2016.04.17. Maranatha. Utvald i Kristus.

Gud har valt meg ut frå før verda vart grunnlagd. Møte i Maranatha 17.4.2016.

Tale ved Håkon Martinsen.

SLM 51,11 – SLM 51,14   Løyn ditt åsyn for mine synder,  og stryk ut all mi skuld!  12   Gud, skap i meg eit reint hjarta,  gjev meg ei ny og stødig ånd! 13   Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,  ta ikkje frå meg din Heilage Ande!  14   Lat meg atter få fryda meg over di frelse,  hald meg oppe med ei viljug ånd!

Så talte han mykje om Peter som var så ustabil, Simeon betyr ustabil. Det gjekk opp og ned med han, men han ville oppnå noko.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For eg er Gud den allmektige. Eg talte og det skjedde, ja, eg baud og det stod der, eg er den uforanderleg og urokkelege. Eg har kalla deg ut nettopp i ei tid som dette. Eg har utvalt deg før eg talte og det skjedde, ja, før verda sin grunnvoll vart lagt, så er du utvalt. Eg hadde dine tankar lenge før du kunne tenke dei. Eg la mine ord ned i deg. Men enno ein gong, så skal du få kjenne mine tankar, mine ord skal bli lagt ned i din munn og derfor om du søke meg til fornying i denne tid, så vil eg Herren, fornye deg, slik som i fordoms tider, slik er eg den same. Eg gjer under og teikn og mirakel, for eg er den einaste sanne Gud. Eg er den trufaste Gud. Og eg veit om alle dine prøvingar og vanskar, derfor, sjå ikkje etter hjelp nokon annan stad, men bring det fram for meg, du som har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile og eg vil gje deg fred og glede og rettferd, utaust i ditt hjerte ved den gode Heilage Ande. Så søk meg, medan eg enno er å finne.

Facebook kommentarar.

Ein bodskap til meg.

Jesus har nyleg sagt at eg skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg, eg skal søke han fyrst. Eg sat og tenkte på dette og at vi er Guds verk, skapte i Kristus til gode gjerningar som han har lagt ferdige for at vi skal vandre i dei (Ef.2,10) Predikanten las David sine ord: skap i meg eit reint hjerte og gjev meg ei ny og stødig ånd (salme 51,12). Ja, Gud har gjort sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande, det vil eg takk og ære han for og så overlate det til han å fullføra det. I slutten av møtet kom der ein bodskap som eg forstår var til meg.

I Oslo var eg einsam og forlatt, så eg reiste til sjøss.

I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, men eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Oslo og Jesus a til meg at han ville snakke med meg. Ja, han har jamt talt til meg gjennom tyding av tungetale sidan eg var ung, slik har han svart på mine bøner og når eg byrja å studere i Oslo i 1984, byrja eg å svare ved å skrive til forstandaren og vedkjenne korleis dette talte til meg. Sidan eg no framleis var einsam, kunne eg like gjerne vere langt vekke herifrå, så frå 1997 dreiv eg jamnt med tråling, først på ferskfisktrålaren Varak (1997-2001), der vart eg tillitsmann og partane i nærinslivet høyrde på meg. Sidan vart eg med fabrikktrålaren Havbris (2002-2008), der vart eg andrebas. Ja, så hadde eg nokon å prate med.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og han har vore med meg og forkynt den sjølv også.

I 2008 hadde eg slutta med tråling og hadde tenkt meg over på supply. Men så var eg på eit møte i pinsemenigheta på Åheim og der kom ein bodskap gjennom tyding av tungetale, som fekk meg til å forandre planar:

Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnheit og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrekt tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du så sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.

Eg tenkte spesielt på Paulus sine ord om at Jesus er hovudet for mannen og manen er hovudet for kvinna, slik er Kristus hovudet for kyrkja som er has brud. Dette ordet er ånd og liv, fordi Jesus lever, han er den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd.

Eg hadde ei cand-mag-grad i realfag, matematikk, fysikk, informatikk, men hadde venta i mange år utan å gjere noko meir med det, ei rimeleg fortsetjing ville vere å ta pedagogisk seminar, som om det var ferdiglagt fortsetjing, så eg reiste til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning. Sidan søkte eg på lærarjobbar utan å få noko. I staden vart det meir realfag, data, biologi og kjemi.

Paulus sa også at vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som han har lagt ferdige for at vi skal vandre i dei. Er det noko Gud har skapt oss til, så passar vi til det også og då skal vi få kjenne det slik i vårt indre menneske.

Så for eg tilbake til Oslo og vitna i dFEF om at Jesus hadde sendt meg med ein frigjerande bodskap. Eg hadde bedt han om å gje meg ei kone og no skal ho verte fri og frelst, så ho kan vere saman med meg som kona mi. Men dette ville dei ikkje høyre på, dei påstod at det var den først Adam som levde. Men legge merke til at eg sa ikkje kven ho var eller skulle vere, eg sa berre korleis eg har bedt sidan eg var ung, eg kjendest ved Jesus og vedkjende det svaret han har gitt meg og det gjorde eg rett. Men dette var som å gå opp til eksamen og svare rett med få feil og stryke, fordi du er den du er, du er ikkje “rette typen”, du er ikkje ein del av “rette gjengen”. Dette vise at det er verdslege maktinteresser som tel meir enn å ved kjenne Jesus som vår frelsar og Herre. Men då er systemet korrupt.

Men Jesus var med meg og kalla Sions dotter til å frigjere seg.

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og han har sjølv forkynt den gjennom tyding av tungetale, til dømes i dFEF 12.2.2011:

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre h
øve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

Jesus kjem til å dømme nasjonane utifrå kva dei gjorde eller ikkje gjorde mot ein av hans minste små. Det har med den individuelle fridomen å gjere.

Jesus talar om at han skal dømme nasjonane og då tenker eg på likninga om sauene og geitene, ver nøye med at du tidleg kom inn i nåden, at du tok imot Guds rike som eit lite barn, som ein av Jesu minst små, som treng Faderen omsorg, så du stiller deg mellom sauene, dei hadde omsorg for ein av Jesus minste små, sjølv om dei ikkje var klar over det, Jesus stadfesta det og velsigna dei, men dei spurde han når gjorde dei det. Men han viste frå seg geitene fordi dei ikkje hadde gjort det, legg merke til at han dømde dei ikkje for noko dei hadde gjort, men for noko dei ikkje hadde gjort, men som dei altså burde ha gjort. Dei spurde han … kva tid har vi sett deg framand og ikkje teke imot deg… ham svarde dei at det dei ikkje har gjort mot ein av mine minste små, det har de ikkje gjort imot meg.

 

About SivertsHjørne

Eg er oppvoksen på eit lite småbruk på Sunnmøre, med utsikt mot fjord, hav og øyar. Småbruket var ein stor leikeplass og det vart fisketurar og fjellturar, men det vart også mykje praktisk arbeid og eg vart fiskar, har drive tråling. Eg vart tidleg med på kristne møte og har halde fram med å gå på slike møte. Eg har studert realfag, matematikk, fysikk og informatikk. Likevel vart eg trålfiskar på heiltid, men no har eg teke praktisk pedagogisk utdanning utvidar fagkretsen med biologi og kjemi. Eg har studert realfag.
This entry was posted in Kristne møte 2016. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s