2015.01.18.M. Gå på “vatnet”.

Gud ynskjer eg skal få oppleve meir av hans godleik og kjærleik i mitt liv. Møte i Maranatha 18.1.2015.

 

Tale ved Arne Mella.

Arne talte om når Peter gjekk på vatnet Matt.14,28-33. Jesus hadde nyst gjort eit matunder, så sende han dei over sjøen med båt, sjølv ville han opp i fjellet og be. Det vart dårleg ver og dei streva i motvinden. Det vart mørkt og i den fjerde nattevakta kom han gåande til dei på sjøen. Han kjem aldri for seint, men han kjem i rette tid og det er forunderleg at han skulle velje å komme på ei slik tid.

Det går an å tale om dei som sat igjen i båten, men det er sjølvsagt ikkje hovudsaka. Når det vert talt over denne teksta, blir ofte hovudpoenget at Peter byrja å sekke og måtte be Jesus om å berge han, men hovudpoenget er at Peter gjekk på vatnet. Arne samanlikna det med når Jesus kalla han til å forkynne evangeliet i Kornelius sitt hus, å gå til heidningane med evangeliet, det var som då han kalla han til å stige over ripa og gå på vatnet.

Så minna Arne oss om Paulus sine ord om at ingen ting kan skilje oss frå Guds kjærleik (Rom.8,37-39).

 

Tungetale ved Mari, tyding ved Arne:

Ja, seier Herren, eg har sagt at eg vil gå fram føre deg, sprenge bommar av jern og dører av kopar, rydje ein veg som du kan gå og oppleve min herlegdom, seier Herren. Derfor talar eg til deg i dag, derfor kallar eg på deg. Eg ynskjer at du skal oppleve meir av min godleik, meir av min kjærleik, i ditt liv. Og eg ber at du vil sleppe meg til, på dei områda som du synest har vore vanskeleg, som du kanskje har lukka til, i frykt for eller i sårheit for eller i redsle for kva som kunne skje. Men eg, Herren, ynskjer å komme til deg og røre ved deg med min Ande og med min kjærleik. Og eg ynskjer å føre deg ut av den staden der du er no og inn på eit ope område, der du kan tene meg i fridom, seier Herren.

Og når du kjem, når du tek eit steg ut av båten og kjem til meg, seier Herren, så vil eg også leie deg, så vil eg hjelpe deg og så vil føre deg på mine vegar. Du skal ikkje frykte for ting omkring deg, du skal ikkje frykte for det som ser mørkt og vanskeleg ut, fordi eg Herren kjem og er ditt lys og eg vil stråle omkring deg og eg vil fylle deg med mi glede og med mi kraft, slik at du kan gå inni og oppleve det som eg har for deg. Frykt ikkje, seier Herren, for eg er med deg. Eg slepp deg ikkje og eg forlet deg ikkje. Og ingen ting kan skilje deg frå min kjærleik, seier Herren.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s