2015.01.03. M. Heile Guds råd til frelse.

Forkynne heile Guds råd til frelse, så vil han vere med og stadfeste Ordet. Møte i Maranata 1.3.2015.

Innleiing ved Petrine.

 

SLM 100,1 – SLM 100,5 {LAT HYLLINGSROP LYDA FOR HERREN!} Ein salme til takkofferet.   Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda! 2   Ten Herren med glede, kom fram for han med fagnad! 3   Skjøn at Herren er Gud! Han har skapt oss, ikkje vi sjølve, til sitt folk og til den hjord han gjæter. 4   Gå gjennom hans portar med takkesong, inn i hans tempelgardar med lovsong! Lov han og pris hans namn! 5   For Herren er god, hans miskunn er evig, hans truskap varer frå ætt til ætt.

 

Tale ved John Miland.

 

APG 3,1 – APG 3,8 {PETER LÆKJER OG FORKYNNER} Ein dag då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet. 2 Då kom det nokre berande med ein mann som hadde vore lam all si tid. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som kallast Fagerporten, så han kunne be dei som gjekk inn i templet, om ei sælebotsgåve. 3 Som han fekk auga på Peter og Johannes på veg inn, bad han dei òg om ei gåve. 4 Dei feste augo på han, og Peter sa: “Sjå på oss!” 5 Han så gjorde, for han vona dei ville gje han noko. 6 Men Peter sa: “Sølv og gull eig eg ikkje; men det eg har, det gjev eg deg. I namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, byd eg deg: Stå opp og gå!” 7 Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og okla. 8 Han spratt opp, stod på føtene og tok til å gå ikring. Så fylgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han og snart sprang han, alt medan han lova Gud.

APG 4,7 – APG 4,22 Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: “Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?” 8 Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: “Rådsherrar og eldste i folket! 9 Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt, 10 då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde. 11 Han er den steinen som de bygningsmenn vraka, men som har vorte hjørnestein. 12 Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.” 13 Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore i lag med Jesus. 14 Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot. 15 Dei sende dei ut or rettssalen og samrådde seg med kvarandre: 16 “Kva skal vi gjera med desse mennene? Dei har gjort eit openbert under; det er klårt for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta. 17 Men dette må ikkje koma ut mellom folk; difor vil vi truga dei og seia at dei ikkje må tala til noko menneske meir i dette namnet.” 18 Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og læra i Jesu namn. 19 Men Peter og Johannes svara: “Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han. 20 Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.” 21 Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, av di alt folket lova Gud for det som hadde hendt. 22 Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet.

GLT 1,6 – GLT 1,12 {BERRE EITT EVANGELIUM} Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna! 10 {APOSTELKALLET TIL PAULUS} Prøver eg no å verta godkjend av menneske – eller av Gud? Prøver eg kanskje å gjera menneske til lags? Var det menneske eg framleis ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar. 11 Eg kunngjer dykk, brør: Det evangelium eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. 12 Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; men det var Jesus Kristus som openberra seg for meg.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

Ja, seier Herre, sjå, eg er i går og i dag den same og blir det til evig tid. Eg som gjekk omkring her nede og gjorde vel, og eg lækte alle som var overvelda av Djevelen. Det var eg som døypte i den Heilage Ande og eld. Det var eg som gav mine disiplar kraft til å nå ut og forkynne mitt evangelium. Og sjå, eg var med dei og eg stadfesta Ordet med dei medfølgjande teikn. Det er dette kva eg vil gjere i denne siste tid. Eg vil ta meg ut tenarar, sanne vitne som går – står på muren og forkynner mitt Ord, reint og klart. Som ikkje legg noko til eller trekk noko ifrå. Men dei forkynner heile mitt råd til frelse. Og dei står for det som eg har uttalt i mitt Ord. Då skal dei få oppleve at eg skal gå med dei og eg skal stadfeste Ordet, med dei medfølgjande teikn og folk skal få sjå, at eg lever, den gamle av dagar. At eg er den same som eg var i fordoms tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren.

Motstand vil reise seg imot dei som forkynner heile mitt råd til frelse. Men frykt ikkje, mitt barn, vit at eg har sagt i mitt Ord, sjå, eg er med dykk alle dagar, inntil verda sin ende. Sjå, eg har no sagt i mitt Ord at de skal trå på slangar og skorpionar og over alt fiendens velde og ingen ting skal skade dykk. Men, sjå, seier Herren, eg har lova å vere med, eg skal bevare deg, eg skal gi deg kraft, seier Herren, og du skal vere eit vitne for meg. Amen. Amen. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

 

LUK 10,17 – LUK 10,20   Dei sytti kom glade attende og sa: “Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!” 18 Då sa han til dei: “Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”

ESK 33,1 – ESK 33,9 {PROFETEN SOM ISRAELS VAKTMANN} Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, tal til landsmennene dine og sei: Når eg sender sverd mot eit land, vil folket der velja ut ein av sine eigne og gjera han til sin vaktmann. 3 Når så mannen ser sverdet koma mot landet, blæs han i horn og åtvarar folket. 4 Om nokon som høyrer hornljomen, ikkje bryr seg om åtvaringa, så sverdet kjem og riv han bort, då er han sjølv skuld i sin død. 5 Han høyrde hornljomen, men brydde seg ikkje om åtvaringa. Difor må han sjølv ta skulda for sin død. Hadde han late seg åtvara, hadde han berga livet. 6   No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død. 7   Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg. 8 Når eg seier til ein gudlaus mann: “Du skal sanneleg døy”, og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy fordi han har synda. Men deg krev eg til rekneskap for hans død. 9 Men åtvarar du han mot hans gudlause liv for at han skal venda om, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy fordi han har synda. Men du har berga livet.

FRK 3,11 – FRK 3,15   Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka og vera lukkeleg i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore, og det som skal henda, har hendt før. Gud tek fram att det som kvarv.

APG 20,26 – APG 20,32 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje. 28   Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! [med sitt eige blod: kan òg omsetjast: med sin eigen Sons blod; sml. Ef 5, 25; 1 Pet 1, 18 f.] 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.

ÅPE 22,18 – ÅPE 22,21   Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka; 19 og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka. 20   Han som vitnar dette, seier: “Ja, eg kjem snart.” Amen. Kom, Herre Jesus! 21   Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med alle!

MRK 16,19 – MRK 16,20 {JESUS VERT TEKEN OPP TIL HIMMELEN} Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. 20 Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med, og han stadfeste Ordet med dei teikn som fylgde med.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2015. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s