2015.02.01.M. Lovprising og frimod.

Gå ut med den glade bodskapen og det skal verte “dansen med dei glade”. Møte i Maranata 1.2.2015.

 

Innleiing ved John Miland.

John sa han hadde fått noko frå Herren som han gjerne ville dele, og denne gangen brann han ekstra for det, så han ringde og spurde Knut om å få innleie og då var Knut allereie på nippet til å ringe og spørje han om nettopp det. Så las han ifrå Matteus-evangeliet:

MTT 3,1 – MTT 3,2 {DØYPAREN JOHANNES STIG FRAM} På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte: 2 “Vend om, for himmelriket er nær!”

MTT 4,17 Frå den tid tok Jesus til å forkynna: “Vend om, for himmelriket er nær!”

MTT 5,14   De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.

Vi er lyset i verda, då kan vi ikkje berre sitje her inne og vere lys for kvarandre, vi må ut der som det er mørkt og vere lys. Han oppfordra oss til å bryte med tradisjonen og komme oss ut og vere lys der som det er mørkt.

 

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord at eg har behag i dykk som lovar og prisar mitt namn. Sjå, seier Herren, eg har sendt deg ut og eg veit om deg. Du priste mitt namn og du lovsang meg og du var med i dansen med dei glade. Og sjå, eg lokkar deg ut igjen, seier Herren, for at du igjen skal lovsynge og prise mitt namn. For sjå, seier Herren, eg har behag i det, seier Herren. Og ver ikkje skamfull, ver ikkje redd for å prise meg og takke meg i ein kvar samanheng. Og du skal få oppleve, seier Herren, at eg skal velsigne deg på ein rikeleg måte. Kast ikkje bort ditt frimod, for det har stor lønn, seier Herren. Derfor så skal du vere frimodig i denne tid og proklamere min bodskap og legge fram mitt Ord og forkynne mitt Ord, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg skal stadfeste Ordet med dei medfølgjande teikn, seier Herren. Å, eg vil at mine born, de skal gå ut i denne tida og eg Herren, eg skal salve dei, eg skal bruke dei, seier Herre. Ver ikkje tilbakehalden, men ver frimodig å gå den veg som eg leier deg, seier Herren.

Søk meg, seier Herren, i ditt løynkammer og eg skal løne deg i det openberre. Spør etter meg og mi kraft, søk mitt åsyn alltid, seier Herren, og eg skal leie deg inni dei ferdiglagde gjerningar. Og du skal verte forundra, seier Herren, når du får sjå dei gjerningar som eg har lagt foran deg. Og eg vil at du skal vandre i dei og du skal vere til velsigning, du skal vere til hjelp for menneske som treng eit ord ifrå meg. For sjå, seier Herren, eg er ingen karrig Gud, men eg rik nok, seier Herren, for alle som påkallar mitt namn. Derfor skal du vere lydhøyr i denne tida og høyre kva Anden har å seie til deg og så skal du gå ut gjere kva den leier deg til. Abba. Amen.

 

Tale ved Stian Ludvigsen.

Stian talte over desse bibelversa:

MTT 8,23 – MTT 8,27 {JESUS STILLER STORMEN} Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han. 24 Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov. 25 Då gjekk dei bort og vekte han og sa: “Herre, frels! Vi går under!” 26 Han svara: “Kvifor er de så redde? Kor lite tru de har!” Så reiste han seg og truga vinden og sjøen, og det vart blikande stilt. 27 Mennene undra seg og sa: “Kven er dette? Både vind og sjø lyder han.”

MTT 7,7 – MTT 7,8 {BED, SÅ SKAL DE FÅ!} Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.

JAK 5,14 – JAK 5,15 Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. 15 Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.

Han oppfordra oss til å frigjere oss frå menneskebod og vere opptekne av det sentrale i evangeliet og forkynne det for menneska. Så inviterte han til forbønn.

Tungetale ved Mari, tyding ved Stian:

Mitt barn, eg ser dine nederlag, eg ser dine fall. Mitt barn, du skal vite det at eg er prøvd i alt, i likskap med deg, så eg har medynk med deg i dine skrøpelegdomar. Mitt barn, vit det, når eg døde på korsets tre, så døde eg for dine nederlag. Derfor, så kan du vere frimodig, derfor så kan du komme inn for nådens trone og søke om hjelp til rette tid. Mitt barn, ver frimodig og kom til meg, kom til meg og du skal kjenne, at ja, eg vil løyse deg, eg vil setje deg fri, ja, eg vil utruste deg. Mitt barn, du skal ikkje gøyme deg for meg, men kom, kom til meg, seier Herren.

Mitt barn, eg har utvalt deg mellom mange, eg har kalla deg. Mitt barn, du skal vere eit lys i denne verda. Ja, sanneleg, så skal menneske få sjå min stordom gjennom det liv som du lever, for du skal vere frimodig og legge dine hender på dei sjuke, ja, du skal legge dine hender på dei bundne, ja, du skal legge dine hender på dei som lid naud og dei skal bli fri. Mitt barn, ver frimodig og bruk dei evner og gaver som eg har betrudd deg, for eg angrar ikkje mine nådegåver. Ver frimodig mitt barn, ver frimodig og kom til meg. Amen.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s