2015.02.15. M. Ved Guds Ande.

Du planta mine føter på klippen. Vere lys i verda, ved Gud Ande. Møte i Maranata 15.2.2015.

Mari innleia med å lese frå Salme.32.

 

SLM 32,1 – SLM 32,11 {SÆL ER DEN SOM FÅR SI MISGJERNING TILGJEVEN} Av David. Ein læresalme.   Sæl er den som får si misgjerning tilgjeven og si synd tildekt! 2   Sælt er det menneske som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd! 3 Så lenge eg tagde, tærtest eg bort, eg stunde heile dagen. 4   For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livskraft kvarv som i sommarens hete. `Sela’ 5   Då sanna eg mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld. Eg sa: “Eg vil sanna mine synder for Herren.” Og du tok bort mi syndeskuld. `Sela’ 6   Difor skal alle trugne be til deg i trengselstider. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei. 7   Hjå deg finn eg livd, du vernar meg mot trengsle og lèt frelsesjubel lyda ikring meg. `Sela’ 8   Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal gå. Eg vil la mitt auga kvila på deg og gje deg råd. 9   Ver ikkje lik hest og muldyr, som ikkje har vit! I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel, elles kjem dei ikkje til deg. 10   Den gudlause har mange plager; men den som set si lit til Herren, kransar han med miskunn. 11   Gled dykk i Herren! Bryt ut i jubel, de rettferdige! Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

Arne Mella talte over teksta:

MTT 5,13 – MTT 5,16 {SALTET PÅ JORDA OG LJOSET I VERDA} De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned. 14   De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. 16 Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

2KO 4,4 – 2KO 4,7 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. [denne verdsens gud: djevelen.] 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Mari:

Det er ikkje ved makt og ikkje med hær, men med min Ande, seier Herren. Eg prisar deg Herre, for at du har løfta meg opp frå det djupe dynn. Du har sett mine føter på ein klippe, du som er min frelsar og Herre. Eg vil prise og ære ditt heilage namn. For du – for du har gjennomsyra meg med din Heilage Ande. Eg prisar deg av heile mitt hjerte, du min frelsar og Herre. For det er ikkje ved makt og ikkje med hær, men det er ved min Ande, seier Herren. Amen.

Du er min Herre og min frelsar. Eg søkte deg i løyndom og du svara meg. Og eg fører deg vidare med min Ande[1]. Du skal gå i dei gjerningane som eg legg framfor deg. Og søkje mitt åsyn. Og du skal få sjå min herlegdom kome til deg.

Aktuelle bibelvers.

SKR 4,1 – SKR 4,7 {LJOSESTAKEN OG VINTREA} Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: “Kva ser du?” Eg svara: “Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.” [to oliventre: bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Sml. v. 14.] 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: “Kva tyder dette, herre?” 5 Engelen som tala med meg, sa: “Veit du ikkje kva dette tyder?” Eg svara: “Nei, herre.” 6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud. 7   Kven er vel du, du mektige fjell? Framfor Serubabel skal du verta ei slette. Han skal føra fram toppsteinen, medan dei ropar: “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

1MO 1,1 – 1MO 1,4 {GUD SKAPER VERDA} I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. [skapte: Det hebr. verbet som vert nytta her, står alltid med Gud som subjekt.] 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret.

 

 

[1] Dette var litt vanskeleg å høye, det kan vere ”ved mi hånd”, men samanhengen tyder på at det er ”ved min ånd”, det er dette som er tema.

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s