2015.01.04. Sion. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.

Stå i den sigeren som Jesus har vunne, ikkje i eiga kraft, men i Guds kraft. Møte på Sion Åheim 4.1.2015.

 

Tale ved Arnstein Andersen.

 

Arnstein siterte frå Fadervår: ” Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen” og sette det som overskrift på tala si. Han sa at når Guds let sin vilje råda på jorda slik som i himmelen, så er det noko som skjer i himmelen fyrst og så skjer det på jorda. Så fortalde han eller las han om at Gud sende sine englar for å fortelje om at døyparen Johannes skulle verte fødd og at Jesus skulle verte fødd (Luk.1).

Han fortalde også om ein som hadde bedt Gud om råd i ei sak og så kom ein engel og gav han svar, det var medan han jobba på eit sjukehus, engelen såg ut som ein vanleg mann, kledd i bestekleda, dress, han møtte han i heisa to gongar, rett før han skulle til å gå ut, talte han til han og gav han svaret. Så sprang mannen opp trappa for å sjå kvar han vart av, men då var heisa tom.

 

Bodskap gjennom tungetale og tyding.

Ei kvinne kom med tungetale og Arnstein tyda det:

Då eg drog til himmelen for å berede ein stad for menneska, så var det også for di skuld, mitt barn. Du har tvil i ditt hjerte om du nokon gong skal nå fram, du har tvil i hjertet om at ditt liv held mål. Men du skal vite det at når du har lagt din veg i mi hand, så er det eg som skal gjere det, seier Herren. Du skal få oppleve og kjenne det at eg skal fornye dine dagar. Du skal gå inn i mitt Ord og så skal du lese det som eg har gjort for deg, i mitt Ord så skal du få lese om det eg har gjort, dei slaga som traff meg for di skuld, den veg eg måtte gå for di skuld, så skal du oppleve og kjenne det at gleda på nytt skal fylle ditt hjerte. Du har ikkje vore ivrig i Ordet over tid. Men du skal igjen byrje å lese mitt Ord, be til meg, søkje meg og du skal få oppleve at eg skal fornye dine dagar, du skal få kjenne gleda i hjertet som i fordums tid. Det skal ikkje vere ei byrde, men det skal vere glede til å hjelpe deg å bere byrden. Du skal få oppleve og kjenne det at mi kraft skal fullendast i skrøpelegdom. Du skal få oppleve avhengigheita av meg igjen, du skal få lov å gå i ferdiglagde gjerningar og tene meg med ånds og krafts bevis.

Du skal ikkje legge di hand på plogen og sjå deg tilbake, men du skal sjå framover. Du skal få oppleve og kjenne det at Herren skal leie deg framover. Du skal ikkje vere oppteken av å sikre heile tida og vere sikker i alle ting, men du skal få lov å gå ut på djupet, ut i samfunnet med meg, seier Herren. Om du føler at det ikkje ber, så skal det bere saman med meg, seier Herren. Og du skal få lov til å kjenne krafta i evangeliet, krafta i Ordet, krafta i meg, seier Herren, i tenesta, gå i den Heilage Ande, gå på den Heilage Andes tiltale og du skal få erfare at det held og at eg går saman med deg. Du skal få lov til å sjå under og teikn i din midte. Eg talar til mi menigheit i dag, ver frimodige, mine barn, ver frimodige og stå i sigeren, den sigeren som eg har vunne, ikkje i eiga kraft, men i Guds kraft. Og du skal få lov å sjå at det aukar, det veks, det spirer og det gror. Det er ikkje slutt enno, seier Herren, men eg skal utgyte min Ande også over denne stad og menneske skal få oppleve og kjenne krafta i evangeliet og menneska skal søke meg. Så ver rede, kvar mor og far, du skal få lov til å vere med i forbønn for menneske. Og du skal få lov å tene Herren er på denne stad i fortsetjinga. I Jesu namn. Amen.

Tungetale ved ei anna kvinne og Arnstein tyda det:

Det som du slit med, din sjukdom, di liding som du har hatt over tid, tru mitt Ord til lækjedom, tru mitt Ord til helse. Eg rører ved deg i denne stund og du eg talar til, du veit kven eg talar til. Eg rører ved deg no, seier Herren, og du skal proklamere for menneska at eg har rørt ved deg. Du skal få kjenne og oppleve at Herren har rørt ved din kropp til helse. Amen.

 

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s