2015.03.8&15.Når Gud gjer noko for sine born, gjer han det fullkome. Han reiser opp ei hær i denne tida.

Gud vel ut det som ingen ting er, han gjer sitt verk ved sitt Ord. Møte i Maranata 8.3.2015.

Bønn for mor mi.

Mor mi vart 89 år rett før jul, men ho blir stadig svakare og får ofte lungebetenning. No i ettermiddag var ho så svak og sjuk av lungebetenning at det var vanskeleg å få kontakt med henne og prate med henne, til tider bort imot medvitslaus vist nok. Rett før møtet fortalde eg det til Knut og spurde om vi kunne be for henne. Jau, han leia møtet og ved innleiinga leia oss i bønn for henne, vi bad Gud styrke henne ved sin Ande og si kraft og lækje henne. Eg hadde fått vite at der var doktor til henne og vart oppdatert med sms, ho hadde urinveisinfeksjon også, crp på 160 og doktoren sende henne på sjukehuset i Volda.

Innleiing ved Knut Hübenbecker.

JES 55,6 – JES 55,13 {SØK HERREN MEDAN HAN ER Å FINNA!}  Søk Herren medan han er å finna,  kall på han den stund han er nær! 7   Den gudlause må venda seg frå sin veg  og ugjerningsmannen frå sine tankar  og snu om til Herren,  så skal han visa miskunn, til vår Gud,  for han er rik på tilgjeving.  8   For mine tankar er ikkje dykkar tankar,  og dykkar vegar er ikkje mine vegar,  seier Herren. 9   Nei, så høg som himmelen er over jorda,  så er mine vegar høgare enn dykkar vegar  og mine tankar høgare enn dykkar tankar.  10   Liksom regnet og snøen  fell ifrå himmelen  og ikkje fer opp att dit,  før dei har vatna jorda  og gjeve henne grorkraft og grøde,  ja, gjeve såkorn til den som skal så,  og brød til den som skal eta, 11   så er det òg med mitt ord,  det som går ut or min munn.  Det vender ikkje tomt tilbake til meg,  men gjer det eg vil,  og fullfører det eg sender det til.  12   Ja, med glede skal de dra ut  og førast lukkeleg fram.  Fjell og haugar  skal møta dykk med jubelrop,  og alle tre på marka  skal klappa i hendene. 13   I staden for klunger  skal det veksa sypressar,  og myrt i staden for nesler.  Det skal vera til ære for Herren,  eit evig teikn som aldri skal strykast ut.

Tale ved Arne Mella.

2KG 6,24 – 2KG 6,31 {KRIG OG HUNGERSNAUD I SAMARIA}  Ei tid etter hende det at Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria. 25 Medan aramearane heldt byen kringsett, vart det slik hungersnaud der at eit eselhovud kosta åtti sekel sølv, og fjerdeparten av ein kab duemøk fem sekel. 26   Då Israels-kongen ein dag gjekk att og fram oppå muren, var det ei kvinne som ropa til han: “Hjelp, herre konge!” 27 Han svara: “Når Herren ikkje hjelper deg, kvar skal så eg henta hjelp frå? Frå treskjevoll eller vinpresse?” 28 Og kongen spurde: “Kva er i vegen med deg?” Ho svara: “Denne kvinna sa til meg: Kom hit med son din, og lat oss eta han i dag, så kan vi eta min son i morgon. 29 Så koka vi son min og åt han. Dagen etter sa eg til henne: Kom no med son din, og lat oss eta han! Men då heldt ho guten løynd.” 30   Då kongen høyrde det kvinna fortalde, reiv han sund kleda sine der han gjekk att og fram oppå muren. Og folket såg at han hadde botsklede inst på kroppen. 31 “Gud la det gå meg ille både no og sidan,” sa han, “om hovudet får sitja på Elisja Sjafatsson dagen ut!”

2KG 7,1 – 2KG 7,20 {ARAMEARANE RØMER FRÅ SAMARIA}  Då sa Elisja: “Høyr Herrens ord! Så seier Herren: I morgon på denne tid skal dei selja ein sea kveitemjøl for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel på torget i Samaria.” 2 Men våpensveinen som kongen stødde seg til, sa til gudsmannen: “Om så Herren laga luker på himmelen, kunne då ikkje slikt henda!” Elisja svara: “Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.” 3   Fire menn som leid av hudsjukdom, heldt til utmed byporten. Dei sa seg imellom: “Kvifor skal vi sitja her til vi døyr? 4 Seier vi at vi vil gå inn i byen, må vi døy; for det er hungersnaud der. Og vert vi sitjande her, må vi òg døy. Kom, lat oss gå over til leiren åt aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, får vi døy.” 5 I skumringa tok dei av stad og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der. 6 For Herren hadde laga det så at aramearane høyrde larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei seg imellom: “Du skal sjå at Israels-kongen har leigt hetittkongane og egyptarkongane til å strida mot oss!” 7 Så tok dei ut og rømde i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren som han stod, og rømde på harde livet. 8   Då mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei attende og gjekk inn i eit anna telt. Der òg tok dei det som var, og gjekk bort og gøymde det. 9 Men så sa dei seg imellom: “Det er ikkje rett det vi no gjer. Dette er dagen då vi kan bera gledebod. Teier vi og dryer til det ljosnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og seia frå i kongsgarden!” 10   Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. “Vi kom til leiren åt aramearane,” fortalde dei, “og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.” 11 Portvaktarane kunngjorde dette, og det vart meldt i kongsgarden. 12   Då stod kongen opp midt på natta og sa til mennene sine: “Eg skal seia dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg utpå marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut or byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.” 13 Men ein av kongsmennene svara: “Lat nokre av folka dine ta fem av dei hestane som er att i byen. Vi sender dei av stad, så får vi sjå. Det kan ikkje gå dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.” 14 Så henta dei to ryttarar, som kongen sende av stad etter aramearhæren. “Far i veg og sjå!” sa han. 15 Dei fylgde etter aramearane radt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og våpen som aramearane hadde kasta frå seg då dei rømde. Sendeboda kom att og sa frå om dette til kongen. 16   No drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea kveitemjøl vart seld for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel. 17 Kongen hadde sett den våpensveinen som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han. 18 Då sa han til kongen: “I morgon på denne tid skal dei selja to sea byggmjøl for ein sekel og ein sea kveitemjøl for ein sekel på torget i Samaria.” 19 Då tok våpensveinen til ords og sa til gudsmannen: “Om så Herren laga luker på himmelen, kunne ikkje slikt henda!” Men gudsmannen svara: “Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.” 20 Og såleis gjekk det. Folket trakka han i hel i porten.

1KO 1,26 – 1KO 1,31   Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Om du adderer uendelig til eit endeleg tal, får du uendeleg, det har lite og inga betyding om det endelege talet er null, 10 eller 100, du får uendeleg uansett. Slik er det med vårt forhold til Gud. Han vel ut det som ingen ting er, for å gjere det sterke og det vise til skammar. Han vil sjølv ha all æra for det som han gjer. I dette tilfelle var der 4 spedalske menn, dei burde helst halde seg unna både det eine og det andre samfunnet og såg ikkje særleg meining med tilværet, kva betyding hadde det om dei døde på den eine eller andre måten. Men dei braut opp frå denne vanskelege og håplause situasjonen og byrja å gå mot aramearleiren. Så gjorde Gud sitt verk og jaga aramearane på flykt, så vi kan seie at desse fire mennene vart det Gud brukte til å jage aramearhæren på flykt og bringe den glade og frigjerande bodskapen til israelsleiren.

Slik er det med oss også når vi innser at vi er i ein vanskeleg og håplaus situasjon, vi må bryte opp og byrje å vandre derifrå, i tru til Gud (jfr. Likninga om den bortkomne sonen).

Når Gud gjer noko for sine born, let han det ikkje vere halvgjort. Møte i Maranata 15.3.2015.

Tale ved Tarje Raanås.

HSA 4,16   “Vakna, nordavind! Kom, sønnavind! Blås igjennom min hage, så angen får strøyma fritt. Gjev min ven ville koma til sin hage og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]

JOS 6,20   Så tok folket til å ropa, og prestane bles i horna. Med det same folket høyrde hornlåten, sette dei i med eit sterkt rop. Då ramla muren ned, og folket gjekk rett inn i byen og tok han.

I tala si sa han at vi treng ingen pave som mellommann mellom oss og Gud.

Tungetale ved ein mann og tyding ved Tarje.

Ja, når eg gjer noko for mine born, seier Herren, så gjer eg ikkje noko delvis, eg gjer ikkje noko halvvegs, men eg gjer det fullkome. For det har eg makt til, eg som er gitt all makt i himmel og på jord, seier Herren. Derfor talar eg til deg i denne stund, stol på meg. Kom til meg og la meg fylle deg med mi kraft, med min herlegdom. La meg gjere under i ditt liv, seier Herren. For eg lengtar etter å komme inn til deg og gjere dette for deg, seier Herren.

Ja, eg reiser opp ei hær i denne stund. Den er usynleg for menneske, de ser ikkje det. Men eg gjer det. For eg kallar på hjerta. Nøda er stor. Og menneska treng meg. For dei treng evig liv. Dei skal ikkje gå fortapt, men dei som vil ta imot meg i sitt hjerte, dei skal få kjenne at eg er til. Og eg løner den som søker meg, seier Herren. Halleluja.

Kommentar: Livet vart planta inni meg og det skulle vekse.

På møtet sat eg og bad for mor mi og eg opplevde det som om eg vart minna om kor ho har bedt for meg, kvar ein einaste dag, om all den velsigninga som ligg i det, så når eg bad for henne, verka det som om eg vende meg til den velsigninga og opna meg meir for den. Eg bad Gud styrke henne med sin Ande og si kraft og opplevde det som om han soleis styrka meg også i mitt indre menneske.

Det minner meg om ein bodskap gjennom tyding av tungetale når eg var i Bergen på slutten av 1970-talet, der Jesus sa til meg:” Du som fekk livet planta inni deg.” Vidare sa han sikkert noko om at det skulle spire og gro, det skulle vekse (Jfr. Jes 55,10-13). Ja, mor mi hadde lært meg å påkalle Herrens namn til frelse, å be han frelse både meg sjølv og mine næraste og fleire med oss og gje oss evig liv. Og eg fekk oppleve at Jesus ord var ånd og liv for meg, det vart planta i meg og det skulle vekse.

Og slik som eg bad for henne E.E. så veit eg at ho også fekk oppleve det slik. Jesus gav meg ein skatt i leirkar og slik vart ho ein fager skatt for meg og Jesus har sagt til meg at eg skal ta vare på den fagre skatten som er meg overgjeven ved den Heilage Ande. Den var meg overgjeven ved den Heilage Ande og då må eg ta vare på den ved den Heilage Ande. Jesus har gitt meg ein skatt i leirkar og den er den Heilage Ande, vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt.

2KO 4,6 – 2KO 4,7 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Jesu ord er ånd og liv, det er liv og lækjedom for lekamen, han er den siste Adam som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han er den som døyper med den Heilage Ande, han brukar oss som sine reiskap, han er den same og gjer dei same gjerningane. Eg skal sjå på han og ære og takke han for det.

På sjukehuset fekk mor mi antibiotika intravenøst, det vart teke røntgen av lungene og ho vart ct-undersøkt. Ho var ”uklar” nokre dagar, klarde ikkje heilt å skilje mellom fantasi og røyndom, det er visst slikt som kan skje når crp-en er høg. På fredag kom ho tilbake til sjukeheimen. På laurdag snakka ho heilt skikkeleg igjen. Ho var svak, men i godt humør.

Eg trur Gud har styrka henne med si ånd og si kraft og det vil eg takke han for og så vil eg også takke han for den jobben som helsevesent har gjort.

Eg fekk oppleve at Gud svarde meg på dette søndag 29.3:

https://tsivert.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

One Response to 2015.03.8&15.Når Gud gjer noko for sine born, gjer han det fullkome. Han reiser opp ei hær i denne tida.

  1. Pingback: Mitt minneord om mor. | sivert

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s