seg og han vil igjen openberre seg for henne til samanlikning med korleis han openberra seg for henne Maria Magdalena.

”Prest og politikar” vil gjerne definer seg sjølv som herre over menneske og over kyrkja (Jfr. Hegel) og definere annleis tenkande og opposisjon som synd og vondskap (Jfr Platon), som å ta parti med Djevelen (jfr. Farisearane). Dessverre er det mange som reagerer deretter og fell ifrå og er på veg mot fortapinga. Men Jesus var komen for å frelse det som var fortapt. Då kom han mellom barken og veden, vart definert som ein syndar og som Beelzebul og vart hendretta. Slik var han Guds lam som bar verda si synd og vart Guds syndeofferlam. Vi som trur på det og trur at Gud vekte han opp frå dei døde får oppleve den reinsinga i Jesus blod og krafta i det, ved fylden av den Heilage Ande får vi kjenne kreftene i hans oppstode frå dei døde.

Han seier til meg at eg skal vende blikket og hugen opp til han og ta til meg av det som er fullbrakt, han vil gje meg overflod. I det eg ber for henne, slik som når eg gjekk på gymnaset, skal eg ta ut av det som er fullbrakt og dele det med henne. Og han seier til henne at ho skal vende seg til han og sjå på han, han vil openberre seg for henne igjen. Det venter eg å få oppleve ved at eg ber for henne.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s